Reinen sentral i rullering på vidda


Mykje handlar om villreinen ved rullering av regional plan for Hardangervidda. Illustrasjonsfoto: Kjell Bitustøyl

Mykje handlar om villreinen ved rullering av regional plan for Hardangervidda. Illustrasjonsfoto: Kjell Bitustøyl

Styringsgruppas planprogram for rullering av regional plan for Hardangervidda 2011-2025 er no sendt ut og skal til handsaming i fylkesutvala i slutten av august. Dette er gjort utifrå den regionale planens handlingsprogram.

Det er Hardangerviddarådet som er styringsgruppe for rulleringa. Hardangerviddarådet er ein arena der politisk leiing i kommunane, fylkespolitikarar og villreinnemndenes leiarar møtast for dialog og utveksling om oppfølging av planen.

Viktige spørsmål som har vore oppe er om den regionale planen har blitt fylgt opp i kommunale planar, eventuelt når dei einskilde kommunane har planlagt å fylgje dette opp. Eitt av spørsmåla som blir stilt er om kommunen har tatt vare på villreinens behov på ein god nok måte. Vidare har det i planperioden kome ein offentleg rapport i 2015: ”Europeiske villreinregioner – en strategisk satsing på villreinfjellet som ressurs for reiselivet”. Som ei oppfylgjing av denne rapporten etablerte Klima- og miljødepartementet i 2017 eit program for brei verdiskaping basert på villreinen og villreinfjellet som ressurs, særleg innretta mot ulike delar av reiselivet. Her er det snakk om eit samspel med handlingsprogramma i dei regionale planane. Les mer om verdiskapingsprogrammet her.

I planprogrammet omhandlar ein òg den nye situasjonen med skrantesjuke som har oppstått. Her blir det påpeikt at sjølv om ein så langt som mogleg må unngå kontakt mellom rein fra Nordfjella og andre område, så påverkar ikkje dette dei langsiktige måla om å knytte villreinområda tettare saman med frie trekkvegar.

I høve til arealbruk handlar det om arealgrenser som skal vurderast ved fyrste rullering, andre arealbruksspørsmål har òg dukka opp og skal vurderast, eit par konkrete døme: Nore og Uvdal sin søknad om vinterbrøyting av fylkesveg 124 skal takast opp på nytt med eit mogleg prøveprosjekt som ei problemstilling. Vidare har det kome innspel frå fleire kommunar om endring av grensene for nasjonalt villreinområde, særleg gjeld dette i forhold til reiselivet sine ynskje og behov.

Eit anna punkt i høve til villreinen som er verdt å merke seg, er behovet for ny kunnskap som grunnlag for vurderingar av tiltak i høve til ferdselsstyring. Her visar ein til det pågåande forskingsprosjekt i regi av Norsk institutt for naturforskning om ferdsel på Hardangervidda pluss eit framtidig prosjekt om friluftsliv og villrein der ”villreinens arealbruk” og ”kartlegging av fritidsbruk og opplevingar” er viktige stikkord.

Alt vesentleg nytt kunnskapsgrunnlag skal vera på plass i løpet av haust 2017/tidleg vinter 2018, ei konsekvensutgreiing i høve til endringar i planen vil skje august/september 2018, kommunanes innspel skal vera på plass innan mars 2018, ei intern høyring innan sommar/haust 2018 og styringsgruppa skal levere eit framlegg til plan til fylkesutvala innan nyttår 2018.

For meir info last ned heile planprogrammet her.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing