PARKAS – seminar om integrering av kulturminne


Debatt i grupper, f.v. Frode Sundnes frå NIVA, Camilla Risvoll frå Nordlandsforskning, Petter Braaten frå SNO Geilo, Anne Catrine Flyen frå NIKU og Bolette Bele frå NIBIO. Foto: Kjell Bitustøyl

Debatt i grupper, f.v. Frode Sundnes frå NIVA, Camilla Risvoll frå Nordlandsforskning, Petter Braaten frå SNO Geilo, Anne Catrine Flyen frå NIKU og Bolette Bele frå NIBIO. Foto: Kjell Bitustøyl

Med Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) som hovudarrangør blei det i dagane 6.- 8. november avvikla eit seminar på Geilo med tema integrering av kulturarv i forvaltninga av nasjonalparkar, med Hardangervidda og Saltfjellet-Svartisen som case. Problemstillinga var: Korleis kan naturmangfald, kulturhistoriske verdiar og andre miljøgode forvaltast på ein måte som bidreg til å oppnå politiske mål om eit berekraftig samfunn gjennom grøn omstilling?

PARKAS er eit forskingsprosjekt over fire år der forskarar frå NIKU, Norsk institutt for vannforskning (NIVA), Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og Nordlandsforskning deltek. Eit utgangspunkt for prosjektet er korleis tilliten i befolkninga til politiske vedtak og lokal forvaltning kan handterast og vera avgjerande for å få til ei grøn samfunnsomstilling. Med blikk på dei to nasjonalparkane, Hardangervidda og Saltfjellet-Svartisen, vil ein undersøkje forvaltningsordningane med tanke på å finne løysningar der ein sikrar desse områda som miljøressurs og gode for samfunnet utan at det går utover lokale bruksinteresser og verneverdiar.

Aktuell debatt rundt vidda

For Hardangervidda sin del kjem dette midt oppi ein pågåande prosess knytt til kva for forvaltningsmodell ein skal velje, anten å fortsetje med modellen ein har hatt så langt med tre fylkesmenn og tre tilsynsutval, eller om ein skal opprette eitt nasjonalparkstyre og fleire nasjonalparkforvaltarar lik den ein har i andre norske nasjonalparkar. Dette var eit tema som nyleg var oppe til debatt på Norsk villreinsenter (NVS) sitt seminar om “Villrein og ferdsel på Hardangervidda”. Slik sett trefte PARKAS-prosjektet bra tidsmessig i høve til at dette temaet vil vera på dagsorden i ulike fora framover, ikkje minst knytt til forvaltninga av villreinen på Hardangervidda.

Saltfjellet-Svartisen – samiske kulturminne og store utfordringar for reindrifta

PARKAS-prosjektet er i oppstarten, og der er alt gjort førebuingar og innleiande intervju. I høve til reinsdyret og kulturminna knytt til desse, er det ein vesentleg forskjell på Hardangervidda med ei villreinstamme og Saltfjellet-Svartisen som har samisk reindrift og mesteparten av kulturminna knytt til denne næringa. Litt tilbake i tid var det Pitesamisk kultur som dominerte dette området.


Nasjonalpark i Nordland Svartisen sett frå Hurtigruta. Foto: Kjell Bitustøyl

Nasjonalpark i Nordland Svartisen sett frå Hurtigruta. Foto: Kjell Bitustøyl

Det sterke samiske innslaget har ført til at fire representantar i nasjonalparkstyret er oppnemnde av Sametinget, ein modell som er særeigen for nasjonalparkar med samiske interesser. Ofte handlar dette om reindrift. Til samanlikning kan ein nemne at til dømes Jotunheimen nasjonalpark, som òg har reindrift, berre har representantar frå kommunane og fylket i nasjonalparkstyret.

Camilla Risvoll, forskar ved Nordlandsforskning med sosiologi som eit viktig fag, gav oss “søringar” eit viktig innsyn i kva ein har å stri med i denne nasjonalparken og områda ikring, ikkje direkte knytt til kulturminneproblematikk, men i eit større og viktig framtidsperspektiv, der utviklinga kan bety eit vere eller eit ikkje vere for dei som driv med reindrift. Dette handlar om store reintap på grunn av rovdyr, klimaendringar som fører til at reinen søkjer seg til andre beiteområde, til dømes kysten, der andre typar utfordringar og problem dukkar opp i møte med bønder og hytteeigarar. Andre faktorar er: planar om gruvedrift, problem med vegar og jernbane – mange reinsdyr blir påkøyrde og drepne i dette område kvart år – og i tillegg aukande turisme. Samtidig er denne delen av Nordland svært godt eigna for reindrift på grunn av verdifulle beite. Risvoll sette dette i perspektiv med aktiv deltaking i forvaltninga av nasjonalparken, der dei samiske representantane i nasjonalparkstyret ser på deltakinga som eit “mulighetsrom” for deira kultur og kunnskap, inkludert forvaltning av kulturminna. Sametinget spelar i så måte òg ei viktig rolle her i fylgje Risvoll.


Camilla Risvoll, forskar ved Nordlandsforskning, hadde eit innlegg om Saltfjellet-Svartisen og andre nærliggjande verneområde med særleg fokus på utfordringane den samiske reindrifta og kulturen knytt til denne står overfor. Foto: Kjell Bitustøyl

Ho siterte reindriftssamen Olof Anders Kuhmunen som uttrykte seg slik, eit dystert framtidsscenario: “Kjem gruveselskapa i gang med sine planar, vil reinen bli skremt bort, kalvinga blir forstyrra og trekkvegar sperra. Og me har ingen andre område å reise til.”

Mange ventar på Kulturminneplanen for Hardangervidda

Hardangervidda har ei villreinstamme med kulturminne knytt til gamle fangstanlegg og gamal jaktkultur, samtidig som ein også her har hatt innslag av tamreindrift og samisk kultur over ein lengre periode, ein epoke som tok slutt 1957. I ei grunnlagsskisse for ein framtidig kulturminneplan utarbeidd av NIKU i 2015, heiter det at “Det er for lite kunnskap kva som finst og type av samiske kulturminne til å kunne gje praktiske retningsliner for handtering av dei. Kulturminna bør kartleggast, og deretter bør det utarbeidast retningsliner for tiltak tilpassa dei aktuelle kulturminna.” Kanskje kan ein finne fram til tangeringspunkt i forvaltningspraksis for slike kulturminne i dei to nasjonalparkane? Dette var ikkje eit hovudtema, men temaet blei lufta under seminaret.

I høve til forvaltninga av kulturminne generelt i Hardangervidda nasjonalpark, var det fleire som etterlyste den lenge varsla kulturminneplanen for nasjonalparken som Hordaland fylkeskommune står ansvarleg for. Her blei det kommentert at dette planarbeidet burde ha hatt ein breiare prosess med sterkare involvering frå kommunane.

PARKAS-prosjektet alt i gang

Ordninga med tre tilsynsutval på Hardangervidda var oppe til debatt rundt 2009/2010, og ein landa den gongen ned på å halde på den “gamle” ordninga, altså ikkje leggje seg på same ordning som for dei andre nasjonalparkane. Å koma inn på grunngjevinga for dette valet, er for omfattande å ta med her, men forskarane frå PARKAS-prosjektet kjem garantert til å sjå nærare på denne langvarige debatten og prosessen. To av NIVA sine forskarar er alt i gang med intervju rundt Hardangervidda. Lokal forvaltning og tillit i befolkninga er i så måte brennheite tema dei vil kunne få mange tilbakemeldingar på rundt vidda, både i høve til villreinproblematikk, men òg knytt til forvaltning av andre naturverdiar og kulturminne.


I Hardangervidda nasjonalpark er villreinen ein svært viktig del av forvaltningsproblematikken. Foto: Kjell Bitustøyl

I Hardangervidda nasjonalpark er villreinen ein svært viktig del av forvaltningsproblematikken. Foto: Kjell Bitustøyl

I høve til utfordringar for forskarane i dette prosjektet var naturleg nok den klassiske konflikten mellom bruk og vern oppe. Der blei det spurt korleis ein skal få folk i bygdene rundt nasjonalparkane sterkare involvert i prosessen. Kjønn og likestilling var òg eit tema som var oppe i høve til forvaltningsapparatet, der den mannlege dominansen er ei utfordring.

Riksantikvaren

Riksantikvaren sin representant, Ragnhild Hoel, informerte om at Riksantikvaren i samarbeid med Miljødirektoratet i 2015 fekk utarbeidd ein felles rettleiar for kulturminne i nasjonalparkane. Men dette samarbeidet har i fylgje Hoel etter 2015 blitt lagt litt på is på grunn av politiske føringar. Her handlar det om spennet mellom natur- og kulturverdiar, der nedskjeringspolitikk har ført til at slikt samarbeid har blitt lagt til sides eller nedprioritert.

Hoel meinte elles at kulturminna er sterkt underkommuniserte, og at det handlar mykje om å bli merksame på dei store kulturverdiane som finst i nasjonalparkane. Hennar erfaring var at dette med kulturminne kjem dårleg ut i høve til økonomi, særleg meinte ho det er vanskeleg å finne finansiering til dokumentasjon av nyare kulturminne.

Eit samarbeid med Statens naturoppsyn (SNO) i høve til tilsyn med prioriterte kulturminne var eitt tema, der er det variasjon frå fylke til fylke. Petter Braaten frå SNO Geilo og Lars Inge Enerstvedt frå SNO Rødberg orienterte om nokre aktuelle kulturminne i “deira” kommunar Hol og Nore- og Uvdal, og korleis desse blir forvalta.

Lise Havik frå Den Norske Turistforening (DNT), ein av brukargruppene som var inviterte, var klar på at for dei er det langt enklare å kommunisere med eitt nasjonalparkstyre enn den tredelte modellen ein framleis har på Hardangervidda. Eit konkret døme er i høve til ulike løyve for kvisting og snøskutertransport, der det er ulik praktisering av lova i dei tre fylka som omfattar nasjonalparken. I andre nasjonalparkar er det meir felles og langt meir oversiktleg sakshandsaming i fylgje Havik.


Hardangervidda nasjonalpark: frå Langavatn mot Sildabudalen og Lægreidsnutane. Foto: Kjell Bitustøyl

Hardangervidda nasjonalpark: frå Langavatn mot Sildabudalen og Lægreidsnutane. Foto: Kjell Bitustøyl

Prøveprosjekt forvaltningsmodell

Avdelingsleiar Knut Fagerås frå NIKU påpeika på si side at kulturminna i den nye forvaltningsmodellen for nasjonalparkane er lite synlege. Frå Nordlandsforskning ved Aase Kristine Aasen Lundberg blei det stilt spørsmål omkring dette med nasjonalparkforvaltarane, dei tilsette, og at det blant anna på grunn av deira kompetanse vil variere noko frå område til område kva plass kulturminna får. Forvaltningsplanen for nasjonalparkane blei i denne samanhengen trekt fram som eit nyttig og viktig verktøy.

Det blei elles nemnd av fleire at ein i fire verneområde no er i gang med prøveprosjekt i høve til samansetjing av nasjonalparkstyra, der blant anna grunneigarar er involvert.

Grenseområda mot nasjonalparken der ein for Hardangervidda sin del er i gang med rullering av regional plan i desse dagar, var òg oppe i debatten. Det aktuelle verdiskapingsprosjektet “Villreinen som verdiskaper” blei òg trekt fram, der er historier og formidling av kulturarv aktuelle tema knytt til Hardangervidda, eit område som er uvanleg rikt på kulturminne både i og utanfor nasjonalparken.

Lokal forankring/tillit/legitimitet

Aase Kristine Aasen Lundberg frå Nordlandsforskning tok for seg endringane av forvaltningsmodellen for verneområde etter reforma i 2009. Ho har forska på utfordringar knytt til tillit/legitimitet/deltaking i høve til desse prosessane, ein tillit som mange meiner er knytt til utviklinga av lokal forvaltning. Ho fann det vanskeleg å finne objektive kriterium, mykje handlar om politikk. Elles har Noreg i høve til Sverige ei langt meir desentralisert forvaltning i verneområde, sa ho.


Veronique K. Simon, forskar/arkitekt i NIKU, er prosjektleiar for PARKAS-prosjektet. Foto: Kjell Bitustøyl

Villreinen stoppa vindkraft ved hjelp av Heiplanen

Om arbeidet med regionale planer nemnde Lundberg at motstanden var stor lokalt då Heiplanen for Setesdalsheiane kom, dette sett i lys av at villreinområda blei trekt så langt ned mot bygda. Ho tok fram saka då Olje- og energidepartementet (OED) stoppa planane om vindkraft ved Hovatn i Austheia i kjølvatnet av innspel frå den lokale villreinnemnda, frå naturvernhald og fleire. Avslaget frå OED hadde bakgrunn i nettopp Heiplanen og omsynet til villreinen. Då kunne ein i alle fall seie at Heiplanen verkar. Spørsmålet er i fylgje Lundberg om ikkje forvaltninga i slike samanhengar bør lyftast opp til eit overordna perspektiv. Bygland kommune, der Hovatn ligg, gjekk i utgangspunktet inn for planane. Og frå ordførarhald blei det uttrykt at “hadde me visst dette, hadde me trekt grensa lenger innover då villreinområdegrensa blei vedtatt.” Slik kan dette kanskje vise oss at lokalt nivå heller ikkje står for eitt syn, konfliktane kan òg splitte eit lokalsamfunn, akkurat som tilfellet er høgare oppe i systemet.

Lundberg var òg innom samansetjinga av ulike verneområdestyre der dei nemnde prøveordningane ser på korleis ein kan opne opp blant anna i høve til interessentar/grunneigarar for å oppnå større legitimitet i høve til forvaltninga av verneområda. Lundeberg er ein forskar som òg er opptatt av kjønn og likestilling i representasjon av lokalsamfunn, og ho etterlyste meir fokus på dette temaet.

I høve til verneområdestyra rundt i landet er det vanlege at det er politikarar som fyller desse verva. Men her òg er erfaringane forskjellige frå område til område. I Setesdal Vesthei, Ryfylke- og Frafjordheiane landskapsvernområde fungerer dagens “standardordning” med politikarar godt i fylgje Lundberg. Knut Fagerås supplerte med at det rundt forvaltning av kulturminne kan vera grobotn for konfliktar, noko som er midt i hjarte av det PARKAS-prosjektet skal handle om. Det viktige er korleis ein skal forstå konfliktane som oppstår.

Sårbare kulturminne

Anne Catrine Flyen frå NIKU tok for seg historikk og utfordringar for forvaltninga av kulturminne på Svalbard, men var òg innom Hardangervidda. Klimaendringane er den største utfordringane på Svalbard, kopla saman med aukande turisme. Dette handlar om ein akselrerande prosess og kulturminna er sårbare. Kva gjer me? spurde Flyen. Eit tiltak er å lære opp turistguidane til å ta omsyn til dei mest sårbare områda og mest utsette kulturminna, graver til dømes. Samtidig trengs det meir kunnskap. Og medan dei fyrste menneska kom til Svalbard på 1500-talet, har Hardangervidda vore i bruk av menneske i 7000 år. Men også her er dilemmaet bruk og vern. Slitasje og stor trafikk av fotturistar kan føre til erosjon, og kulturlandskap kan bli øydelagd. Flyen slo fast at dei fleste som kjem til Hardangervidda, kjem på grunn av naturopplevinga, også eit moment som må takast med.


Hardangervidda nasjonalpark: Frå flatvidda mellom Nordmannslågen og Langavatn mot Låghellerbotn i vest. Foto: Kjell Bitustøyl

Hardangervidda nasjonalpark: Frå flatvidda mellom Nordmannslågen og Langavatn mot Låghellerbotn i vest. Foto: Kjell Bitustøyl

Debatt

Foredraga blei fylgd opp med debatt i grupper. Mange saker blei drøfta: naturverdiar versus kulturverdiar; at mange lokale opplever å ikkje bli høyrt; tilgangen til kulturminna som er vesentleg ulikt i dei to nasjonalparkane; at det er nødvendig med meir forsking på kulturminne; konflikt by-bygd; at ein bør få med fleire unge i forvaltninga; at turisme kan føre til at der blir meir fokus på kulturminne; om ein bør fokusere meir på kulturlandskap for å involvere folk meir i forvaltninga?; rovdyrproblematikk, kvifor er det så skeivt, at på Hardangervidda er ein nesten ikkje plaga med rovdyr medan det i Saltfjellet- Svartisen er det største problemet for dei som driv med rein? m.m.

Internasjonalt

Då PARKAS-seminaret òg hadde med ein handfull forskarar frå Frankrike, England, og Nederland, var deira erfaring med liknande type problemstillingar framme tredje dagen. Men dei var òg litt frampå andre dagen då ein tok eit historisk tilbakeblikk på forvaltning av nasjonalparkar i Noreg: Saltfjellet-Svartisen, Hardangervidda og Svalbard. Det er elles vel kjent at ein nasjonalpark i til dømes England, omfattar heilt andre typar problem, der både vegar, bygder, ja, heile byar ligg innafor nasjonalparkgrensa. Dette fell derimot utanfor temaet i denne artikkelen.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing