Ny bok om “fjellets nomade” – villreinen


Ei omfattande og oppdatert bok om villreinen ligg no føre, hovudredaktør er Tor Punsvik og biletredaktør er Johan Christian Frøstrup. Med seg har dei  eit solid knippe av våre fremste fagfolk på feltet. Det handlar om villreinens biologi, historie og forvaltning.

Aldri har det kome ut ei så omfattande bok om ”fjellets nomade” – villreinen. Boka er på heile 445 sider og er rikt illustrert med foto, teikningar og grafar. Båe redaktørane har lang fartstid innafor fagfeltet: Hovudredaktør Tor Punsvik har brei erfaring frå alle nivå i norsk offentleg miljøforvaltning og arbeider i dag som viltforvaltar hjå Fylkesmannen i Agder-fylka med eit sentralt ansvar for villreinen i Setesdalsområda. Mange vil kjenne han som forfattar av ei rad bøker og mangeårig redaksjonsmedlem i årsskriftet Villreinen. Johan Christain Frøstrup er forleggar, fotograf og forfattar. Han har bak seg ei rekkje natur- og kulturhistoriske  bøker.

Heile 22 forfattarar bidreg med artiklar i boka i tillegg til redaktørane. Tema er: Reinens biologi og fysiologi, genetikk, reinsjakt i folketradisjonen, reinen og mennesket i forhistoria, Noreg som villreinland, villreinforvaltning og formidling, reinen i forskinga, og framtida for villreinen, der arealforvaltning er eit stikkord. Nemnast skal òg at Svalbardreinen er tilgodesett med to artiklar. Mange av artiklane omhandlar aktuelle problemstillingar tufta på  nyare forsking: frå nyvinningar og nye funn innafor arkeologien til genforsking og gps-data. Naturrettleiing er òg eit tema som har fått omtale. Verdt å merke seg er elles at 6 av dei 22 bidragsytarane er kvinner, ei nyvinning  seg sjølv.

Den mest omfattande artikkelen, ført i pennen av Punsvik med ulike medhjelparar, er ein gjennomgang av alle dei 23 villreinområda våre. Kvart område er presentert med kart, ei blanding av nye og historiske foto, samt ulike grafar: bestandsutvikling, felte rein m.m. 

Innimellom dei meir fagrelaterte artiklane finn me omtalar av profilerte fjellfolk og jegerar: Torjus Pytten, Øystein Mølmen, Kåre Guldvik og Jon Dale. Villreinforskar Terje Skogland har òg fått ein eigen artikkel. 

Rapporten ”Villrein og samfunn” frå 2004 er sjølve referansen for mykje av  framtidsvisjonane innfor temaet villreinforvaltning. At redaktør og forfattar Tor Punsvik i sin visjon for framtidas villreinfjell avslutningsvis i boka hentar fram nettopp denne rapporten, er difor naturleg. Han skriv: ”På tross av mørke skyer og dystre spådommer er  jeg langt mer optimistisk nå enn før ’Villrein & Samfunn’ prosjektet ble realisert.

 

villrein.no – Kjell Bitustøyl