Reinen på Hardangervidda – sterkt blanda med tamrein


Dagens villrein på Hardangervidda har sterke innslag av tamreingener. Foto: Kjell Bitustøyl

Dagens villrein på Hardangervidda har sterke innslag av tamreingener. Foto: Kjell Bitustøyl

Villreinjakta på Hardangervidda er i fokus i desse dagar, med rein bukkejakt i år. Korleis er det eigentleg med historia til Noregs største villreinstamme? I denne artikkelen skal me sjå nærare på historia om villreinen på Hardangervidda knytt til det sterke innslaget av tamrein som har påverka denne stamma over lang tid.

“Villreinen på Hardangervidda anslåes i dag til å bestå av 70 % tamrein, og det skyldes i stor grad frislepp og rømninger”. Dette står å lesa i Punsvik og Frøstrup si bok “Villreinen – fjellviddas nomade” (2016). Denne historia er relativt godt kjent, me skal difor i denne artikkelen gå meir konkret til verks i korleis dette sterke innslaget av tamrein har blitt til.


Villrein på vidda, kanskje ein etterkomarar av forvilla tamrein? Foto: Kjell Bitustøyl

Villrein på vidda, kanskje ein etterkomarar av forvilla tamrein? Foto: Kjell Bitustøyl

Tamreindrifta på Hardangervidda har gjeve mange slags utslag. I perioden der dei fyrste sportsjegerane tok i bruk villreinfjellet, var det den “edle” villreinen som galdt, tamreinen blei sett på som “lågstatus”, som forureining. Tamreinen blei betrakta som eit trugsmål mot villreinstamma. Dette står på eit vis i kontrast til det som genforskar Knut Røed i nyare tid har lyft fram; at innførsel av tamrein på Hardangervidda faktisk har ført til eit positivt genetisk mangfald med vesentlege innslag av “nytt blod” frå andre reinstammer. Kanskje er den meir tilpassingsdyktig for ulike endringar med meir genetisk mangfald?

At villreinen stadig vekk har høgare “verdi” enn tamreinen, finn me eksempel på den dag i dag, til dømes i forteljinga om tungsvassabotørane under krigen. Det heiter at “dei levde av villrein” inni fjellet. Jens Anton Poulsson, som var sentral i tungtvassaksjonen, har sjølv fortalt til ekspert på temaet, Tor Nicolaysen, at den fyrste reinen han skaut i desember 1942 hadde øyremerke. At representantar for sabotørane rett etter krigen skal ha tilbode tamreineigarar erstatning for rein dei hadde skote for å overleva, tyder på å det var fleire enn éin tamrein som hadde falle for sabotørane sine kuler.

Eldste tida

Dei tidlege forsøka med tamrein som skriv seg heilt tilbake til 1780-åra, fekk truleg ikkje særleg stor innverknad på villreinstamma, for det var berre spreidde forsøk og få dyr. Heller ikkje i det ein kan kalle den andre tamreinperioden, dvs. frå midten av 1830-talet til ca. 1860, kan ein snakke om store tamreinflokkar, sjølv om ein no finn forsøk med tamrein i dei fleste bygdene rundt vidda. I høve til det som er dokumentert, er det også no snakk om relativt små flokkar, frå eit titalls dyr til mellom 100 og 200. Desse tala må sjåast i samanheng med at ein i dei samiske tamreinområda heller ikkje hadde nåme nære så store flokkar som seinare, då den ekstensive reindrifta meir og meir tok over. I den intensive reindrifta som i nokre område heldt seg til litt innpå 1900-talet, var det mjølkerein ein dreiv med, då måtte ein ha tammare dyr og mindre flokkar. I den ekstensive reindrifta, som handlar mest om kjøtproduksjon, er det derimot snakk om langt fleire dyr per reineigar. Og sjølv om her er mange historier om tamrein som rømte eller blei forvilla i denne perioden, og slik sett kan ha påverka villreinstamma, må ein nok til perioden etter 1880 for å finne den sterkaste påverknaden på villreinen frå tamreinflokkane på vidda.


På Rørosvidda har snøskuteren, som i nesten alle tamreinområde, teke over som reingjetarens viktigaste reiskap vinterstid. Foto: Kjell Bitustøyl

På Rørosvidda har snøskuteren, som i nesten alle tamreinområde, teke over som reingjetarens viktigaste reiskap vinterstid. Foto: Kjell Bitustøyl

Oppblomstring av tamreinsdrift etter 1880

Det er fleire grunnar til at det blomstra opp med tamrein frå 1880-åra og framover, men om ein forenklar litt, er det nokre faktorar som kan trekkast fram:

  • Nedgangen i villreinstamma mot slutten av 1800-talet på grunn av meir effektive børser. Slik blei store område liggjande ”tome” for rein, og med det var det mange som såg for seg ei ny inntektskjelde med tamreindrift.

  • Samar som kom med eigen rein. Det gjeld fyrst og fremst fram i åra før 1900, då kom det lover mot slik etablering. Av dei større flokkane som er mest kjent tek eg med éin i 1885, på 800-1000 dyr. Desse fór vidare til Setesdal etter om lag eitt år på vidda. Vidare den største flokken, 4000 rein, som kom over Hardangervidda til Setesdal i 1892. Her rømte det ein del rein nordover att, noko som òg skjedde med andre slike flokkar.

  • Mange tamreinselskap blei betre organisert, som oftast i aksjeselskap med lokale eigarar. Ein modell som breidde om seg til dei fleste bygdene rundt vidda.

  • Selskapa tilsette samiske gjetarar som var dei som kunne dette med reindrift. Dette er ein praksis som langt på veg heldt seg heilt til det var slutt med reindrifta på Hardangervidda i 1957, sjølv om det etter kvart òg blei mange dyktige bygdefolk som lærte seg reinsgjetaryrket.


Reinsgjetarar på jobb på Hardangervidda, kanskje for Telemarken Reinsdyrselskap, Halvor Loftsgarden frå Rauland (t.v.) og sørsamen Nils Thomas Nilsen (1854-1913), opphavleg frå Namdalen. Tidspunktet er usikkert, og biletet må vera frå før 1913. Det …

Reinsgjetarar på jobb på Hardangervidda, kanskje for Telemarken Reinsdyrselskap, Halvor Loftsgarden frå Rauland (t.v.) og sørsamen Nils Thomas Nilsen (1854-1913), opphavleg frå Namdalen. Tidspunktet er usikkert, og biletet må vera frå før 1913. Det som er kjent er at Nils T. Nilsen var reinsgjetar i 20 år, fyrst for Lars Berunuten, seinare for Rauland Reinkompani og Telemarken Reinsdyrselskap. Foto utlånt av Solveig Loftsgarden

Det er skrive mykje om reinen på Hardangervidda, og ein gjengangar er utveksling mot andre villreinområde, til dømes Setesdalsheiane og Nordfjella. Denne debatten er framleis levande i høve til temaet arealfragmentering og vandringsvegar. Men i denne artikkelen er dette ikkje noko tema. I staden skal me ta med ein oversikt, så langt det har vore mogleg, over selskap som har eksistert i stuttare eller lengre periodar, og kva som er dokumentert av innkjøp. Denne oversikta er sjølvsagt korkje fullstendig eller heilt eksakt, men gjev oss likevel ein peikepinn på omfanget av denne “innførselen” av tamrein til Hardangervidda. Noko som gjer biletet komplisert er all utvekslinga og handelen mellom dei ulike tamreinselskapa, dette må ein ta med som ei viktig faktor. Ein annan faktor er fusjon mellom ulike selskap. Me har valt å liste opp tamreinselskapa kommunevis:

Hol

  • Hol reinskompani (1885-1917), seinare Hol og Ål reinco, med rein delvis på nordsida av Hallingskarvet. Reorganisert fleire gonger, bl.a. 1960.

  • Hol reinsamlag (1889 – 1910), også kalla Reinthon tamreinlag, kjøpte i 1901 1000 rein av Sysendalskompaniet. Dette kompaniet kjøpte òg Reinthonkompaniet og Tuftekompaniet. Dette laget hadde området vest for Hallingskarvet langs Usta.

  • Tuftes reinkompani (1897- ?), gjekk inn i Hol reinsamlag etter kvart.

  • Haugastøl reinkompani (1925/26 – ), starta med 300 rein kjøpt inn frå Rørostraktene.

  • Dagali og Skurdalen reinkompani (1934 – 1956), kjøpte 900 dyr frå Finnebotn reinssamlag i Hol, før det hadde dyra kome frå Sverige via Valdres. Laget spedde på flokken med 600 rein i 1953, innkjøpt frå Jämtland, og litt færre, ca. 500 rein, frå same området året etter.

  • Ustedalen reinlag (1955-1964), overtok til dels reinen til Dagali og Skurdalen reinkompani.

Eidfjord

  • Sysendalskompaniet (1887 -1901), starta med 100 dyr, men selde heile flokken til Hol reinsamlag i 1901.

  • Eidfjord reinkompani (1891- ) med beiteområde i Eidfjord sameige og Halne sameige.

  • Hardanger reinkompani (1895 – ), gjekk saman med Eidfjord reinkompani i 1900. Kjøpte 300 dyr av Knut Haukeliseter i 1895. Reorganisert 1900, som Hardanger reinkompani II, men lagt ned i 1910.

  • Veigkompaniet (1894 – 1899), kjøpte 400 dyr av sameekteparet Lars og Sigrid Johnsen, som dreiv med eigen rein som hadde kome sørover 1892. Selskapet selde aksjane sine til Eidfjord reinkompani før 1899.

  • Øvre Eidfjord reinsamlag, seinare Øvre Eidfjord Reinco (1907-1924), sørlege delen av Eidfjord kommune som beiteland. Kjøpte 200 dyr av samane Renander/Johnsen 1907.

  • Hardanger reinco (1927-1956), starta av grunneigarar i Sysendal og Simadal. Kjøpte 264 dyr frå Bygdin til oppstarten. I 1900 blei det Hardanger Reinco II, som då var ei samanslåing av Eidfjord Reinkompani, Hardanger reinkompani I og Veig-kompaniet. Hardanger Reinco slo seg saman med Dagali og Skurdalen reinkompani i 1943.

Vinje

  • Lars Berunuten (1884 – ), kjøpte inn 130 rein i Namdalen 1884 og samarbeidde bl.a. med samar med eigen rein.

  • Rauland Reinkompani (1888-1899) starta opp med ca. 150 rein, kjøpt frå Rørostraktene.

  • Fougner Christianiakompaniet (1891-1899), hadde kjøpt opp store fjellvidder både i Tinn og Vinje.

  • Telemarken Reinsdyrselskap (1899-1916/17), overtok reinen til Rauland Reinkompani og Fougnerselskapet. Seinare òg reinen til Tinn renhjordselskap. Dei overtok store fjelleigedomar.

  • Vågsli tamreinco (?). Lite er kjent omkring dette laget. Berre at dei hyra inn ein samisk gjetar, Thomas Paulsen, busett i Eidfjord, for å skilje vill og tam rein på eit tidspunkt.

  • Skarbudalen Rensdyrlag (ca 1907- ), slo seg saman med Løvstukompaniet frå Numedal (ca 1912-1917).

Tinn

  • Tinn renhjordselskap (1890-1913). Starta opp med ca. 300 dyr, innkjøpt frå Namdalen, i tillegg kom dei samiske gjetarane kom med eigne dyr.

  • Tinn reinsamlag (1947-1956). Fuglestegkarane kom med ca. 800 rein i 1947, skilt ut frå ein større flokk som kom frå Vest-Jotunheimen.

Nore og Uvdal

  • Opdal Renkompani (1890-1957). Kjøpte ca. 230 rein av Lars Berunuten og Knut Haukelisæter til oppstarten i 1890. Av frykt for innavl blei det kjøpt inn ca. 225 bukkar frå Olav Grøv i Valdres i 1934. Denne flokken var opphavleg bukk kjøpt inn frå Härjedalen i Sverige. Her må òg reknast inn at einskilde av gjetarane kom med eigne dyr.

  • Thorsrudkompaniet (1903-1915). I oppstarten gjette ein samefamilie med eigen rein, som ein del av flokken. Til slutt blei flokken kjøpt opp av Lars og Knut Gardsteig og to-tre brør Løvstuen frå Numedal.

Odda

  • Eit tamreinlag i Seljestad (1890 – ?), skipa av grunneigarane i området.

  • Røldal reincomp. (1898 – ?). Lite er kjent om dette laget, men det skal ikkje ha vart i særleg mange år.

Tala i denne oversikta må ein sjølvsagt ikkje ta som 100 % korrekte, det einaste som er sikkert er at det har kome fleire tamdyr enn dei som dokumentert her.

Krigen gav nådestøyten

Svingingane i dyretalet innafor tamreinperioden 1880-1957 er nokså dramatiske. Ofte ser ein at når villreintalet gjeng ned, aukar det på med tamrein. Og mest tydlege utslag motsett veg, fekk ein under 2. verdskrig då blokaden rundt vidda etter tungtvassaksjonen i 1943 førte til kaos for tamreindrifta. Eit kaos som gav tamreindrifta på Hardangervidda nådestøyten. For sjølv om selskapa heldt fram eller nye selskap blei oppretta rett etter krigen, var problema med blanding av vill og tamrein så store at dei selskapa som var att måtte gje opp drifta i 1956-57. Om ein ser berre på statistikken for villreinen, ser ein fleire større bylgjedalar. Etter at villreinen blei freda over heile landet frå 1902 til 1906, auka stamma òg på Hardangervidda. Samtidig er det rundt 1910 at tamreindrifta er på det mest omfattande på vidda. Mot slutten av 1920-åra er det ein gradvis stor nedgang i talet på villrein, utan at der finst éin einskild grunn til dette. Her spriker tala noko, men det ser ut til å variere frå nede i 800 dyr til 2-3000 dyr. I alle høve er dette få samanlikna med den villreinstamma ein seinare får på Hardangervidda. Den kraftige auken i villreinstamma rett etter krigen og framover har sjølvsag
t samanheng med rømt tamrein. Det finst òg dokumentasjon på at selskap sleppte dyra sine i staden for at okkupasjonsmakta skulle få kloa i dei. Dagens “fargerike genkart” på Hardangervidda har altså si heilt logiske forklaring.


Mange sørfrå var til Rørostraktene for å kjøpe inn tamrein. Dette er kan hende ein "søring" som har kjøpt seg rein. I tidlegare tider var det å bruke ski når ein skulle drive rein. Foto utlånt av Rørosmuseet

Mange sørfrå var til Rørostraktene for å kjøpe inn tamrein. Dette er kan hende ein “søring” som har kjøpt seg rein. I tidlegare tider var det å bruke ski når ein skulle drive rein. Foto utlånt av Rørosmuseet

At blokaden under krigen var ein utløysande faktor på Hardangervidda kan ein òg hente prov for i granneområda. I Setesdal, der ein ikkje hadde ein slik blokade, heldt ein fram med tamreindrift til 1979, det same galdt for Hallingdal/Nordfjella, der siste tamreinen blei slakta ned i 1982.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing