Snarefangst av villrein


Reinsnare frå Jukkasjärvi socken, Lappland, teikning av A. Wepsäläinen etter G. Ullenius.

Reinsnare frå Jukkasjärvi socken, Lappland, teikning av A. Wepsäläinen etter G. Ullenius.

I Lappland i Nord-Sverige finst ein tradisjon frå eldre tid med fangst av villrein ved hjelp av snare. Om denne metoden har vore i bruk i Noreg er ukjent.

Snarefangst av rype og hare er velkjent her i landet frå lang tid tilbake, og framleis er snarefangst av rype lovleg i einskilde område. Men tradisjon knytt til snarefangst av rein må me til Sverige for å finne. Og om denne fangstmetoden ikkje har blitt særleg utbreidd, fortel dette oss at det ikkje har mangla på kreative metodar når det gjeld å få tak dette ettertrakta viltet.

På presten og botanikaren Lars Laestadius (1800-1861) si tid, har det gått føre seg snarefangst av villrein i Lappland. I skildringa hans av denne snarefangsten handlar det om rein i skogsområde. Han fortel at samane kunne lage ei form for stengsel ved hjelp av felte tre med opningar her og der, og at ein i opningane sette opp snarer. Der finst eit nordsamisk ord for ei slik felle: àkkis. Fangstmetoden kunne altså vera å sette opp det som blir kalla ein “vildrenshage” i eit område der villreinen held seg eller utnytte eit naturleg stengsel av småskog på same måten. Stengselet kunne strekke over ein lengre avstand, og dyret sprang difor langsmed stengselet til det kom til ein opning, der det kunne gå fast i snara.

Ein annan har òg skildra dette, W. von Wright, i eit tidsskrift frå 1832: “Man söker upp en höjd med tät skog, och på sluttningen av denn höjd, där skogen är som tätast inrättar man ett stängsel av nedfällda träd på längden av själva branten. I dessa stängsel lämnas så öppningar där snarorna sätts ut. På  vardera sidan av en sådan öppning sätter man stolpar, om det inte finns växande träd, och i dessa stolpar eller träd sätts så snaran fast så att den hålls i spänd ställning med fyra fästställen. Själva bindingen sker bara med ett grässtrå, som brister så snart djuret rör snaran. För at inte små renar skall springa igenom snaran utan att fastna, sätts två fina trådar i kors över den.”

Det finst til og med tradisjon for at samane kunne montere snarer i geviret til tamme reinsdyr når dei slost med  villrein, i håp om at ein slik kunne fange inn ein villrein dersom denne vikla seg inn i snaretråden.

(Opplysingane og teikninga er henta frå boka “Jakt och fångst” (1995) av Rolf Kjellström)

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing