Ny rapport frå WWF – villreinen er med


Villreinen er allereie under press etter 100 år med fragmentering av landskapet og aukande ferdsle. Foto: Anders Mossing

Villreinen er allereie under press etter 100 år med fragmentering av landskapet og aukande ferdsle. Foto: Anders Mossing

Det er fare for at om me endrar naturen så mykje som me no er i ferd me på gjera, kan det føre til ei svekking av naturlege økosystem som òg er livsviktige for menneska. Dette er hovudbodskapen i rapporten ”Forandrer vi naturen, forandrer vi alt” som nyleg er utgjeven av WWF, Verdens naturfond.

Bakgrunnen for rapporten er at politiske leiarar frå store delar av verda skal møtast i Kina i 2020 til eit naturtoppmøte. Målet er å vedta ei ny og ambisiøs global naturavtale, med forpliktande mål for naturmangfald.

Den omfattande rapporten er utarbeidd i samarbeid med Bjerkenessentret for klimaforskning og Norsk institutt for naturforskning (NINA). Fjellet er via eit eige kapittel i rapporten. Samanlikna med andre økosystem er fjellet relativt urørt, men også her er spora etter menneskeleg aktivitet tydlegare. Under dette kapitlet finn me naturleg nok villreinen, med fokus på dei trugsmåla arten står overfor både i høve til menneskeleg påverknad og klimaendringar. Villreinen er Noregs ansvar med 90 % av den attlevande europeiske villreinen innafor landegrensene våre. I løpet av dei siste 100 åra har infrastruktur som vegar, jernbane og vasskraftutbygging og forstyrring frå menneskeleg aktivitet, ført til ei omfattande fragmentering av villreinens leveområde.

Forvaltninga av villreinen i dag handlar mest av alt om å ta vare på villreinen sine leveområde og forhindre ytterlegare fragmentering. I tillegg til dei alt nemnde faktorane i høve til fragmentering, tek rapporten òg med at til dømes nye typar friluftsliv som terrengsykling og kiting kan påverke fjelløkosystema. Det same med populære stigar for fotturistar, stigar som kan fungere som barrierar for villreinen og føre til ytterlegare fragmentering av leveområda.

Klima



Klikk bilete for å lese rapporten.

Klikk bilete for å lese rapporten.

Eit varmare klima vil føre til mildare vintrar med meir isdanning på bakken. Samtidig vil eit varmare sommarklima føre til auka vekst av planter, medan lav og mose vil gå tilbake. Rapporten åtvarar mot at dette kan få store konsekvensar for villreinen, som i stor grad lever av lav om vinteren. Kombinasjon av mindre lav og auka isdanning vinterstid kan bli særleg vanskeleg for villreinen.

Rapporten dokumenterer korleis naturøydeleggingar er ein risikofaktor for samfunnet i global skala. Her nemner ein blant anna at klimaendringane ved to graders oppvarming vil føre til at 18 % av verdas insekt, 16 % av plantene og 8 % av virveldyra vil bli kritisk truga av global oppvarming.

Alt i alt ser ein for seg ved to graders oppvarming, at me vil oppleve mangel på vatn, redusert økonomisk vekst og fleire konfliktar verda over som følgje av dramatiske endringar i livsvilkåra for menneska.

Les omtale og last ned heile rapporten ”Forandrer vi naturen, forandrer vi alt” her.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing