Setesdal Austhei


Setesdalsprosjektet

Frå 2006 til 2010 blei det gjennomført eit felles GPS-merkeprosjekt i Setesdalsheiane, som omfatta både Setesdal Austhei og Setesdal Ryfylkeheiane. Styringsgruppa i dette prosjektet var samansett av mange ulike brukarinteresser og dette spegla fokusområda som blei utpeika.

På Austheia har det i tillegg til utvekslinga mot Vestheia over Rv 9, vore eit viktig fokus på kryssinga ved Bjørnevatn på veg til og frå kalvingsområde og sommarbeite i sør og vinterbeite i nord. Her er det òg gjort analyser på kva innverknad denne kryssinga har på dyra med omsyn til stress/aktivitetsnivå, forsinking til kalvingsområda m.m. NINA publiserte ein eigen artikkel på akkurat dette i 2013, og denne kan du lese her: 

A road in the middle of one of the last wild reindeer migration routes in Norway: crossing behaviour and threats to conservation (pdf)

NordfjellaMerking.jpg

Sluttrapporten for Setesdalsprosjektet kom i 2011, og fullstendig versjon kan du lese her:

"NINA Rapport 694: Villreinens bruk av Setesdalsheiene. Sluttrapport fra GPS-merkeprosjektet 2006–2010. Olav Strand, Manuela Panzacchi, Per Jordhøy, Bram Van Moorter, Roy Andersen og Lars A. Bay" (pdf).

Dersom du bare vil ha kortversjonen, kan du lese oppsummeringa her:

NINA: Villreinens bruk av Setesdalsheiene. Oppsummering av resultater fra GPS-merkeprosjektet 2006-2010 (pdf).

I 2018 blei det på nytt etablert eit GPS-merkeprosjekt på villrein i Setesdal-Austhei, saman med GPS-merking av villrein i Brattefjell-Vindeggen. Målet med dette prosjektet er å skaffe meir kunnskap om villreinens bruk av skogareal gjennom året og beitepreferansar i skog. GPS-data frå Rondane Sør er også med i dette forskingsprosjektet som utførast i eit tett samarbeid mellom Universitetet i Sørøst-Norge og NINA.

Den 19. mars 2019 blei det difor instrumentert tilsaman åtte simler i Setesdal-Austhei og Brattefjell-Vindeggen, derav ei i kvart område også er utstyrt med kamera for video-opptak.

Prosjektet leiast av ei breitt samansatt styringsgruppe med representantar frå kvart av områdas kommunar, villreinforvalting, kraftregulantar, verneområdestyre og fylkesmenn. Styringsgruppa leiast av fylkesmannen i Vestfold og Telemark, er under fagleg leiing av NINA og Norsk villreinsenter Sør er sekretariat.

Det er også i dette prosjektet organisert ulike delprosjekt med kvar sine arbeidsgrupper:

1) Beitepreferansar og bruk av skog

2) Bjørnevatn og ferdsel i Setesdal-Austhei

3) Brattefjell-Vindeggen

Årsmelding som oppsummerer oppstarten av dette prosjektet kan du lese her.

Kart som syner fokusområda i Setesdal Austhei og Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane. Last ned kartet i større utgåve (jpf)