Mens me ventar på dyra

Det tredje møtet i haust i SVR-regi med verdiskapingsprogrammet ”Villreinfjellet som verdiskapar” som tema gjekk føre seg i midten av november i Hjelmeland, vest i Setesdal Ryfylke. Mellom 70 og 80 personar hadde møtt opp for å høyre på dei tre foredragshaldarane: den lokale historieforteljaren Arne Kleppa, Lena Romtveit frå Norsk villreinsenter Sør og dagleg leiar for Stavanger Turistforening, Preben Falck.

Tittelen på møtet, ”Mens me ventar på dyra”, avspeglar stoda for villreinen så langt vest i villreinområdet Setesdal Ryfylke. Området er det nest største villreinområdet i landet i flatemål etter Hardangervidda og har ei vinterstamme på ca. 3500 dyr. Utfordringa er at reinen i nyare tid ikkje brukar heile området, deriblant Hjelmeland sine marker. Men mange av dei frammøtte minnest godt at der var dyr og jakt også i desse heiane.


Arne Kleppa, historieforteljar frå Hjelmeland. Foto: Kjell Bitustøyl

Jakt i Hjelmelandsheiane

Arne Kleppa viste seg å vera ein forteljar av dei heilt sjeldne, han serverte den eine historia etter den andre frå ulike jaktturar, ofte med ein glimt i auga og med god kommunikasjon med publikum, mange av dei jaktkameratar. Slik levande forteljekunst er sjeldan vare i våre dagar.

Han snakka om forskjellen på ganglaget mellom ein bymann og ein bonde. Han var innom bygdefolks kontakt med bymannen Heiberg, ein kontakt som kunne vera problematisk ikkje minst for sauebøndene ettersom Heiberg kjøpte opp store område for å byggje opp ein ”villreinpark”. Slik blei Heiberg forhatt av mange, medan andre hadde eit anna forhold til han, og i ettertid har ein endra litt syn på dette etter som enden på visa etter 2. verdskrig blei at ”Njardarheim” blei ålmenning. Slik har mange bygdefolk i seinare tid kunne hatt glede av reinstamma i området.

Kleppe fortalde sjølvopplevde jakthistorier, om hellerar, dryge turar og jaktfellesskap heilt til 1989. Han var mellom anna innom då dei fyrste flya kunne transportere folk inn i heiane på 1960-talet.

Større vandringsmønster i eldre tid

Lena Romtveit frå Norsk villreinsenter har arbeidd mykje med GPS-merkeprosjekt av villrein i ulike område, også i Setesdal Ryfylke villreinområde. Ho nøsta opp den eldste villreinhistoria, då villreinen kom vandrande inn frå litt ulike retningar her til landet. Ved hjelp av den eldste dokumentasjonen på villreinfangst og villreinjakt, kan ein seie noko om kvar villreinen var og kva område reinen brukte. Store fangstanlegg finst ikkje så langt sør, men ein reknar med at Setesdal Ryfylkeområdet har vore ein del av eit større område for reinen, før vegar, jernbane og annan infrastruktur sette ein stoppar for deira vandringar.


Lena Romtveit frå Norsk villreinsenter Sør. Foto: Kjell Bitustøyl

Områda i vest meir i bruk før 2000

Romtveit la vekt på at ein ikkje må overtolke funn av fangstminne, ettersom registrerte fangstminne fyrst og fremst er gjort i forbindelse med kraftutbygging. Store område er med andre ord ikkje undersøkt. Ho kunne slå fast at områda vest for Svartevatn har hatt ein meir sentral plass som villreinområdet i tidlegare tider, mellom 1975 og 1990 var det meir villrein i vest. Så har storleiken på stamma hatt innverknad på kor store delar av villreinområdet reinen har nytta, stamma har i dette området som i dei fleste andre området svinga opp og ned. På byrjinga av 2000-talet har det vore mindre med dyr, berre einskilde bukkeflokkar har brukt desse områda, medan fostringsflokkane for ein stor del har vore lenger aust, i fylgje Romtveit.

To delbestandar

Kva har skjedd? spurde Romtveit og gav ei forklaring mange nok kan slutte seg til. Dei store kraftutbyggingane, med ikkje minst Blåsjø, har endra landskapet og med det reines åtferd. Og ein har fått to delbestandar i området, ein nord og ein sør for Blåsjø. For å finne meir ut om dette, blei det i 2014 sett på radiosendarar på reinsbukkar. Slik har ein òg prøvd å finne meir ut om kva andre barrierar kan ha og har betydd, til dømes Brokke-Suleskardvegen som er stengt vinterstid, men open på sommaren.

Med referanse til Nordfjella og neddemde trekk viste Romtveit kva som skjer med desse reintrekka, ein får store ”skuggeområde” fordi reinen endrar åtferd. Eit anna moment er at reinen sjeldan kryssar regulerte vatn vinterstid. Ho snakka òg om andre typar av infrastruktur som forstyrrar og konkluderte med at ein må sjå på summen av alle typar forstyrring. Likevel er det positive trekk i Setesdal Ryfylke villreinområde, bestanden er på veg opp og kalveprosenten er òg på veg opp. Om utfordringane framover sa Romtveit at klimaendringane med meir ising er eit varsku om at ein òg må hegne om utkantane i dette villreinområdet.

Avslutningsvis i møtet fekk dei frammøtte ei orientering frå dagleg leiar for Stavanger Turistforening, Preben Falck, om planane for ei ny turisthytte i Hjelmelandsheiane, i eit område der det har vore lite rein dei siste 10-15 åra.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing