Veterinærinstituttet arbeider med å få til ein test av levande dyr


Det arbeides med å få til ein test for å kunne sjekke levende dyr for skrantesjuke. Foto: Kjell Bitustøyl

Det arbeides med å få til ein test for å kunne sjekke levende dyr for skrantesjuke. Foto: Kjell Bitustøyl

Når skrantesjuke-prøver blir tatt av villrein og andre hjortedyr, endar prøvene opp hjå Veterinærinstituttet. Det er dei som driv Helseovervakingsprogrammet for hjortevilt og moskus (HOP). Dette gjer dei på oppdrag av Miljødirektoratet. Instituttet er nasjonalt referanselaboratorium for prionsjukdomar hjå dyr, der altså skrantesjuke (CWD) høyrer heime. Å kunne påvise skrantesjuke utan å måtte ta livet av dyret, er ei viktig problemstilling som det blir jobba med i desse dagar.

Veterinærinstituttet er Norges laboratorium for vilthelse og viltsjukdomar. Her utfører ein obduksjonar og laboratorieundersøkingar av ville dyr, vilt i oppdrett, men òg eksotiske dyr frå dyreparkar. I tillegg blir det gjennomført ulike forskingsprosjekt omkring sjukdom og miljøgiftbelastning hjå dyr som lever vilt.

Knut Madslien er prosjektleiar for Helseovervakingsprogrammet for hjortevilt og moskus (HOP). På spørsmål om skrantesjuke, stadfester han at det pr. i dag er prøver fra hjerne/lymfeknute frå daude dyr som er den einaste sikre metoden for å påvise sjukdommen. Men samtidig har instituttet fått i oppdrag frå landbruksministeren å raskt koma i gang med forsking rundt denne alvorlege sjukdomen, og dei har fått oppstartsmidlar til denne forskinga. Eitt av fire delprosjekt handlar om etablere ein test for bruk på levande hjortedyr, dette forskingsarbeidet skal utførast i samarbeid med viltpatolog Turid Vikøren og professor Arild Espenes ved NMBU – Norges miljø- og biovitenskaplige universitet.

”Falske positive”
Madslien fortel at Sylvie L. Benestad , seniorforskar ved Veterinærinstituttet, arbeider med å utvikle ein metode der ein kan påvise små mengder prion (smittestoffet til skrantesjuke) ved å analysere møkkprøver, jordprøver o.l. Per i dag er denne metoden så usikker at ein opererer med det Madslien kallar ”falske positive”, altså at ein kan risikere å få positive utslag utan at dyret er smitta. Prøver fra hjerne/lymfeknute er så sikre at dei i denne samanhengen går under namnet ”gullstandard”.  Men Madslien ser ikkje bort frå at det i framtida kan bli aktuelt med ei to-trinns tilnærming; ein samlar fyrst inn møkkprøver o.l. og på den måten ”ringar inn” dei dyra som kan vera smitta, for så i neste omgang å bruke “hjerne-/lymfetesten” for å eventuelt å påvise smitten med ein sikker metode.

Ei framtidsvon: Å kunne påvise skrantesjuke på levande dyr
I høve til problematikken omkring nedskyting av ei heil stamme, slik som det har vore snakk om i høve til villreinstamma i Nordfjella sone 1, er eit svært relevant spørsmål dette; viss ein skyt ut all reinen i sone 1, korleis skal ein gardere seg mot at den nye reinen er frisk, altså ikkje smitta av skrantesjuke? I og med at forskinga på skrantesjuke no er eit prioritert felt, er håpet i fylgje Madslien at ein ”kjøper seg” tid til å utvikle sikrare metodar undervegs som kan brukast for å påvise skrantesjuke på levande dyr. Ein metode under utvikling går ut på å ta ut ein ørliten bit av endetarmen for analyse for smittestoffet. Ein slik test vil i fylgje Veterinærinstituttet ha stor nytteverdi, ikkje minst for tamreinnæringa og hjorteoppdrettarar i samband med sal av livdyr og flytting av dyr mellom område med ulik smittestatus, men òg i høve til reintrodusering av villrein i eit område.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing