Villreinjakta på Hardangervidda


Av ein kvote på 6000 dyr blei det på Hardangervidda i år felt 1376 dyr. Foto Kjell Bitustøyl

Av ein kvote på 6000 dyr blei det på Hardangervidda i år felt 1376 dyr. Foto Kjell Bitustøyl

På det årlege haustmøtet for Hardangervidda, kom det fram at ingen dyr testa positivt for skrantesjuke (CWD). Resultatet av årets jakt var 1376 felte dyr, av desse kom det inn prøver frå 931 vaksne dyr.

Det var hovedsakleg hjerneprøver som blei tatt av desse 931 dyra av i alt ca. 1200 vaksne dyr. Leiar i Hardangervidda villreinutval, Svein Erik Lund, seier at ein er godt nøgd med at så mange prøver kom inn. Jegerane har vore flinke til å følgje oppmodinga om å ta prøver og sende inn. Likevel meiner Lund at det er for få prøver til at ein kan friskmelde Hardangervidda heilt for skrantesjuken.
    
1376 felte dyr – fordeling
Kvoten var 6000 dyr, derav 2100 fridyr og 3900 simle/ungdyr. På kvart av simle-/ungdyrkorta kunne det i tillegg fellast kalv, slik at reell kvote var 9900 dyr. Fellinga var på totalt 1376 dyr. Analysen av korta viser at 40 % av alle felte dyr var bukkar, 44 prosent var simler/ungdyr og 16 prosent var kalvar. Jaktresultatet og kalveteljinga før jakta (1673 kalv) tilseier ein liten reduksjon av bestandsstorleiken, i fylgje Lund. Stamma skal no vera  i underkant av 10 000 dyr. Årets kalveteljing og jaktforløp gjev grunnlag for ein ny gjennomgang av alle bestandstal og teljingar før ein eventuelt tek ei ny vurdering av bestandssituasjonen, skriv Hardangervidda villreinutval på sine nettsider.

Fredingssonene
Villreinutvalet skriv òg at ein no har prøvd ut fredingssonene i fem år, og at det varierer ein heil del korleis desse har fungert, om desse sonene har hatt ein ønska effekt. Den største fredingssona frå fylkesgrensa mot Ullensvang og Eidfjord og vestover ser ut til å ha virka positivt slik at reinen har trekt vestover inn i Hordaland. Her vil det vera naturleg å vurdere ei vidareføring, skriv villreinutvalet. Medan erfaringane frå dei andre fredingssonene er meir usikre, her kan det bli snakk om ei anna utforming, ein vil òg sjå på om nokon fredingssoner berre skal vera delar av jaktperioden eller heile jaktperioden, i fylgje villreinutvalet.

Fellingstal kommune for kommune
Tala for fellingane geografisk ser slik ut (kvote utan kalv i parentes):

  • Vinje: 362 (1133)
  • Nore og Uvdal: 75 (1079)
  • Ullensvang: 150 (771)
  • Eidfjord: 250 (890)
  • Tinn: 317 (852)
  • Ulvik: 26 (245)
  • Odda: 153 (707)
  • Hol: 42 (286)
  • Aurland: 1 (21)
  • Rollag: 0 (16)

Last ned fullstendig kortanalyse her.

 

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing