Nokre tips til reinsjegeren


Det nærmar seg reinsjakt, og då kan det vera interessant å lytte til kva eldre jegerar seier. Mange legg vekt på dette med å vera tolmodig og ta det med ro. Så må du vera god til å finne reinen, vita kvar han trekkjer og kvar det er sannsynleg at han dukkar opp. Veit du det, kan du setje deg ned og vente til han kjem.

Reinsjegeren Odd Slåtten i Hol i Hallingdal har fortalt dette: ”Eg mura meg opp eit slags bogestille. Dei andre jegerane reiste heim att – ’Ingen vits å sitje her’, sa dei. Eg sat og venta, visste at dyra ville sleppe seg ned her, visste at bukken ville begynne å trekke om kvelden. Eg fylte kvoten.”

Lokalhistorikaren Knut Hermundstad frå Valdres har skrive om villreinjakt i eldre tid i Valdres: ”Ein reinsjeger som stilte på reinen, laut leda seg varsamt fram til han var så nær reinen at ein såg vel augo hans. Det var eit gamalt merke på at ein var komen på passe hald.” Vidare skriv han: ”Snur reinen hovudet rett fram, eller vender bakenden rett mot skyttaren, lyt ein dra seg fort fram. Snur han sida til, lyt ein liggje dørgande still.” 

Vinden er sjølvsagt viktig: ”Dei gamle skyttarane tok då eit mjukt grasstrå om dei fann det, og eller eit hår tå hovudet eller or skjegget og heldt i været. Då kan ein ense vêrdraget om det er mest stilt. Ein lyt då stille seg fram mot veret. Om vêrdraget er veikt, kan likevel reinen få teften av skyttaren.”

 Så kjem Hermundstad med nokre råd når ein er fleire enn èin jeger. Då er det viktig å minne om at denne boka kom ut i 1964, og at mykje byggjer på eldre erfaringar frå jakt: ”Når to eller fleire skyttarar er komne så langt at dei har villreinen på skøthald, gjeld det å få livet tå så mange dyr som råd er. Den som var ustøast til å skyte, skaut gjerne fyrst. Det kalla dei stilleskøte. Den som skaut etterpå, skaut jagarskøte, eller skaut attpå. Dersom to skyttarar var vane med kvarandre, kunne båe skyte samstundes. Dei skaut unde smell, som dei sa.” 

Eit anna råd er at ”Såra rein søkjer alltid ned til vatn, om det er høve til det. Ofte la han seg ned like til vatnet og la hovudet ut etter vassflata.”

 Litt om det å overnatte i reinsfjellet. Mykje er sjølvsagt endra slik jakta er i våre dagar, det kan likevel vera eitt og anna tips: ”Av og til var det uteligging i reinsfjellet for veidarane. Stundom kunne det koma illver, så dei laut vera ute. Andre gonger dreiv dei med jakti så lenge at det vart uråd å koma under tak. Hadde dei skote rein, sveipte dei ikring seg hudene og la seg til i ei løgne. Var det ved å finne, gjorde dei opp varme. Men stundom laut dei springe rundt store steinar heile natti, så ein heldt varmen. Ei still, fin haustnott låg Ola K. Skjefte under ein stor stein  på Gravafjellet (Jotunheimen). Ei onnor natt krabba han inn i ei ur i Leirungsdalen. Han flekte turr torv av steinane og la seg under.”

Til slutt eit råd til dei som legg seg til i ei reinsbu eller ei skyttarbu: ”I buene låg det mest alltid turr ved. Det var frå gamalt fast sed at når villreinskyttaren gjekk or ei bu, skulle han hyre innatt ved til dei som kom. Den som forsømde dette, var ikkje aktande for ein skikkeleg jeger.”

Kjelde: Knut Hermundstad- Valdres bygdebok, kapittel V, Næringsvegane, digitalt tilgjengeleg på: http://www.nb.no/nbsok/nb/ffad4e149e9cb14b946980a4d8c1dd72?index=15#19


Odd Slåtten, reinsgjetaren frå Hol som blei ein svært dyktig og ettertrakta jeger. No har han for lenge sidan pensjonert seg frå reinsjakta. Foto: Kjell Bitustøyl

Odd Slåtten, reinsgjetaren frå Hol som blei ein svært dyktig og ettertrakta jeger. No har han for lenge sidan pensjonert seg frå reinsjakta. Foto: Kjell Bitustøyl

 

villrein.no – Kjell Bitustøyl