Villreinen stadig meir innestengd i Setesdal Vesthei


Det er eit auka press på å leggje ut nye skiløyper, blant anna i Hovdenområdet. Foto: Kjell Bitustøyl.

Det er eit auka press på å leggje ut nye skiløyper, blant anna i Hovdenområdet. Foto: Kjell Bitustøyl.

Som me har sett av ein nyleg rapport om oppdeling av villreinområde, kan dagens 23 villreinområde bli oppdelt til 30 villreinområde. Eitt av dei villreinområda som kan bli delt opp er Setesdal Vesthei.

Peter Hermansen i Statens Naturoppsyn (SNO) på Bykle uttalar til avisa Setesdølen (23.03.2017) at ”Kraft- og vegbygging i heiane dei siste åra har skapt barrierar som dyra slit med å kome forbi”.  Eit anna problem er aukande turisme og med det, auka trafikk i villreinens leveområde.

Peter Hermansen i SNO seier i ein kommentar til villrein.no at området som verkeleg er ein barriere mellom sør og nord i Setesdal Vesthei, er aksen Bossvatn-Blåsjø. I praksis er dette no to villreinområde, meiner han, eitt nord og eitt sør for Blåsjø. I dei åra han har vore i SNO, dvs. i 16-17 år, har det i praksis vore svært lite utveksling av rein mellom desse to områda. Hermansen seier òg at ferdselsforbodet som kom i 2001 i denne ”flaskehalsen”, og som er noko av det strengaste i landet, ikkje førebels har ført til at reinen brukar området, og at det så langt ikkje har gjeve noko målbart resultat, men at det etter meir tid kanskje vil skje at reinen vågar å ta i bruk området att.

Hermansen fortel at stamma i nord er monaleg større enn stamma i sør, utan at dette er talfest, og at avskjotinga i sør òg har vore lågare med tanke på at ein har ynskt å auke denne stamma. Han held òg fram eit anna moment som kan vera årsak til at der ikkje har vore særleg utveksling mellom sør og nord i Setesdal Vesthei, nemleg at det er snakk om små bestandar som kanskje ikkje har hatt det behovet for å utnytte randsonene.

Utfordring med skiløyper
Bykle kommune har ca. 950 fastbuande, men i den travlaste turistsesongen, for eksempel påska, kan talet i Hovden-området auke til nærare 30 000 menneske. Og i dette området satsar dei stadig på nye hytter og leilegheiter. Dette fører naturleg med seg eit auka press på å leggje ut nye skiløyper. I eit oppslag på NRK Sørlandet forslår turistsjefen i Bykle kommune, Lasse Eidskrem, at ein kanskje må tenkje nytt og opprette eit varslingssystem for villreinen, altså opne eller lukke løyper etter som ein ser kvar reinen er. I same oppslag uttalar nestleiar i villreinnemnda for Setesdalsområdet, Tommy Vatslid, at ein må snakke saman og finne løysingar, for det må vera plass til alle, meiner han. Han er av den oppfatning at dei alt har tatt nokså mykje av området til skiløyper inn i fjellområdet, og at om folk vil endå lenger inn, så må dei ta på seg fjellski og ta ein tur.
 
Peter Hermansen er skeptisk til om dette med varsling er mogleg å få til. Han har ikkje noko tru på ei slik ordning med “grønt, gult eller raudt ljos” i skiløypene. For som han seier: ”Om føret blir bra så kan folk berre gå utanom løypene, for fri ferdsel er eit gode me har”. Han har meir tru på haldningsskapande arbeid, det å få folk til å oppføre seg bra og ta omsyn til reinen. Og så har han òg eit anna poeng, han meiner at det er positivt at ein og annan turist på Hovden ser ein reinsflokk inni blant. Slik at folk veit kva dette dreiar seg om. Når det gjeld skiløypene, seier han at trafikken ikkje er særleg stor mesteparten av tida, og at om ein ser behovet for fleire løyper, kan vel dette gjerast innafor eksisterande område, altså ei form for fortetting av eksisterande løypenett.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing