Statsrådbesøk på Norsk villreinsenter Nord

– Når ein sit her er det klart ein blir forelska i området! Klima- og miljøminister Ola Elvestuen var begeistra etter sitt fyrste besøk på viewpoint SNØHETTA under markeringa av vern av tidlegare Hjerkinn skytefelt, laurdag 29. september.

Statsråden vandra i villreinen sine fotspor heile dagen, og fekk grundig innføring både i historia til- og den noverande situasjonen for den sårbare arten. Norsk villreinsenter Nord baud på frukost og ei orientering om bakgrunn, drift og framtidsplanar ved dagleg leiar Raymond Sørensen. Elvestuen uttrykte stor begeistring for viewpoint SNØHETTA-prosjektet og omtala det som eitt av Noregs mest kjende bygg.

Han fekk også oppleve korleis naturvegleiarane ved senteret formidlar villreinen i praksis. Heidi Vognild fortalde om anatomien til dyra som er spesialtilpassa eit liv i fjellet og viste fram skinn, klauver og gevir. Medan Are Endal Rognes tok med seg statsråden med fylgje ut i fangstminneparken der han demonstrerte korleis fangst av både villrein og rovfugl gjekk føre seg.

Naturvegleiarane Heidi Vognild (t.v.) og Are Endal Rognes demonstrerer falkefangst for klima- og miljøminister Ola Elvestuen (t.h.). Foto: Rebecca Nedregotten Strand

Naturvegleiarane Heidi Vognild (t.v.) og Are Endal Rognes demonstrerer falkefangst for klima- og miljøminister Ola Elvestuen (t.h.). Foto: Rebecca Nedregotten Strand

Uroa for villreinen sin framtid

- Dette er våre fjellområde, men vi eig dei ikkje. Vi har dei til låns og no er vi, etter mitt skjønn, inne i ei kritisk fase for villreinen. Fylkesmannen i Oppland, Sigurd Tremoen, uttrykte sterk uro for arten i eit langtidsperspektiv, då han opna dialogmøtet som var neste punkt på Klima- og miljøministeren sitt program.

Bakgrunnen for møtet var eit bekymringsbrev som fylkesmennene i Hedmark og Oppland sende til klima- og miljødepartementet i vinter.

Tremoen understreka at det ikkje er ofte fylkesmennene sender ut slike brev, noko som viser alvoret i situasjonen. -Det er ein art som var livsviktig for våre forfedre. I dag er det vi som er livsviktige for den. Det er ein viktig del av vår historie og vår nasjonale identitet.

Ulike aktørar i villreinområdet var inviterte til å kome med sine innspel til statsråden og departementet. Blant desse var Norsk Villreinsenter Nord ved Raymond Sørensen og forskar Olav Strand og Rondane og Dovre nasjonalparkstyre ved leiar Bengt Fasteraune.

Les meir om møtet her: https://www.fylkesmannen.no/Oppland/Miljo-og-klima/Nyheter-om-miljo-og-klima/vil-mote-villrein-problema-med-meir-heilskapleg-forvaltning/


Minister i motvind

Ein innhaldsrik dag på Hjerkinn vart avslutta med høgtidsstemning i sterk motvind. På viewpoint SNØHETTA var det invitert til markering av at det tidlegare Hjerkinn skytefelt no er ein del av Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark. Meir enn 70 gjestar tok turen opp, trass i at vinden gjorde vegen til målet noko tyngre enn vanleg.

Trass sterk motvind, fylgde statsråden interessert med då han fekk naturvegleiing på veg opp til viewpoint SNØHETTA. F.v. i fremste rekke Raymond Sørensen, Heidi Vognild og Ola Elvestuen. Foto: Rebecca Nedregotten Strand

Trass sterk motvind, fylgde statsråden interessert med då han fekk naturvegleiing på veg opp til viewpoint SNØHETTA. F.v. i fremste rekke Raymond Sørensen, Heidi Vognild og Ola Elvestuen. Foto: Rebecca Nedregotten Strand

Undervegs fekk Ola Elvestuen vite meir om korleis villreinen har forma Dovrefjell si historie. Det var med stor interesse han fylgde med, då naturvegleiar Heidi Vognild fylte turen opp med informasjon om korleis reinen og folket har eksistert saman her oppe i 10 000 år.

At eit skytefelt blir verneområde er ikkje kvardagskost. Dagmar Hagen i NINA har vore prosjektleiar for det som er Noregshistoria sitt største naturrestaureringsprosjekt. I sin tale under markeringa understreka ho at å vere ein del av dette er noko NINA er stolte av. – Det er heilt rått det vi har fått til her!

viewpoint SNØHETTA fekk ein ny beundrar då klima- og miljøminister Ola Elvestuen markerte vern av tidlegare Hjerkinn skytefelt. Foto: Rebecca Nedregotten Strand.

viewpoint SNØHETTA fekk ein ny beundrar då klima- og miljøminister Ola Elvestuen markerte vern av tidlegare Hjerkinn skytefelt. Foto: Rebecca Nedregotten Strand.

Villreinen i Rondane er under press – debatt i GD

Etter eit innlegg i avisa Gudbrandsdølen Dagningen 8. august underteikna av tre lokale villreinforvaltarar i Sel om trugsmåla mot villreinen i Rondane, har det vore ein omfattande debatt i GD. Regulering av turisme og reiseliv er stikkord. At næringsinteresser kolliderer med omsynet til villreinen er ein klassisk konflikt som ikkje berre gjeld Rondane.

Debattinnlegget i GD, 8.8.2018.

Debattinnlegget i GD, 8.8.2018.

Dei tre som drog det heile i gang, var leiar av villreinnemnda for Rondane og Sølnkletten, Jørund Båtstad, leiar av Sel JFF, Tormod Pedersen og leiar i Sel Fjellstyre, Jan Olav Solstad. Under tittelen "Truslene mot villrein" ropar dei eit varsku om at ein no må sjå på utviklinga av reiselivet og turismen i Rondane på nytt. Dei skriv at trass i 55 år med nasjonalpark og 20 år med regional plan, brukar reinen berre om lag halvparten av arealet som blei verna i 1962.

 

Nord-sør trekket er problemet

Trekket mellom nordområdet og sørområdet i Rondane opphøyrde i 2002, slik at store beiteområde ikkje lenger blir brukt av villreinen. Dette grunngjev dei tre med at ferdsla og forstyrringa har blitt for stor, og at dette slik verkar inn på kor stor reinstamme ein kan ha. Stadige forstyrringar og uro fører òg til at reinsdyra ikkje får lagt opp dei feittreservane dei treng for å møte ein hard vinter, skriv dei tre. At villreinen i Rondane er av den mest sky i landet er òg ein faktor som spelar inn.

Og trass i ein svært omfattande dokumentasjon om korleis menneskeleg ferdsel påverkar villreinens bruk av fjellet i dette området, går altså utviklinga feil veg i fylgje Båtstad, Pedersen og Solstad, som meiner det er på høg tid å gå frå utgreiing til tiltak. Utfordringa er naturleg nok korleis ein skal klare å ta vare på villreinen og samtidig ha eit aktivt reiseliv. Og det er her debatten skyt fart: skal ein overlate dette til lokale forvaltingsorgan eller skal staten ta eit overordna ansvar og gripe inn? Dei tre skribentane skriv at begeret byrjar å bli fullt og at ein må bort frå ein bit for bit forvalting og tenke meir heilskap. Ein må våge å prioritere, også lokalt.

Staten eller kommunane/fylket?

Frå arbeiderpartiet lokalt, ved nestleiar i Vulufjell fjellstyre og nestleiar i Regional plan, Gunnar Tore Stenseng, kjem det signal om at korkje lokal- eller regionalpolitikarar greier å stå i mot presset frå alle interessegruppene som vil ha ein bit av villreinens leveområde. "Nokon må setje foten ned", skriv han og meiner at dette truleg må vera sentrale styresmakter. Dette er kjernen i debatten: Ein er einig i at noko må gjerast, men spørsmålet er kven som skal gjera dette, lokal forvalting eller staten?

Stenseng får svar frå høgrepolitikar Hanne A. Velure, Lesja, som går i møte med Stenseng med at "enten har du troen på lokaldemokratiet eller så har du det ikke." Ho meiner at det med den nye regionsreforma blir ei endå større utfordring med avstanden mellom sakslokasjon og til dels "bevisstløse" fylkespolitikarar med omtrent null lokalkunnskap og for liten interesse for å setje seg inn i kva som trengs lokalt. På vegne av mange lokalpolitikarar meiner ho elles at hytteutbygging, saman med landbruket er distriktas største utviklingspotensiale, og at ein har forvalta villreinen på ein god måte gjennom generasjonar med god balanse mellom vern og bruk. Å rope på meir statleg styring meiner ho er ei fallitterklæring til lokaldemokratiet.

Turisthytta Rondvassbu er gjenstand for diskusjonar.

Turisthytta Rondvassbu er gjenstand for diskusjonar.

Ordførar i Sel, Dag Erik Pryhn, seier at tiltak som er forslått om å stenge Rondvassbu og stenge vegen inn til Spranget, som er flaskehalsen for reinen, er uaktuelt. Han meiner at å la staten overta styringa av nasjonalparkane, er å gå baklengs og reversere forvaltinga. Ein har over lang tid ført ein kamp for å få meir lokal og regional påverknad. Han meiner at lokal forvalting er best skikka til å utøve natur- og miljøvern. Men innrømmer at trafikken i sommar inn til Spranget har vore for stor, og at denne må strammast inn. Ein må få besøksvolumet ned, meiner han også. Han viser elles til at i den perioden då staten og fylkesmannen forvalta nasjonalparken, blei det gjort fint lite for villreinen. Dei siste 20 åra med lokale nasjonalparkstyre har teke meir ansvar for villreinforvaltinga i fylgje Pryhn. Han viser blant anna til ordninga ein har fått til på Dovrefjell med bruk av skyttelbuss inn til Snøheim.

Enorm trafikkvekst

Pryhn får støtte for sitt syn frå leiarskribenten i GD, som meiner det er sterk vilje til å ta vare på villreinen lokalt, men at det største problemet er knytt til "gamle synder" som er forsterka gjennom ein enorm trafikkvekst ein har sett i einskilde fjellområde dei siste åra. Avisa hevdar det er nødvendig med drastiske tiltak, men at dette handlar om å spela på dei gode kreftene lokalt og ikkje rope på statleg overstyring. Staten har alt lagt band på enorme areal i Gudbrandsdalen og sit i alle høve med det siste og avgjerande ordet, skriv avisa.

At næringsinteresser kolliderer med omsynet til villreinen er ein klassisk konflikt. Konkret handlar dette om, i fylgje eit lesarinnlegg i GD, at det ser ut til å vera viktigare at folk har moglegheiter til å køyre og parkere i eit sårbart område som Spranget, enn at omsynet til villreinen går føre. Fleire forskingsrapportar har konkludert med at det er denne ferdsla som hindrar villreinens vandringar mellom dei to områda.

 

Organisert kunnskapsbasert ferdsel

Frå Rondaneguiden Otta kjem det eit innspel om at Rondane som landemerke og turistmål utgjer ein vesentleg og uerstatteleg del av inntektsgrunnlaget for dei sju kommunane rundt, noko som har mykje å seie for å ha "levande bygder" som dei seier. Dei hevdar at det er manglande politisk vilje til å leggje ned større infrastruktur som skaper barrierar for villreinen. På vegne av lokale aktørar som har eit sterkt ynskje om å bevare verdiane og la dei bli verande unike, hevdar ein at organisert og kunnskapsbasert ferdsel er betre enn tradisjonelt og moderne friluftsliv der ein ikkje har nok kunnskap om korleis ein skal ta omsyn til økosystemet i høgfjellet. Dei kjem òg med eit stikk til jegerane som dei meiner stressar reinsdyra unødvendig mykje. Rondaneguiden vil la menneske få oppleve nærleiken til naturen og nytte han på ein aktsam og omsynsfull måte ved å drive kunnskapsformidling. Dei åtvarar mot å "gjerde inn" høgfjellet mellom Gudbrandsdalen og Østerdalen, då dei meiner at det finst mange løysingar på utfordringane som må prøvast ut.

Rondaneguiden får støtte i eit lesarinnlegg der ein frå ei lokal reiselivsbedrift hevdar at DNT har fått for fritt spelerom. Her blir det òg foreslått at slike firma som Rondaneguiden burde få GPS-data på kvar reinen står, slik at dei ved hjelp av lokalkjende kan syte for at reinen får fred.

Eit anna lesarinnlegg forslår at ein må setje inn tiltak for at reinen blir mindre sky, altså la reinen bli meir vane med menneske. Og at tradisjonell jakt kan erstattast av utvalde parkforvaltarar. Jakt blir elles i denne samanhengen sagt å vera av liten økonomisk verdi, samanlikna med all anna næringsverksemd i dette området.

Semje om at villreinen er under press

Det manglar med andre ord ikkje på engasjement i denne saka. I nok eit innlegg i GD (5.9) frå dei tre lokale forvaltarane som innleidde debatten, blir det slege fast at ein ikkje ynskjer å halde fram med ein gammal skyttargravskrig, men at den stadig aukande turistferdsla må styrast betre med klårare rammer. Dei skriv at det er ei erkjenning hjå dei fleste at villreinen er under press, og at ein ikkje nødvendigvis må redusere talet på turistar, men at kvar og når dei går, må styrast i større grad enn i dag. Dei foreslår t.d. at opningstidene på Rondvassbu inkludert sjølvbetjeningshytta og på Peer Gynt kan vera aktuelle å diskutere. Utfordingane ligg i randsesongen, dvs. vår/ forsommar og frå september til jul. Om jakta meiner dei at det er nødvendig å ta ut dyr for å halde stamma på eit passe nivå i høve til beitet, og at om det er ein vanleg jeger eller ein betalt tilsett som held i geværet ikkje har noko å seie for kor sky reinen blir framover.

Marit Vorkinn ved Fylkesmannen i Oppland oppsummerer òg med at dei fleste også lokalt erkjenner at villreinen har utfordringar i Rondane og at noko må gjerast. Det som står att er å bli einige om kva som skal gjerast.

Kartfiguren viser reinens og menneskers bruk av områdene rundt Spranget og Rondvassbu i Rondane villreinområde. Det er stor trafikk på vegen inn til Rondvassbu i sommarsesongen. GPS-registreringer viser at ingen villrein har kryssa aksen mellom Mysusæter/Spranget og Rondvassbu i prosjektperioden. Kilde: figur 75a i  NINA Rapport 1013 , Villrein og ferdsel i Rondane.

Kartfiguren viser reinens og menneskers bruk av områdene rundt Spranget og Rondvassbu i Rondane villreinområde. Det er stor trafikk på vegen inn til Rondvassbu i sommarsesongen. GPS-registreringer viser at ingen villrein har kryssa aksen mellom Mysusæter/Spranget og Rondvassbu i prosjektperioden. Kilde: figur 75a i NINA Rapport 1013, Villrein og ferdsel i Rondane.