Årsmeldinga til villreinnemnda for Rondane og Sølnkletten er klar


Foto: Anders Mossing

Foto: Anders Mossing

Villreinnemnda for Rondane og Sølnkletten beskriv i årsmeldinga korleis dei har arbeidd med arealforvalting, bestandsforvalting, tiltaksmiddel og deltaking i prosjekt i 2017.

Villreinnemnda for Rondane og Sølnkletten består av eitt  medlem frå kvar av dei 13 kommunane som har villreinareal i villreinområda Rondane og Sølnkletten. Sju av kommunane ligg i Hedmark, seks i Oppland. Her er villreinnemnda si eiga side, og der ligg også årsmeldinga.

Jørund Båtstad frå Sel er leiar for villreinnemnda, dreg fram NINA Rapport 1300 i årsmeldinga. Denne rapporten kom i 2017 og gjev god dokumentasjon på korleis Fampen blir bruka som leveområde for villreinen i Rondane Sør. Det blir også framheva korleis GPS-merking av fire simler i Rondane Sør har gjeve verdifull informasjon om villreinen sin arealbruk i området.

Åtte av dei 13 kommunane i nemnda sitt arbeidsområde er i gang med revisjon av arealdelen av kommuneplanen. Villreinnemnda arbeider for at det blir teke omsyn til villreinen i desse planane, og prøver å sjå planane i eit regionalt perspektiv. Særleg i Rondane er det stort trykk på nemnda for å bidra i ulike prosjekt og tiltak. I tillegg ser nemnda utfordringar med auka ferdsel i områda knytt til nye aktivitetar som geocaching og stolpejakt.

Gjeldande bestandsplan for Rondane er for perioden 2016-2020, medan Sølnkletten har ein bestandsplan som gjeld for 2015-2018. Målsettinga for Rondane er å ha ein total stammestorleik på ca. 4.000 vinterdyr, derav 1.700 i Rondane nord og 2.300 i Rondane Sør. Sølnkletten har eit bestandsmål på 800 vinterdyr. Mellom 2009 og 2016 har bestanden i Sølnkletten variert mellom 850 og 950 dyr. I 2017 var stammen på ca. 850 vinterdyr. For Rondane var vinterdyrbestanden omtrent på bestandsmålet i 2005, men har gått tydeleg ned dei siste åra, særleg i Rondane sør. For å motverke dette, har jaktkvotane vore redusert dei siste åra. Måla er likevel ikkje nådd i alle delane av Rondane, så viss bestanden held fram med å gå ned, må ein bruke meir ressursar på å undersøkje dette i åra som kjem. Når det gjeld resultatet av jakta i 2017, ligg fellingsprosenten i Sølnkletten og Rondane Nord på ca. 40%, medan det i Rondane Sør vart felt ca. 50% av dei tildelte dyra.

Villrein.no – Heidi Vognild