Reinen – ein overlevar frå istida


Foto: Kjell Bitustøyl

Foto: Kjell Bitustøyl

I 2018 gav forfattaren Berit Inga ut ei interessant bok om reinsdyret, om historia, biologien, reinen, og mennesket. Boka er på svensk og byggjer på tekstar og bilete frå ei utstilling i 2017.

Originaltittel på boka er “Renen – en överlevare från istiden”. Den samiske forfattaren Berit Inga har arbeidd ved Ájtte, Svensk Fjäll- och Samemuseum i mange år og har bl.a. skrive ei avhandling om reinens beite. Forskinga hennes byggjer på den samiske tradisjonelle kunnskapen om reinen.


Bokomslaget til “Renen – en överlevare från istiden”

Boka tek perspektivet tilbake til istida, og nemner perioden då reinen var det viktigaste byttedyret for dei fyrste menneska, Homo sapiens, som kom til Europa for ca. 40 000 år sidan. Då eksisterte òg megafaunaen med dyr som mammutar, ullnesehorn, kjempehjort og sabeltiger. Men for ca. 15 000 år sidan byrja desse å døy ut, utan at ein heilt veit kvifor, medan reinsdyret overlevde.

Boka viser kart over dei naturlege leveområda til reinen i verda, men òg område der reinsdyra er introdusert av menneska. Dei sju ulike underartane av Rangifer tarandus og deira leveområde er sjølvsagt med. Vidare blir det biologiske og økologiske perspektivet presentert, ikkje minst med fokus på kor tilpassingsdyktig til det kalde klimaet reinsdyret er, ei tilpassing og ei spesialisering som har blitt til over svært lang tid.

Beite


Ein illustrasjon frå boka som viser korleis reinen har tilpassa seg eit kaldt klima. Det kalde blodet frå klauver og bein blir varma opp av det varme blodet som kjem. Og blodet sirkulerer lengre i beina når det er kaldt ute. Ved varmare vær sirkulerer blodet lengre ut mot huda. Illustrasjon frå boka.

Reinens utnytting av beite til ulike årstider er eit viktig og kjent fenomen. Vinterføda med fokus på ulike lavsortar, vidare røter som reinen beitar på i myrar, og sommarføda med mangfaldet av grøne vekster, gras, urter, blad frå ris, buskar og tre. Det handlar om vekstane på taigaen og på tundraen. Mot slutten av sommaren renner reinen etter sopp, ei føde som er ei god proteinkjelde, soppen bidreg òg til at mikroorganismane i vomma tilpasser seg til å bryte ned soppkomponenten i lavet, ifylgje forfattaren.

Lavartane er mange. Fire vanlege som reinen beitar på er bl.a. kvitkrull, gulskinn, reinlav (grå og lys) og saltlav på stein. Men òg nokre som reinen kan beite på under vårvinteren og våren så som skjegglav, kvistlav og gulkrinslav på stein.

Sene med kneppande lyd

Rovdyra og reinen har eit eige kapittel, det same med parasittane og reinen. At reinen er eit flokkdyr er velkjent, men her kjem ei opplysning som kanskje ikkje så mange kjenner til. Reinen har eit senefeste i bakbeina som går over beinutskotet og kvar gong reinen flyttar seg oppstår ein kneppande lyd. Dette blir brukt som eit varsel til dei andre dyra som forstår at no er det fare på ferde. I den mørke årstida i nord er dette meir effektivt enn til dømes ein kvit gump som nokre andre hjortedyr brukar.

Årssyklusen til reinen ligg til grunn for dei åtte årstidene som den samiske reindrifta lever etter. Tek me kalvingsperioden, er flokkstrukturen forskjellig frå fjellrein til skogsrein. Strategien når reinsdyra går for seg sjølve og kalvar, kan elles ha å gjera med at ein einsleg rein ikkje gjer så mykje av seg som ein heil flokk.


Reinen har eit senefeste i bakbeina som går over beinutskotet, og kvar gong reinen flyttar seg oppstår ein kneppande lyd. Dette blir brukt som eit varsel til dei andre dyra, som forstår at no er det fare på ferde. Dette er tamrein frå Vågå tamreinlag. Foto: Kjell Bitustøyl

Mennesket og reinen

Mennesket har fylgd reinsdyra i svært lang tid og tilpassa gjeremåla til årsrytmen til reinsdyret. Slik har reinen lege til grunn for arktiske og subarktiske jaktkulturar, både i den gamle og den nye verda. Dei domestiserte og dei ville reinane har ulike namn blant reindriftsfolk. Når det gjeld jaktmetodar, handlar mykje om å kjenne reinens vandringsvegar og korleis reinen reagerer når han blir skremt. Å jakte på reinsdyret når dyra kryssa eit vassdrag har vore svært vanleg, dette blir praktisert framleis den dag i dag.

Semidomestisert

Domestisering har fått eit eige kapittel i boka. Ofte starta dette med at nokre dyr blei tamde og så valde ein ut dei som hadde ettertrakta eigenskapar slik at desse formerte seg vidare. Reinen er elles det einaste hjortedyret som har late seg domestisere, men korleis dette gjekk til i starten er ukjent. At reinsdyret er eit typisk flokkdyr har gjort at reinflokkane har vore lette å styre. I høve til andre tamme dyr er reinen eigentleg semidomestisert, dvs. at reinen berre delvis er styrt av menneske etter som reinen er utsett for eit naturleg utval, t.d. i høve til rovdyr. Difor har tamreinen dei ”ville” eigenskapane sine intakt, slik Berit Inga formulerer det.

Det finst om lag 20 ulike folkestammer i verda som lever av reindrift, dei held til nord i Asia og nord i Europa. Desse er spreidd over enorme område og kan ha eit tusenårig forhold til reinen. Samane er i fylgje Berit Inga dei talrikaste, ca. 100 000 individ fordelt på fire land, Noreg, Sverige, Finland og Russland. Rundt 10 000 av desse lever av reindrift. Boka viser eit kart over alle folkegruppene i russiske/asiatiske område som driv med reindrift. Mange av desse er svært små, det kan vera nede i berre nokre hundre menneske.


Kart over reindriftsfolk i Nord-Europa og Asia. Illustrasjon frå boka.

Framtida

Klimaendringar vil koma til å ha stor betydning i høve til korleis reinsdyra klarar seg, det kan bl.a. føre til mangel på mat på grunn av meir ising vinterstid. Eit anna scenario Berit Inga skisser opp er at eit varmare klima kan føre til at skogsområde med lavmarker endrar karakter, andre vekstar vil kunne vandre inn og fortrenge lavet. Tette mørke skogar med hovudsakleg mosevekstar vil overta, og mosar er ikkje mat for reinsdyr.

Menneskeleg påverknad er ein annan faktor, til dømes er det vanskeleg for reinsdyr å ferdast på regulerte vassdrag. Dette og andre menneskelege behov for elektrisitet og fossilt brensel, t.d. gruvedrift, og vindkraftparkar, vil påverke reinsdyra negativt, alt dette for at det moderne mennesket skal kunne leva vidare. ”Då tänkar man inte på att renskötare eller karibofolk som lever av renen i naturen också ska överleva”, avsluttar Berit Inga.


Kva vil framtida bringe med seg for dei som lever av reinen? Frå Riast/Hylling reinebeitedistrikt på Røros. Foto: Kjell Bitustøyl

Kva vil framtida bringe med seg for dei som lever av reinen? Frå Riast/Hylling reinebeitedistrikt på Røros. Foto: Kjell Bitustøyl

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing