Nordfjella sone 1 – snart over i ein ny fase


Alle dei "kjende" dyra i Nordfjella sone 1 er teke ut, men fellingslaga fortsetter søken etter einskild dyr og/eller mindre flokkar. Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Alle dei “kjende” dyra i Nordfjella sone 1 er teke ut, men fellingslaga fortsetter søken etter einskild dyr og/eller mindre flokkar. Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Per 06. mars har det statlege fellingslaget i Nordfjella teke ut 1421 dyr. Tre nye tilfelle av skrantesjuke er avdekka slik at ein no har kome opp i 18 tilfelle alt i alt i Nordfjella. Mattilsynet og Miljødirektoratet arrangerte 14. februar eit folkemøte i Hemsedal om stoda i høve til skrantesjuka i Nordfjella. Eit tema som var aktuelt var vedtaket i  Forsøksdyrutvalet om å fjerne GPS-klavane på de merka dyra i sone 2, etter at det blei oppdaga fleire rein med ising.

Til saman 18 tilfelle av skrantesjuke
I oppsummeringa på folkemøtet frå Mattilsynet og Miljødirektoratet kom i det i fylgje avisa Hallingdølen fram at ein er godt nøgd med status for nedskytinga av Nordfjellareinen. Nedskytinga ser ut til å gå etter planen i fylgje administrerande direktør i Mattilsynet Harald Gjein, som var til stades på møtet i Hemsedal. Totalt har ein frå fyrste tilfellet av skrantesjuke blei oppdaga, no påvist 18 tilfelle av skrantesjuke i Nordfjella (oppdaterte tal etter møtet).

GPS-merka dyr
Med det nylege vedtaket om fjerning av GPS-klavar på dei merka dyra i sone 2 som bakgrunn, blei dette og eit tema på møtet. Dette vedtaket var gjort på bakgrunn av problem med ising på radiosendarane i dette området. For dei som overvåkar grensa mellom sone 1 og sone 2 i Nordfjella byr dette på ekstra utfordringar. Fjerninga av klavane fører til eit langt større behov for oppsyn på grensa mellom dei to sonene, i fylgje Petter Braaten i Statens naturoppsyn (SNO). Leiar av Villreinutvalet for Nordfjella, Sigmund Tveitehagen, er ein av dei som har uttrykt stor bekymring for denne situasjonen.

Må sjå framover
Leiar for saneringsprosjektet Petter Braaten i SNO seier i ein kommentar til villrein.no at grunnstemninga på møtet var god, og at realitetane no har gått opp for mange, sjølv om det framleis er nokon som er kritiske.  Han kunne elles opplyse at ein er framom den opphavlege datoen med god margin, dvs. 1. mai, sjølv om det eigentleg ikkje har vore nokon endeleg “frist”, som han seier det. Han rosar elles både villreinnemnda og villreinutvalet som har snudd og ser framover og jobbar positivt. Braaten ser slik fram til eit godt samarbeid om neste fase i dette prosjektet, tida etter fullført sanering.

Alle «kjende» dyr i Nordfjellas sone 1 er nå tatt ut, men fellingslaga vil fortsette ei stund til i søken etter einskild dyr og/eller mindre flokkar.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing