Villrein på raudlista


Villrein frå Brattefjell Vindeggen på vinterbeite. Dette villreinområdet er av dei mindre områda med eiga villreinstamme, tidlegare var det utveksling mellom Hardangervidda og dette området. Foto: Kjell Bitustøyl

Villrein frå Brattefjell Vindeggen på vinterbeite. Dette villreinområdet er av dei mindre områda med eiga villreinstamme, tidlegare var det utveksling mellom Hardangervidda og dette området. Foto: Kjell Bitustøyl

Den nyleg avslutta IUCN-kongressen – den Internasjonale naturvernunionens verdskongress – kom med ei oppdatering av den globale raudlista for truga artar, og på denne lista blir no villrein for fyrst gong vurdert som truga. Dette skriv leiar for Norsk Villreinsenter Sør, Marianne Singsaas, i ein kronikk i avisa Nationen.

Bakgrunnen er at på verdsbasis har villreinbestanden dei siste 25 åra blitt redusert med ca 40 % i fylgje IUCN sitt ekspertpanel, frå om lag 4,8 millionar individ til 2,9 millionar individ. Ei av dei viktige årsakene er i fylgje Singsaas at villreinen blir sterkt påvirka av arealendringar, som infrastruktur, hogst og industriutbygging. Halvparten av villreinen sine leveområde har forsvunne dei siste 150 år, dette gjeld over heile den nordlege halvkule , skriv Singsaas.

 I Noreg har me villrein i 23 meir eller mindre isolerte område, og den totale bestanden er på ca 35 000 vinterdyr. Noreg har med det dei siste restane av den europeiske tundrareinen i fylgje Singsaas, noko som gjer at Noreg har eit særleg internasjonalt ansvar for å ta vare på villreinen.

Auka fragmentering
Eit auka energibehov legg press på utbygging av dei siste vasskraftressursane og også vindkraftanlegg i villreinområda. Saman med utbygging av infrastruktur har dette ført til auka fragmentering av villreinen sine leveområde. GPS-merking av villrein viser at faren er stor for at me vil få ei ytterlegare fragmentering, ei fragmentering som langt på veg kan knytast til auka turisme og ferdsel i fjellet, skriv Singsaas.

Bestanden i Noreg har over tid vore relativt stabil i Noreg, noko Singsaas meiner er eit resultat av solid og velfungerande bestandsforvalting gjennom jakt. Når ho no tek til orde for at varsellamper lyser, er det av di fleire beiteområde blir redusert gjennom stadig fragmentering. I tillegg kjem fleire tilfelle av fotråte, svelgbrems og hjernemark hjå reinen, og i vår kom fyrste tilfellet av CWD – skarantesjuke- i Europa, på ein villrein frå Nordfjella. Dette kan ifylgje Singsaas ha ein samanheng med tettare bestandar kombinert med klimaendringar.

Tiltak
For å motvirke denne negative utviklinga for villreinen er det ikkje er tilstrekkeleg med enkeltvise verna område, skriv Singsaas, ho meiner at eit tiltak vil vera å opne opp att nokon av dei barrierane infrastrukturen har ført med seg, og med det opne for migrasjon mellom områda.

Kvalitetsnorm
Miljødirektoratet har no fått ansvar for oppfylging av ei kvalitetsnorm for villrein sett i lys av Naturmangfaldmeldinga som kom i fjor. Ei slik kvalitetsnorm vil i fylgje Singsaas få oss til å sjå meir heilskapleg på miljøkvalitet for villreinbestandane og med det setje i verk tiltak for bestandar som ikkje oppnår ein slik god miljøstandard. I fylgje Singsaas kan Noreg unngå å bli ein del av den internasjonale trenden der villreinen hamnar på raudlista.  Ei kvalitetsnorm kan slik vera med å sikre villreinen leveområde og med det overleving i framtida.

 

villrein.no – Kjell Bitustøyl