Ny bok om helse og sjukdom hjå reinsdyr og caribou


bokomslag.JPG

”Reindeer and caribou – health and disease” er tittelen på ei ny engelskspråkleg bok. Redaktørar for boka er Morten Tryland, professor ved Universitetet i Tromsø (UiT), og Susan Kutz, professor ved Universitet i Calgary, båe to innafor faget veterinærmedisin.

Mange forfattarar frå fleire land står bak dette omfattande og ambisiøse verket som no ligg føre. Det handlar om helse og sjukdom hjå ”nøkkelarten” Rangifer i ein cirkumpolar kontekst, det vil seie heile leveområdet for reinsdyr og caribou rundt Nordpolen. Boka vender seg til alle som er interesserte i biologien og helsa til både tam og vill rein og caribou.

Boka startar med ei generell innføring om arten Rangifer og fokuserer vidare på helse både på individnivå og i høve til bestandsproblematikk. Kapitla dekkjer ei rad emne, frå ernæring og beite, stress, ikkje-smittsame og smittsame sjukdomar, mattryggleik, fysisk handtering og medikamentell immobilisering, diagnostisering og behandling av helseproblem, til moglege konsekvensar av klimaendingar på reinsdyr og caribou.

Innhaldet i boka baserer seg på forsking og erfaringskunnskap som omfattar alt frå dosering av ulike medikament for bedøving og blodparameterverdiar, til det å oppfostre ein forldrelaus kalv. I tillegg inneheld boka hundrevis av illustrasjonar som bidreg til at dette har blitt ein ”databank” i høve til oppdaging av ulike parasittar og å stille sjukdomsdiagnoser både hjå levande og daude dyr.

I vaskesetelen for boka heiter det at dette har blitt eit uunverleg og obligatorisk verk for alle som arbeider med helse i høve til reinsdyr og caribou. Dette inkluderer veterinærar, folk innafor viltbiologi, forvaltning og viltformidling, tamreingjetarar og reindriftsutøvarar og studentar som driv med dyrehelse i ville populasjonar.

Det er verdt å merke seg at innafor alle sjukdomar boka omhandlar finst her òg eit kapittel om skrantesjuken (CWD) som nettopp har ramma villreinen i Nordfjella.

Redaktørane

Morten Tryland, professor i veterinærmedisin, arbeider innafor infeksjonsbiologien i ei forskargruppe ved UiT. Han har òg ei professor II-stilling ved Norsk Polarinstitutt i Tromsø. Han har arbeidd mykje som veterinær og forskar innafor tamreinnæringa. For tida er han redaktør av tidsskriftet Acta Veterinaria Scandinavica. Han har blant anna delteke i forskingsprosjekt i Alaska, Canada, Island og Fennoskandia inkludert Svalbard.

Susan Kutz, professor i veterinærmedisin, er knytt til ei avdeling for økosystem og folkehelse ved Universitetet i Calgary, Alberta i Canada. Ho har drive med studiar av helse hjå caribou og moskus i både Arktis og Subarktis, og er ansvarleg for nettsida Rangifer Anatomy, som gjev generell og detaljert opplysning om anatomi hjå reinsdyr og caribou, jakt og sjukdomar hjå caribou m.m. Ho har òg drive med omfattande forsking på klimaendringane i Arktis i høve til minkande bestand av moskus og caribou.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing