Vinter og reinsjakt


Ei helleristning frå Zalavrouga ved Kvitsjøen, frå eit austsamisk område, viser ein jaktscene truleg frå  tidperioden ca 2000-15000 før Kr. Og sjølv om denne jaktscenen handlar om elg, viser ein tydleg korleis eit jaktlag kunne utføre drivjakt på ski. Spora fortel at jakta har gått føres seg i eit vekslande terreng der jegerane har kome på skothald i ein utforbakke og har avfyrt piler mot elgane. Illustrasjonen er henta frå boka til Birkely.

Me har mange døme på korleis ein fanga eller jakta rein sommarstid i riktig gamle dagar, i veidekulturen. Men korleis greidde ein å jakte rein vinterstid? Behovet for kjøt og skinn var vel ikkje mindre då? Går me til samiske kjelder finst det nokre døme på nettopp dette.

I boka ”I Norge har lapperne først indført skiene” av Hartvig Birkely, fortel han at villreinfangst var ein hjørnestein i  veidesamfunnets utnytting av ressursane.  Han hentar blant anna døme frå Kemiområdet i Finland. Metodane varierte etter kva for moglegheiter ein hadde for å utnytte samspelet mellom dei naturskapte og kulturskapte elementa  i områda til dei ulike siidaene, skriv Birkely. Han refererer den finske professoren Helmer Tegengren som fortel at ”..drevjakt på vildren odkades (blei drive) om vårvinteren. Lapparna rände på skarsnö på skidor efter renen och stack ned den med ett spjut”. Poenget var då at snøen måtte vera av slik type at det var ein fordel for skiløyparen, til dømes nattskare som ber ein skiløypar, men ikkje eit reinsdyr.

Frå Finnmark har me ei liknande skildring, ført i pennen av Knut Leem i boka ”Beskrivelse over Finmarkens lapper”. Ein annan jaktmetode med andre typar ski, har vore det som samane kallar conju, som har gått føre seg på hardare snø, som også bar reinen. Då blei truleg spjotet erstatta med pil og boge, og seinare med gevær. Med skinnbelagte ski, som ikkje gav frå seg ein lyd, kunne då jegeren snike seg inn på reinen, innafor rekkjevidde av pil-og bogeskot. Med raskare ski kunne jegeren òg koma på skothald for ein rein som flykta i ein utforbakke. I høve til slike ski, veit me at ei uvanleg godt bevart ski, 172  cm lang og 15 cm brei og med bindingen intakt, blei funnen av arkeologar i ei fonn i Reinheimen sommaren 2014. Skia visa seg å vera 1300 år gammal. Fylkesarkeolog Espen Finstad i Oppland reiste til Altajfjella i Kina, der dei har bevart eldgamle skitradisjonar, blant anna ved å bruke skinnbelagte ski under jakt. Det høyrer med til historia at etter dette besøket kom ein delegasjon med jegeren Ma Ligin i spissen frå Kina til Lom og demonstrerte teknikken med slike ski i  Lomsfjella.

Sjå elles denne linken:

https://www.nrk.no/ho/varmere-klima-avslorer-fortida-1.11971057

 

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing