Reinbeiting kan bremse den globale oppvarminga


Forsking viser at reinbeiting kan ha positiv effekt på CO2-utslepp frå tundraen. Dette er ein fostringsflokk på beite i bjørkebeltet i Laksbotn ved Møsvatn. Foto: Kjell Bitustøyl.

Forsking viser at reinbeiting kan ha positiv effekt på CO2-utslepp frå tundraen. Dette er ein fostringsflokk på beite i bjørkebeltet i Laksbotn ved Møsvatn. Foto: Kjell Bitustøyl.

I ein artikkel i avisa Klassekampen 12. januar skriv Bjørn Vassnes om eit forskingsprosjekt på rein og beite gjort av forskarar frå Umeå universitet i Sverige. Temaet er korleis reinbeiting påverkar vegetasjonen. Ein konklusjon er at reinen held krattskogen nede, noko som fører at stråling frå sola blir reflektert tilbake.

Undersøkinga er gjort i Reisadalen i Troms der eit reingjerde over fleire kilometer har gjort det mogleg å samanlikne systematisk korleis beiting påverkar vegetasjonen. Landskapet på eine sida av gjerdet er nesten urørt, medan det på andre sida av gjerdethar vore beita av tamreinflokkar. Området strekker seg gjennom ulike typar tundralandskap. Forskarane har i fylgje Vassnes funne ut at området som har blitt beita på har hatt ein positiv klimaeffekt.

Albedoeffekten
Albedoeffekt er eit uttrykk for kva for evne flater har til å reflektere lys. For medan is og snø, lyse overflater, reflekterer mykje sollys, så absorberer havvatn og skog strålane. Di meir is og snø som smeltar, di raskare vil oppvarminga av kloden skje. Attgroing av landskap er med på å senke albedoeffekten. Reinen held nede krattskogen både sommar og vinterstid og held landskapet ope for vegetasjon av typen reinlav og gras. Vassnes viser til at målingar av forskjellane i nettostråling, det vil seie balansen mellom kva som kjem inn og kva som blir reflektert, var stor mellom det hardt beita området og referanseområdet, altså på andre sida av gjerdet. Reinbeitinga har ein positiv effekt på balansen i CO2-innhaldet i atmosfæren.
Når me veit at tundraen dekkjer svært store areal, ikkje minst i Sibir og Canada, kan den totale effekten bli merkbar. Men overbeiting kan gå ut over den lyse reinlaven, som har aller best albedoeffekt. Då kan ein oppleve at berre naken jord står att, noko som fører til ein negativ klimagevinst.

Vassnes viser til ein annan studie frå Grønland, der det synte seg at der det voks gras, heldt jordsmonnet meir på CO2, medan der det er kratt og skog, er jordas evne til å lagre karbon mindre. Det som skjer no med temperaturauke som fører til at skog og krattskog kryp stadig lenger nordover, kan altså motverkast av beitedyr som rein, som kan hjelpe til med å halde landskapet ope. Vassnes nemner òg andre beitedyr, både tamme og ville, som på denne måten kan bidra til å halde tundraen open, og med det ein positiv klimagevinst.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing