Gamle sagaer om reinen

Ein tsjekkisk forfattar, fotograf, eventyrar og forskar, Václav Marek (1908-1994), kom som ung mann til Susendalen i Børgefjell i 1933. Der busette han seg hjå samane og blei buande der i heile 15 år. Etter at han hadde flytt tilbake til Praha gjorde han seg ferdig med manuskriptet til ei bok: ”Samane i Susendalen” i 1979.

Marek var interessert i den samiske kulturen og bygda han kom til, han samla kunnskap og deltok i gardsabeid og reinsgjeting, han var òg fangstmann og jeger. Etter at han hadde flytt tilbake til Praha gjorde han seg ferdig med manuskriptet til ei boka i 1979. Men det skulle gå ein del år før boka kom på trykk. Dette skjedde i 1992 med økonomisk hjelp av Hattfjelldal kommune. Samisk kultursenter ved Leif Elsvatn tok på seg arbeidet med å tilrettelegge stoffet for utgjeving. Her skal me berre ta med ein liten saga om reinen, fortalt til Marek av Lars Tomasen Børgefjell, som høyrde til ein av sameslektene i området.

Boka er å finne digitalt på denne adressa.

“Samene anser en vit ren for å være som lykko-ren. Det heter at en vit ren er reinhjordens stjerne – en lykke-stjerne. Før i tida var det bare vita renar. Vit ren kalles på lapska for klovse.

Dette at lappene her i distriktet synes best om vita renar kommer seg kanskje derav, at de lyse og vita renarna har bedre for å berge som om vinteren for rovdyran.

Illustrasjonsfoto: Kjell Bitustøyl

Illustrasjonsfoto: Kjell Bitustøyl

Men det første villdyr lappan temte var elgen. Og det hendte her i Nord-Skandinavia – i Norge og Sverige. Lappan vart fortrengt av germanerne – nordmennene – og vart nødt til å flytte. Først flykta dom til avsidesliggende skoger, og der fortsatte dom med jakt på rein og elg. De fanga dessa dyra i jaktgraver og dyregraver og drap dom me’ sine gamle våpen. Men reinen holdt til mest i fjellet og så vart det sidan bare elg man sku’ jakte på – og til slutt forsøkte man å temme elgen. Det gjekk – for så vidt – men elgen var for stridig og så hadd’n vanskeligere for å ernære seg om vinteren. Og dessuten så hendte de’ ofte, at tamme elga i skogen vart røva av nordmenn. Lappen vart altså fortrengt på nytt – og denne gangen til fjells. Og der begynte han å temme rein – for renen holdt seg meir på viddene og i fjellet – langt frå låglandet og kysten – så nordmennern ikke nå dom så lett.

Det fortelles at temminga av rein begynte på det viset, at lappan først fanga ei levende simle i ei dyregrav – ilag med reinkalven – og desse to reinan prøvde dom å temme. Sidan gjekk det lettar, også under jakta, for me’ hjelp av desse tamme reinan fekk dom lokke til seg andre villreina. De ville dyra kom ilag med de tamme, som de hadde fra før – og da gjekk det bedre å temme desse nyere og…

Og slik gjekk det altså til at lappan slutta å temme elgen og bynte me’ reindrifta. Det finnes – innom denne lappby – gamle vister, der man har fanga villrein i fangstgraver. De var mest i Golverskaret og inne i Rørskaret. Desse fangstgravene kaltes på lappisk – gedtie-gropte. Men de hadde også fleire navn. Gropte det betyr grav i allminnelighet – men benevnelsen vart også brukt i forbindelse med jakt – men eit gammelt navn på jaktgrav eller fangstgrop var vupme. Ei slik var gravd som eit djupt, trekantig hol i jorda som var så trangt, at det var umulig for dyret å snu seg der inne, eller komme seg opp. Det vart gravd på slike steder, der man visste at rein- og elg-trekket gjekk. Det var mange slike graver på andre sider av Susna – oppe imot Kroken, Atterlia – men også på sørsida av Tiplingselva. Slike hol har man som regel gravd på ei smal slette – i eit pass mellom elva og ei bergbratte.

Illustrasjonsfoto: Kjell Bitustøyl

Illustrasjonsfoto: Kjell Bitustøyl

Ka bjørnjakta angår – det lyt være sikkert, at gamlelappan aldri var redd bjørnen – fekk dom bare rede på’n i tide. Som mest tok dom bjørnen ved vinterhiet hans om hausten, da han er feitast. Det er eit gammelt bjørnehi oppe på Susenfjellneset, aust om gården Elsmo/Håberg – og så fleire bjørnehi mellom Mjølkelva og Lille Susenelv. Gamlelappan fortalde at bjørnen gjekk i hi om hausten den 14. oktober – og denne dagen kalte dom – daelvie-jijje – vinternatta. Og så gikk han ut av hiet den 14. april – giesie-jijje – sommernatta.

Man kunne jo ta bjørnen også ved andre anledningar – men det syntes man ikke om – det var ikke riktig rett.”


villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing

Småstubbar om villrein

Lokalhistorikar Knut Hermundstad frå Vang i Valdres er ein som har skrive ned mykje tradisjonsstoff om villrein og villreinjakt. Me tek her med tre små stykke som handlar om villrein, veiding og overtru. Stykka er henta frå boka "Truer om villdyr, fangst og fiske" frå 1967.

Ei "tyngd" varsla om villrein

"Ola Skjefte, godfar min, tala jamt om at han kjende på seg når villreinen var nær ved. Då kom det over han ei merkeleg tyngd, så han fekk slik hug til å sova. Då laut han ta seg saman, for då var det straks før han fekk sjå villrein."

Maning og fjetring

Dei veidarar som var dugande i yrket sitt, fekk jamt det ordet på seg at dei kunne mana villreinen til seg og fjetre han, så dei fekk skjote så mykje dei ville. Det er òg sikkert at sume av dei gamle veidemenn trudde på denne trolldomen. Ja, dei ikkje berre trudde på han, men dei fekk tak i svartebokformlar, som dei mulla på når dei såg villrein. Hjå ein av dei fremste gamle veidemenn i Valdres fanst det mellom nokre gamle papir etter han ei "fjetrebøn." Ho lyder ordrett slik:

At fjætre. Hør du mand stat stille paa stand, mens jeg gaar min vei frem. Guds Haand over mig, jernbaand på dig i 3 navn Gud Faders Søn og Hellig Aand, Ammen.

Her kunne ein sjølvsagt berre setja "Rein, simle eller bukk i staden for "mand", så var bøni til bruk for veidaren.

Illustrasjon henta frå boka "Den dragende flok" med tekst og teikningar av Jens Rosing

Illustrasjon henta frå boka "Den dragende flok" med tekst og teikningar av Jens Rosing

Villreinskyttaren som jaga huldrejentene

Gamle Halten i Vang i Valdres var svær villreinskyttar. Ein gong han var på veiding, låg han i eit sel. Han hadde om kvelden tent opp eld på åren og hadde drege av seg på føtene og sat og lunka og turka seg med han spelte på munnhorpa si.

Om litt fekk Halten sjå at det dansa to jentor etter spelet hans frampå selsgolvet. Han let, og dei dansa vel og lenge. Då han endeleg laut slutte spela, kom ei av jentene bort til han og tok til å lugge han på leggene, for han var så løin på føto. men dette likte ikkje Halten, som ventande var. Til slutt spratt han opp, tok børsa si og meinte så til at no fekk jentone pakke seg på dør. Med det same dei slapp ut, såg han at båe hadde rovor.

Dagen etter var gamle Halten på villreinjakt att. Han såg mykje rein som var på fint skothald. Men den som skaut bom heile dagen, var Halten. Ikkje ein rein felte han.

Då Halten i kveldingi gjekk om ein stor haug nær stølen han låg på, ropte det til han frå haugen: "I dag fekk gamle Halten måte mykjy. O dæ fekk'n att førdi han skremde jentudn våre mæ skrellpipun sine"!

Då svara gamla Halten: "Be dei koma att i kveld, sko dei få danse mettin sin!" Jentone kom att og dansa vel og lenge etter spelet til Halten. Seinare datt villreinane for skoti åt Halten nett som før, alt han ville ha.


villrein.no - Kjell Bitustøyl/Anders Mossing

Reinsveiding i Telemark i gamal tid

Utskore kruthorn med årstalet 1689, frå Fetveit i Vinje. Teikning: Øystein Vesaas

Utskore kruthorn med årstalet 1689, frå Fetveit i Vinje. Teikning: Øystein Vesaas

Folkeminnegranskar Rikard Berge frå Rauland i Telemark har skrive om villrein og veiding før i tida. Med referanse til Engebret Michaëlsen Mandt, som levde på 1700-talet og skildra Øvre Telemark,  seier han at det var veidinga – dvs. jakta – som lokka folk til å busetje seg i eit land ”som elles berre var tillaga for villdyr.”

1600-talet
Berge skriv at børsa kom i bruk på 1600-talet i fjellbygdene i Telemark, ”musket” som han kallar det, eit handskytevåpen med luntelås, hjullås eller flintelås ifylgje leksikon. Dette var brukt i perioden 1500-1700 og var av typen munnladningsgevær. I fylgje gamle skiftebrev er børser og fint utskorne kruthorn funne alt tidleg på 1600-talet i Øvre Telemark.

”Frametter 1700-talet fanst det byrse so aa segja paa kvar gard,” skriv Berge. Han fortel om korleis bonden drog til fjells og veida rein, utrusta med børse og niste, og ikkje så sjeldan hadde han hest til å kløvje kjøtet.

Urda ned kjøtet
Ein måtte urde ned det kjøtet ein ikkje fekk med seg. Kjøt som var godt ned-ura kunne halde seg heilt til våren ”um det berre var godt ’drag’ i urdi”, skriv Berge. Og kva skulle det tene til å urde ned kjøtet? Jau, sjølvsagt for at ikkje jerv, fjellrev og rovfugl skulle koma til det.  Det blei sett opp ein varde for at ein skulle finne att plassen.

”Elsdiur og Reinsdiur”
Så skulle ein bruke dyret, og bøndene på Rauland, Møsstrond og i Grungedal ”nytta baade kjøt og hud, hudi helst til klæde, hudskor og reimskinn.” Me fær òg høyre om at vilt og skinn blei selde til byane kvar vinter. Peder Claussøn Friis (1545-1614) fortel om telemarkingane at dei ”slaae mange Elsdiur oc Reinsdiur, skiude vilde Fugle, fange Los (gaupe) og Maard, Vlffe, Biørne, Reffve, Felefrodz (jerv), Otter, Befuer, Egern, Hermelin etc”.

Veideretten i høgfjellet var rekna for fri for kvar mann. Slik kunne òg dei som var dømde fredlause, halde seg i skjul i fjellet og veide og fiske til livets opphald.


villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing