Nytt helleristningsfunn med reinmotiv


Båtfigur med to reinsdyr, båe utført i same teknikk og svært naturalistiske. Foto: Heidrun Stenbergløkken, NTNU Vitenskapsmuseet

Båtfigur med to reinsdyr, båe utført i same teknikk og svært naturalistiske. Foto: Heidrun Stenbergløkken, NTNU Vitenskapsmuseet

I mai 2018 oppdaga frilansarkeolog Kjell André Brevik ein heller med eldgamle bergbilde like ved Gaulfossen ved Hovin i Melhus. Av figurane som er avdekka er to reinsdyr. I dette området har ein elles funne bergkunst før ved Foss, samt ein heil del andre gamle kulturminne.

Prikkhoggingsteknikk

Det er tidskriftet SPOR som fortel om dette nye spennande funnet. Feltet som no er oppdaga, er i eit område med mange jettegryter. Fleire av desse ligg like ved helleren som består av fleire halve jettegryter. Det er tydleg å sjå korleis bergflata er påverka av den naturlege erosjonen i vatnet. Det er elles båtfigurar som dominerer motivet for bergkunsten her, og i SPOR står det å lesa at ”..det er antagelig meningsbærende at alle båtene ’følger strømmen’ nordover. Denne framstillingen gjelder for så vidt også for alle dyrefigurene, så nær som to hestefigurer.” Vidare kjem det fram at alle figurane er fullstendig uthogne med prikkhoggingsteknikk, noko som er uvanleg for materiale frå Midt-Noreg.

Dei to reinsdyra med gevir er avbilda saman med ein båt, og både dyr og båt er svært naturalistiske. Feltet er enno ikkje ferdig dokumentert, men av motiva som så langt er ”presentert” i tillegg til reinsdyra, er ti båtar, både med og utan mannskapsstrekar, ei skålgrop, eit klauvspor, tre-fire hestefigurar og to menneske. I tillegg kjem ein figur som er vanskeleg å identifisere, men denne kan tolkast som ein hest i rørsle.

Veideristningar

Når det gjeld reinsdyra er dette motivet til vanleg noko ein plasserer i den eldste helleristningstradisjonen frå steinalder og eldre bronsealder, helleristningar som ein plar kalle veideristningar. Men desse reinsfigurane står fram som særeigne av di ein i Trøndelag ikkje har gode parallellar til denne type figurar. Det er elles interessant at både veideristningar og såkalla jordbruksristningar kan opptre på same felt, dette er kjent frå andre felt i Midt-Noreg, men òg frå eit helleristningsfelt ved Sporanes i Rauland i Telemark.


Ein audiovisuell lokalitet. Den uvanlege helleren med ristningar gjev gjenlyd til den larmende fosseduren. Foto: Kjell André Brevik, Borger & Vandringer

Arkeolog Heidrun Stebergløkken frå NTNU Vitenskapsmuseet og Kjell André Brevik har skrive artikkelen om desse funna, dei skriv: ”Tidligere har disse ulike tradisjonene blitt satt i sammenheng med forskjellige grupper som hadde et visuelt uttrykk: En nordlig tradisjon som hovedsakelig forbindes med fangstkulturer (veidekulturer) i steinalderen, og en sørlig tradisjon som forbindes med jordbrukskulturene som etableres i overgangen mot bronsealder. Denne todelinga er imidlertid noe mer kompleks enn som så, og i Midt-Norge kan det, som sagt, se ut til å være en sameksistens av begge. Er det snakk om to tradisjoner eller er det i realiteten flere? Kanskje er det snakk om flere undergrupper innen begge uttrykksformer som overlapper hverandre i tid”.

Forfattarane konkluderer når det gjeld reinsfigurane at dette kan vitne om ein lokal tradisjon, eller ein kontakt med andre område eller impulsar frå område lenger nord.

Sjå video på Facebook her.

Sjaman?

I ein video om dette funnet produsert av NTNU Vitenskapsmuseet kjem det fram at ein menneskefigur i feltet kan vera ein sjaman, dette bl.a. av di figuren ser ut til å ha eit slagvåpen i eine handa og noko til å slå på i den andre. Det blir elles understreka at dette med prikkhogging er uvanleg i dette området, båten som er avbilda saman med reinsdyra er òg slik. Dette skil seg ut frå andre helleristningar av båtar i dette området, desse er konturhogne. Stebergløkken fortel elles at dette er dei fyrste veideristningane i eit område som er dominert av jordbruksristningar. Ho snakkar òg om at staden har eit sterkt audiovisuelt uttrykk med lyden frå fossen tett ved, som gjer at heile plassen får noko magisk over seg.

Saman med at der er sjansar for at det finst fleire figurar i området, står det no ifylgje Stebergløkken att å tolke desse som no er funne og sjå dei i samanheng med andre kjente helleristningar i området, men òg utover i landet.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing