Nye bestandsplanar i Setesdalsområdet


Foto: Anders Mossing

Foto: Anders Mossing

Villreinnemnda for Setesdalsområdet har nyleg vedteke nye bestandsplanar for perioden 2019-2023. Slike planar er utarbeidd av villreinlaga og skal bidra til ei berekraftig forvaltning av villreinen i villreinområda, med omsyn til bestandstorleik og bestandsutvikling.

Setesdal Ryfylke

I førre perioden, dvs. frå 2014 til 2018, var målet at vinterstamma i Setesdal Ryfylke villreinområde i sør skulle aukast til 1500 dyr, medan ein søkte å stabilisere stamma i nord på 2000 dyr. Status per i dag er at ein har til saman 3300 vinterdyr – 2000 i nord og ca. 1300 i sør. Dyras kvalitet i høve til kalvetilvekst er god og stabil og storbukkprosenten ligg på 20-22 %. Dette meiner ein er innafor bestandsmåla frå førre periode.

Hovudmålet for komande periode er å bidra til at dyra brukar ein større del av området. No vil ein òg setje seg som mål å gradvis auke talet på vinterdyr i sør frå 1300 til ca. 2000 dyr. Samla for Setesdal Ryfylke villreinområde ynskjer ein ikkje at bestanden skal bli større enn 4000 vinterdyr.

Kondisjon og kalvetilvekst skal ein halde ved lag innafor eit akseptabelt nivå. I høve til storbukkprosenten skal denne i løpet av perioden aukast opp mot 25 %.

Ved å auke stamma i sør vil ein kunne utvide villreinen sin bruk av areal i sør. Det same med målsetjinga om å auke storbukkprosenten. Ei føresetnad for å få dette til er i fylgje villreinnemnda at dyra ikkje blir hindra av ulike barrierar.

For 2019 har nemnda òg vedteke Setesdal Ryfylke villreinlag sin avskytingsplan med ei kvote på 2170 dyr, fordela på 14 % frie dyr, 36 % simle og 50 % kalv.

Setesdal Austhei

Hovudmålet for Setesdal Austhei villreinområde er at villreinbestanden skal haldast på eit nivå som ikkje reduserer beitegrunnlaget og som blir forvalta på ein måte som gjev sunne og livskraftige dyr. Målet for villreinbestanden er at denne i løpet av planperioden skal aukast opp mot 1500 vinterdyr. Dette i motsetning til førre periode, der ein hadde som delmål å redusere stamma til 1500 dyr. Forklaringa på dette er at ein i førre perioden fekk ein uventa kraftig reduksjon i stamma, noko som kan ha å gjera med utvandring.


Foto: Anders Mossing

Foto: Anders Mossing

Storbukkprosenten skal haldast på minst 20 %. Kvaliteten på dyra i Setesdal Austhei blir i dag rekna som god, og kalveproduksjonen er høg. At ein i mars 2019 har GPS-merka fire dyr i villreinområdet, vil kunne gjera det lettare å få til gode teljingar i planperioden.

Som for mange andre villreinområde blir det også her lagt vekt på at hovudutfordringa er knytt til arealforvaltning. Dette kjem også til uttrykk i bestandsplanen der Setesdal Austhei villreinlag, som har utarbeidd planen, skal bidra til å hindre utbygging og andre aktivitetar som hindrar reines bruk av trekkvegar og tilgang til beiteressursar.

For 2019 har nemnda òg vedteke Setesdal Austhei villreinlag sin avskytingsplan med ei kvote på 300 dyr, fordela på 15 % frie dyr, 20 % simle, 20 % simle/ungdyr og 45 % kalv.

Last ned bestandsplan 2019-2023 for Setesdal Ryfylke her.

Last ned bestandsplan 2019-2023 for Setesdal Austhei her.

Last ned møteboka for villreinnemndas “vårmøte” her.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing