Reinens gevir – bovtsen tjåervieh


Inndriving av dyr i samband med kalvemerkinga i Riast-Hylling reinbeitedistrikt. Her er ei god blanding av simler, kalvar og bukkar, alle med bast på gevira. Foto: Kjell Bitustøyl

Inndriving av dyr i samband med kalvemerkinga i Riast-Hylling reinbeitedistrikt. Her er ei god blanding av simler, kalvar og bukkar, alle med bast på gevira. Foto: Kjell Bitustøyl

Som ei helsing til Samefolkets dag som er 6. februar, skal me ta med litt om namna som finst i samisk språk på ulike type gevir. På sørsamisk, som me har valt å fokusere på her, finst det over tredve namn på gevir. Og når det gjeld reinens gevir, er det stort sett same syklus for villrein som for tamrein, unntaket er kastrerte bukkar i tamreindrifta.

Det fylgjande er for ein del henta frå boka «Bovtsen guelmieh» (reinens utsjånad) (2010) av Gun Margit Utsi pluss nokre andre kjelder. Reinens gevir på sørsamisk er altså bovtsen tjåervieh, det tilsvarande ordet på nordsamisk er bohcco čoarvvit.


Spansk villgeit med horn. Foto: Anders Mossing

Spansk villgeit med horn. Foto: Anders Mossing

Gevir og horn

Det er klare forskjellar mellom horn og gevir, sjølv om desse omgrepa blir brukt litt om kvarandre, ikkje minst i kvardagsleg omtale. Eigil Reimers opererer med fylgjande definisjon i si villreinbok frå 1989: Gevir er greinete, horn er ikkje det. Gevir er kompakt, daudt beinvev, mens horn er samanvakse hornstoff som tilsvarar neglar og klauver. Gevir blir felt og veks ut på ny ein gong i året, mens horn er permanente. Gevir veks frå spissane, mens hornet veks frå grunnen.


Bukk med basten på geviret intakt, “naemieih-tjåervieh” heiter det på sørsamisk. Denne bukken har eit litt uvanleg vidt gevir, det heiter “sleajvoeh-tjåernieh”. Frå kalvemerkinga i Riast-Hylling reinbeitedistrikt. Foto: Kjell Bitustøyl

Bukk med basten på geviret intakt, “naemieih-tjåervieh” heiter det på sørsamisk. Denne bukken har eit litt uvanleg vidt gevir, det heiter “sleajvoeh-tjåernieh”. Frå kalvemerkinga i Riast-Hylling reinbeitedistrikt. Foto: Kjell Bitustøyl

Reinens gevir

At båe kjønn har gevir, er noko reinen er åleine om blant hjortedyra. Gevir er danna av hud og veks fram frå vekstpunktet/rosenkransen som ligg på dei to geviranlegga/rosenstokkane. Geviret veks ut som ein tapp kledd med hud og forgreinar seg etter kvart og gjev geviret ei endeleg form. Huda (basten) på geviret inneheld blodårer og nerveceller og er ømfintleg. Veksten kan bli forstyrra om t.d. geviret blir skadd av ein lasso. Når geviret er utvakse, døyr huda og tørkar inn. Då er det tid for reinsdyra å feie geviret. I fylgje Utsi kan beitetilhøve vera ein faktor som spelar inn ved at reinsimlene kan felle geviret før kalving ved ekstremt gode beite. Då kan òg nytt gevir vekse fram tidlegare enn normalt. 

Felling

Felling av gevir varierer sterkt, men enkelt sagt feller bukkane geviret rett etter brunst, medan på kastrerte bukkar blir geviret sitjande på til våren. Eit fenomen er at om bukkane blir kastrerte, kan dei ofte miste trongen til å feie geviret, slik at fløyelshuda blir sitjande på sjølv om ho tørkar inn. Gjeldbukkane feller altså geviret ein gong i året som dei andre dyra, på same tid som gjeldsimlene, dvs. før dei kalvetunge simlene. Kastrerte bukkar kan utvikle større gevir enn andre bukkar. Normalt byrjar ei simle som har kalva å vekse gevir direkte etter at ho har mista det gamle geviret. Kalven byrjar å få gevir like etter fødselen, og i løpet av sommaren får dei som regel ugreina gevir, men i riktig gode somrar eller i bestandar med høg kondisjon, kan dei både ha det som somme kallar augetagg og fleire spissar. Kalvar av båe kjønn feller gevira om våren.


Simler i september i samband med slakting på Valdresflya, Vågå Tamreinlag. Simlene er i ferd med å miste hudlaget på geviret, “aalkeme vuerhkedh” seier ein på sørsamisk, det tyder: “har begynt å feie geviret”. Foto: Kjell Bitustøyl

Simler i september i samband med slakting på Valdresflya, Vågå Tamreinlag. Simlene er i ferd med å miste hudlaget på geviret, “aalkeme vuerhkedh” seier ein på sørsamisk, det tyder: “har begynt å feie geviret”. Foto: Kjell Bitustøyl


T.v.: Gjeldbukk som har knekt den eine gevirstanga, “tsööpkeme-tjåervieh” heiter det og tyder gevir som er avbrote føre framtaggane. T.h.: Simla i midten har eit “trongt” gevir,  det heiter “skåhtjoeh-tjåervieh”. Båe desse bileta er frå Lom tamreinl…

T.v.: Gjeldbukk som har knekt den eine gevirstanga, “tsööpkeme-tjåervieh” heiter det og tyder gevir som er avbrote føre framtaggane. T.h.: Simla i midten har eit “trongt” gevir, det heiter “skåhtjoeh-tjåervieh”. Båe desse bileta er frå Lom tamreinlag sin flokk i Jotunheimen. Foto: Kjell Bitustøyl


Simler, bukkar og kalvar i samband med inndriving til slakting i Vang i Valdres, Fram reinlag. Bukken i midten har eit gevir som veks nokså rakt opp - “tseagkoeh-tjåervieh” på sørsamisk. Foto: Kjell Bitustøyl

Simler, bukkar og kalvar i samband med inndriving til slakting i Vang i Valdres, Fram reinlag. Bukken i midten har eit gevir som veks nokså rakt opp – “tseagkoeh-tjåervieh” på sørsamisk. Foto: Kjell Bitustøyl

Ulike namn på gevir

Me har valt å fokusere på dei sørsamiske namna på ulike type gevir, svært mange av dei inneheld ordet tjåervieh, t.d. naemieh-tjåervieh som betyr bast-gevir. Utsi skriv i føreordet til boka si at reindriftsterminologien varierer sterkt mellom ulike område, sjølv har ho teke utgangspunkt i reindrifta på Helgeland, der ho høyrer heime. Men ho har òg med både nordsamisk og lulesamisk, men innrømmer at ho ikkje har fått med dei lokale variasjonane som finst frå området Snåsa, Røros og sørover. Ho skriv òg at reindriftsterminologien viser detaljrikdomen i det samiske språket og at presisjon er viktig når det gjeld å beskrive utsjånaden og eigenarten til reinsdyra. Kvar rein har sin spesielle utsjånad, og sjølvsagt ikkje berre på grunn av geviret, men like mykje ut frå pels/hårvekst. 


Årskalvar i september i samband med slakting på Valdresflya, Vågå tamreinlag. Dei feste kalvane har berre to gevirstenger som veks rakt opp, “vaalta-tjåervieh” heiter desse på sørsamisk. Foto: Kjell Bitustøyl

Årskalvar i september i samband med slakting på Valdresflya, Vågå tamreinlag. Dei feste kalvane har berre to gevirstenger som veks rakt opp, “vaalta-tjåervieh” heiter desse på sørsamisk. Foto: Kjell Bitustøyl


sameflagget-23.JPG

Gratulerer med Samedagen 6. februar!

Læhkoeh biejjine!

Lihkku beivviin!

villrein.no – Kjell Bitustøyl