Ungdom i Vang lærer om rein og reinslakting


Ida Marie Fjeld Ødegård har eitt godt grep om årskalven. Foto: Kjell Bitustøyl

Ida Marie Fjeld Ødegård har eitt godt grep om årskalven. Foto: Kjell Bitustøyl

Vang barne- og ungdomsskule i Valdres har sidan 2000 hatt eit opplegg med elevane på niande trinn for å delta på reinslakting på Golsfjellet kvart år i desember. Avtalen er slik at Filefjell Reinlag betalar ungdomane for det arbeidet dei gjer. Ein type vinn-vinn situasjon i fylgje læraren Harald Bøe.

Harald Bøe, lærar og miljøarbeidar ved Vang barne- og ungdomsskule, fortel at ideen om å bli med på reinslakting kom i samband med at både han og leiaren i Filefjell Reinlag, Asgrim Opdal, arbeidde i lokalpolitikken, og at dei var einige om at den oppveksande slekt meir burde få meir innblikk i lokale tradisjonar. Bøe på si side var i gang med eit opplegg i regi av skulen som ein kalla frinatt, det vil seie friluftsliv og naturoppleving. Dette starta opp i 1998 og handla om kva ein kunne finne på i fellesskap utanfor skulen og klasseromet. Dette blei sett i gang som eit prøveprosjekt for 9-klasse, men blei fast frå 2001.


Vinterslakting på Golsfjellet: Kuldegradene krabba under 20 minus denne desemberdagen. Då handlar det om å kle seg godt. Foto: Kjell Bitustøyl

Vinterslakting på Golsfjellet: Kuldegradene krabba under 20 minus denne desemberdagen. Då handlar det om å kle seg godt. Foto: Kjell Bitustøyl

Reindrifta i Vang har lange tradisjonar

Filefjell Reinlag har røter langt tilbake i tid, heilt til slutten av 1700-talet, knytt til Vang kommune. Noverande lag blei starta opp i 1945 og har over tid etablert seg med ei stabil og solid drift, pr. i dag Noregs sørlegaste tamreinlag. Samarbeidet med Vang barne- og ungdomsskule starta opp i 2000. Harald Bøe har vore primus motor for samarbeidet med reinlaget og fortel at faget i utgangspunktet inneheldt aktivitetar som klatring, rafting, snøholeovernatting og skiseiling. Vidare kanopadling og etter kvart drog dei òg på ei vekes segltur med ein skonnert. Øya Koster har vore eit mål for desse turane.

Initiativet til samarbeidet med tamreinlaget kom frå Asgrim Opdal, han lurte på om ikkje det å delta litt i reindrifta kunne bidra til å få elevane ut på tur. Men han var aller mest oppteken av at elevane i Vang skulle få meir kjennskap til, og kunnskap om, at der er reinsdyr i fjella lokalt, og at dette med reindrift har lange tradisjonar i Vang. Opdal seier at det handlar om at elevane får oppleve reinsdyra på nært hald. Å oppleve dyr slik har blitt meir og meir uvanleg, for også i samband med gardsdrift har naturleg omgang med husdyr er blitt meir og meir sjeldsynt, til og med i ei fjellbygd som Vang i fylgje Opdal.

Av og til besøkjer Asgrim Opdal skulen i Vang for å fortelje litt om reinen og reinsdrifta, det hender òg at ungdomane får vera med på inndriving av rein sommarstid.


Litt spente 9-klassingar som skal ha nærkontakt med reinsdyra for fyrste gong, instruktørar er Jørn Slettom (t.v.), reinsgjetar i Vågå Tamreinlag og Asgrim Opdal, reinsgjetar og leiar i Filefjell Reinlag. Foto: Kjell Bitustøyl

Litt spente 9-klassingar som skal ha nærkontakt med reinsdyra for fyrste gong, instruktørar er Jørn Slettom (t.v.), reinsgjetar i Vågå Tamreinlag og Asgrim Opdal, reinsgjetar og leiar i Filefjell Reinlag. Foto: Kjell Bitustøyl

Betalt oppdrag

Tilbodet frå tamreinlaget går ut på at elevane får betalt for jobben, altså ein typisk vinn-vinn situasjon ifylgje lærar Harald Bøe. Han fortel òg at einskilde elevar har vore veldige dyktige og har kome tilbake og arbeidd under slaktinga som “vanleg” innleigd arbeidshjelp. Slik har Vang barne- og ungdomsskule faktisk verva folk til denne aktiviteten.

Bøe fortel òg at ein lokal reinsgjetar har vore innom og demonstert lassokasting, vidare har elevane lært å lage pølse av reinskjøt. Blant anna blandar dei i reinsdyrhjarte som dei får med seg frå slakteplassen. Så god blei denne pølsa eitt år at Filefjell Reinlag ved Asgrim Opdal kjøpte alt saman “tilbake”.


F. v.: Gard Berge Kvien, Amalie Østborg Johansen, Åsne Veflen Tveit, Jonas Sandsengen Neshagen, Isak Thune Skeie, lærar Harald Bøe, Ida Marie Fjeld Ødegård (med ryggen til). Foto: Kjell Bitustøyl

F. v.: Gard Berge Kvien, Amalie Østborg Johansen, Åsne Veflen Tveit, Jonas Sandsengen Neshagen, Isak Thune Skeie, lærar Harald Bøe, Ida Marie Fjeld Ødegård (med ryggen til). Foto: Kjell Bitustøyl

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing