Nordfjellla


Merking

Då merkeprosjektet på villrein i Nordfjella kom i gang i 2006, var det mellom anna med bakgrunn i at ein ynskte å sjå nærare på villreinens bruk av desse leveområda, og samanhengen mot Hardangervidda. Nordfjella er eit område med mykje tung infrastruktur som vegar, jernbane og kraftutbygging, og reinens forhold til desse inngrepa er av særleg interesse.

NordfjellaMerking.jpg

Gjennom styringsgruppemøta er det kome innspel til meir konkrete fokusområde i Nordfjella for inneverande prosjektperiode. Dette er mellom anna kryssinga av Bergensbanen over Finsetunnellen, reinens bruk av områda rundt Geiterygghytta, bruken av områda sør for Hardangerjøkulen, kryssinga av Rv 50, forholdet til dei store vassdragsreguleringane med opne elver m.m.. I tillegg blei villreinens biologiske leveområde kartlagt og utgitt i ein rapport i 2010, i samband med oppstart av regionalplanarbeidet for området. Denne rapporten kan lastast ned her:

NINA Rapport 634: Villreinen i Nordfjella
 

I arbeidet med regional plan for Nordfjella er det også gjennomført andre forskingsprosjekt med stor nytte for villreininteressene. Rapportane frå desse prosjekta finn du under fana "Regionale planer" og "Nordfjella". 

Då ein fornya GPS-merkeprosjektet på Hardangervidda og i Nordfjella i 2016 var det klart at fokuset i Nordfjella skulle dreie seg om forholdet til vasskraftreguleringar og -revisjonar og difor vart NVE og kraftbransjen i området sterkt involvert. Då ein like etter fann skrantesjuke (CWD) hjå villreinen i Nordfjella Sone 1, har GPS-merkinga av den resterande villreinstamma i Nordfjella Sone 2 vore handtert som forvaltingsmerking direkte under Miljødirektoratet. Både for å følgje opp at reinen ikkje trekker inn i dei brakklagte områda i Sone 1, samt for å følgje opp bestandsforvaltinga i Sone 2 mellom anna med tanke på reintroduksjon til Sone 1 etter at brakkleggingsperioden er ute. Samstundes nyttar ein GPS-datainnsamlinga frå dei intrumenterte dyra til løyse den opphavelege oppgåva i prosjektet, med å følgje opp reinen i forhold til revisjonsarbeida på vasskraftanlegga i området.


Kart som viser fokusområdene i Nordfjella:

1)  Fjellvegen Aurland – Lærdal (Rv 243).

2)  Utveksling Nordfjella – Hardangervidda, samt Raudafjellområdet. Bergensbanen, Rallarvegen, Finseområdet og Uppsete.

3) Geiteryggen, Rv 50.

4)  Rv 52, Filefjell. Grense til tamreinområde.

5) Austlege vinterbeite.

6) Gravdalsområdet.

7)  Kongsheller.

8)  Viddalsdammen. Utveksling til vinterbeite på Tarven.