Kalveteljing nr 2 på Hardangervidda

Den 3. juli blei det gjennomført ein ny kalveteljing på Hardangervidda. 1504 kalvar blei funne. Dette er noko færre enn ein fann i juniteljinga, men Hardangervidda villreinutval har ei forklaring på spriket.

Les også «Kalveteljing på Hardangervidda» (villrein.no)

Etter fyrste kalveteljinga på Hardangervidda gjennomført i juni månad, blei det gjort ei ny kalveteljing 3. juli. Områdene som denne gongen blei undersøkt, var Valldalen, Songa og Kvennadalføret. På førehand var det rekognosert med fly og peila radiomerka dyr.

Seks flokkar blei funne, to av dei var større fostringsflokkar, dei blei observert samtidig, og det er difor 100 % sikkert at dette var to forskjellige flokkar. Åtte av dei ni radiomerka simlene som hadde oppdaterte teljeposisjonar på teljedagen, blei funne, sju av desse fanst i flokkane. Ei blei ikkje funne, men denne fann ein under rekognoseringa to dagar før. Under fotograferinga smelta ein av dei større flokkane saman med ein mindre flokk. Difor fotograferte ein dyra på nytt. Sjå bilet i galleriet her.

Hardangervidda villreinutval opererer med eit kalvetal på 1504, nokre færre kalvar enn 12. juni, og nokre fleire simler/ungdyr (SU) enn i fyrste teljinga, i alt 3.520. Denne teljinga gjev ein kalvetilvekst på 42,7 k/SU. I oppsummeringa heiter det at ein fekk betre bilete frå kalveteljinga i juni, på grunn av at det var betre og skarpare bilete. Difor meiner ein at kalv kan ha blitt oversett og tekne for mindre bukk under juliteljinga, slik at talet på kalv truleg er litt høgare enn 1504. Legg ein på 100 kalv og trekkjer frå 100 SU harmoniserer resultatet relativt bra med teljinga i juni. Då landar ein på 47 k/SU, nokså nær resultatet frå 12. juni.

Ein faktor som må takast med, er kalvetapet i perioden mellom fyrste og andre teljing. Dette veit ein utifrå blant anna kunnskap henta frå tamreinnæringa der det er kjent at det tidlege kalvetapet, dvs. den fyrste månaden, kan vera omfattande, spesielt gjeld dette små kalvar født av lette simler. Villreinutvalet meiner at ut frå desse teljingane vil det vera naturleg å ta utgangspunkt i eit kalvetal på 1.600 dyr ved jaktstart 2018.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing

Minimumsteljing i Snøhetta

Den 1. mars vart det gjennomført minimumsteljing i Snøhetta. Det var gode sporforhold over store deler av området, gnistrande kaldt, vindstille og sol.

Gode sporforhold ved Snøhetta. Foto: Heidi Vognild

Gode sporforhold ved Snøhetta. Foto: Heidi Vognild

Flokkane vart fotografert frå helikopter av Arne Johs. Mortensen, SNO. Tommy Sønsterud, Lesja fjellstyre, og Ingolf Røtvei, Oppdal bygdealmenning, var med for å finne reinen.

I Snøhetta vest vart det funne 814 rein. Dette var ei vellykka teljing, og over forventa ut frå bestandsmålet på vestområdet som er på 800 dyr.

I Snøhetta aust vart det berre funne 1483 dyr. Villreinutvalet kategoriserer dette som mislykka, og ønsker å få til ei ny teljing når ver og føre tillèt det. Sjølv om forholda var gode i Lesja og Dovre, var det vanskelegare lenger nord  og retning Oppdal, skriv dei på si Facebook-side.

Det var ein ledig plass i helikopteret, og som nytilsett naturveiledar var det ei stor oppleving å få vera med på teljing.

 

Villrein.no - Heidi Vognild