Mennesket og reinen i fokus i Jokkmokk


Det var kvinnene som stod i bresjen for Arctic Ungulate Conference 2019 med Birgitta Åhman, heilt til høgre, som leiar for konferansen, vidare tre frå staben Birgitta hadde rundt seg, f.v. Heidi Rautiainen, Alessia Uboni og Anna Skarin. Foto: Kjell …

Det var kvinnene som stod i bresjen for Arctic Ungulate Conference 2019 med Birgitta Åhman, heilt til høgre, som leiar for konferansen, vidare tre frå staben Birgitta hadde rundt seg, f.v. Heidi Rautiainen, Alessia Uboni og Anna Skarin. Foto: Kjell Bitustøyl

Den 15. AUC-konferansen gjekk av stabelen 12.-16. august i Jokkmokk i Nord-Sverige. Her møttest forskarar på reinsdyr og moskus frå alle landa rundt den nordlege halvkule pluss forskarar òg frå mange andre land. Omlag 120 stk. deltok på konferansen, som blei ein avgjort suksess og ei viktig stadfesting av at fleire nasjonar står overfor dei same utfordringane i høve til sentrale miljøspørsmål: tap av areal og klimaendringar. Utflukt til verdsarvområdet Laponia var elles eit avgjort høgdepunkt.

Arctic Ungulate Conference (AUC) blir arrangert kvart fjerde år, og i år var altså Sverige vertskap. Det er gjerne slik at sjølv om dette er ein internasjonal konferanse, blir konferansen naturleg nok prega ein del av stoda i det aktuelle arrangørlandet. I 2015 blei konferansen arrangert på Røros, og lokal arrangør var Miljødirektoratet og Norsk institutt for naturforskning (NINA). Programmet då bar difor preg av kva desse to aktørane i denne samanhengen driv mest med: villrein. Og sjølv om Røros er eit viktig område for tamreindrift, var denne delen av “ungulates” i Noreg svært lite synleg på konferansen på Røros.

Les også “En særdeles vellykket reinkonferanse på Røros” (villrein.no)

Med dette som bakteppe hadde nok dei svenske arrangørane i år lagt ekstra vekt på den samiske reindrifta og det som høyrer denne kulturen til. Ikkje så unaturleg etter som Sverige korkje har moskus eller villrein. Konkret nedfelte dette seg blant anna i ein eigen “reindeer herders day”, der reindriftsutøvarar frå Noreg, Sverige og Finland, 15 i talet, var inviterte for å vera med på eit møte med forskarmiljøet.

Tam og vill rein

AUC-konferansen er organisert med hovudinnlegg (“keynote lecture”) knytt til spesielle tema, og utfyllande innlegg gjerne basert på ferske forskingsresultat eller pågåande forsking. Ofte er desse kortare presentasjonar frå doktorgradsstudentar frå ulike universitet. Det heile starta med eit for nokon litt vagt tema, “Beyond wild and tame” ved David Anderson, University of Aberdeen, Skottland. Anderson er antropolog og har eit meir filosofisk blikk på temaet. Han forskar blant anna på relasjonane mellom jegerar og reinsgjetarar både i Europa, inkludert Russland og Nord-Amerika. Han utforskar grenselandet mellom forståinga av dei ville og dei domestiserte bestandane. Anderson sette på ein måte dagsorden for eit tema som blei ein gjengangar på konferansen: forholdet mellom tradisjonskunnskap og forskingsbasert kunnskap. Han var òg innom kor gamal reindrifta kan vera, også dét eit tema fleire var innom. Relasjonen menneske-dyr står sentralt i desse tankebanane, også når det gjeld forholdet til villrein eller caribou. Det ein har felles på tvers av landegrensene er bl.a. knytt til urfolk, anten det gjeld inuittar i Canada, samar i Norden eller dei forskjellige urfolka i Russland. I denne bolken var ein òg innom eit anna tema. Bruk av ekstra fôring i reindrifta, noko som er svært vanleg i Finland, men som òg aukar på i Sverige.

Klassifisering og gener

“Vår eigen” Knut Røed blei presentert som “the rock star of genetics”, som den internasjonalt anerkjende genetikar han er. Han snakka om eit for mange norske, kjent tema, om istida og korleis dei ulike variantane av reinsdyr har vandra inn i Skandinavia, men i andre delar av nordområda. Genforskinga finn fram til ulike variantar av rangifer basert på dagens reinsdyrstammer og kombinerer desse med analyser av eldre beinmateriale. Slik kan ein finne ut mykje om vandringsvegar, endring i bestandane, genetisk mangfald eller ikkje, osv. Dette materialet blir sett inn i ein større samanheng der også mennesket blir ein aktør, ikkje minst gjennom domestisering av reinen. Supplerande innlegg handla blant om korleis ein kan finne spor av nettopp dette, til dømes i form av kastrerte reinsdyr, og om ein kan spore desse i eit historisk beinmateriale.


Tre norske deltakarar på konferansen: f.v. Ingrid Sønsterud Myren frå Norsk villreinsenter nord, Vemund Jaren frå Miljødirektoratet og genforskar Knut Røed frå Norges veterinærhøgskole. Foto: Kjell Bitustøyl

Tre norske deltakarar på konferansen: f.v. Ingrid Sønsterud Myren frå Norsk villreinsenter nord, Vemund Jaren frå Miljødirektoratet og genforskar Knut Røed frå Norges veterinærhøgskole. Foto: Kjell Bitustøyl

På ein slik konferanse er det umogleg å få med seg alt som skjer, etter som der går føre seg innlegg parallelt. Rovdyr og rovdyrproblematikk gjekk såleis samtidig med genforskingstemaet.

Klima, beite og næring


Klima var eit heitt tema på Arctic Ungulate Conference. Foto: Kjell Bitustøyl

Eit stort tema på konferansen var det som omfatta svingingar i bestandane, med klima, beite og næringsforhold som stikkord. Krise og dramatisk nedgang i einskilde cariboubestandar var tema, ikkje minst sett i samanheng med klimaendringane. Her blei stoda på Grønland og dei sterke svingingane i bestandane der eitt tema, men òg eit verkeleg kriseramma område, Québec-regionen i Canada, der den eine cariboustamma, på grunn av fleire faktorar har hatt ein svært dramatisk nedgang. Store svingingar i desse flokkane har ein òg hatt tidlegare, men ein hovudkonklusjon er likevel at nedgangen er merkbar òg i andre cariboustammer. Her ser ein litt av det same som norsk villrein- og tamreindebatt dreiar seg rundt: tap av areal/arealfragmentering, vidare klimaendringane, problem med rovdyr m.m. Overbeiting var òg ein faktor som blei teke med.

Svalbardreinen og klimaendringane var òg i fokus på denne konferansen, i fleire innlegg. I Noreg er det Svalbard som har vore mest framme når det gjeld klimaendringar og rein. Les også den tredelte artikkelserien “Klima og rein – potensielle verknader på beite, helse og sjukdom” (villrein.no).

Mennesket og reinen

Menneskeleg aktivitet påverkar reinsdyra enten dei er tamme eller ville. Det aktuelle temaet vindkraft og reinsdyr hadde ein eigen seksjon på AUC, me kjem tilbake til eit innlegg som forskar Sindre Eftestøl hadde seinare i høst. Vidare var ein òg innom utfordringane som samarbeidet mellom tradisjonell kunnskap og akademisk forsking byr på. Også her vil villrein.no koma tilbake med ein eigen artikkel.

Lapponia

Ein fabelaktig dag blei det då alle blei med på busstur til verdsarvområdet Laponia med påfylgjande guida fottur og omvisning i Naturrum Laponia, nært opptil to store nasjonalparkar Sarek og Stora Sjöfallet og naturreservatet Sjaunja. Her er store villmarksområde, men òg sterke inngrep frå vasskraftutbygging gjennom lang tid, utbyggingar som har øydelagt mykje samisk beiteland og skapt store vanskar for reindrifta her. Leiar for Sirgas sameby, Mikael Kuhmunen, gav oss rørande og sterk formidling av nettopp denne historia på bussen heim tilbake til Jokkmokk.


Eit høgdepunkt: Besøk i verdsarvområdet Laponia i Jokkmokk kommune. Foto: Kjell Bitustøyl

Eit høgdepunkt: Besøk i verdsarvområdet Laponia i Jokkmokk kommune. Foto: Kjell Bitustøyl

Samisk reindrift m.m.

Torsdag var som nemnd sett av til samane og reindrifta, dels parallelt gjekk der òg foredrag om vandringsvegar, bestandsutvikling m.m. i ulike reinpopulasjonar, ein var bl.a. innom vill finsk skogrein, forsking på både vill og tam rein i Sibir og villreinjakt på Island. Vidare fekk moskusen og problemstillingar knytt til desse bestandane på Grønland, i Canada og i Alaska òg sin rettmessige plass. Ein eigen artikkel om “Reindeer herders day” kjem etterkvart.

Helse og sjukdom

Siste dagen var det veterinærane sin tur, det dreia seg bl.a. om temaene: konsekvensar av klimaendringane, helsemessige utfordringar med fóring av tamrein og skrantesjuke. Siste tema er eit tema som er langt meir kjent i Noreg enn i dei andre nordiske landa og vidare utover. Susan Kutz frå Canada hadde hovudinnlegget om helse og sjukdom sett i høve til klimaendringane, medan medforfattar saman med Kutz av boka: ”Reindeer and caribou – health and disease”.

Les også “Ny bok om helse og sjukdom hjå reinsdyr og caribou” (villrein.no).

Morten Tryland, Universitetet i Tromsø, tok for seg den norske skrantesjukehistoria og problematikken omkring denne. I USA er denne prionsjukdomen som kjent funne på elg og hjort, men så langt ikkje på caribou. Jørn Våge frå Norsk veterinærinstitutt snakka om det norske arbeidet og den aktuelle forskinga knytt til skrantesjuke. Frå Sverige kom der òg eit innlegg der ein tok til orde for å endre utdanninga innafor veterinærfaget for å bli meir inkluderande i høve til dei samiske samfunna og deira utfordringar, blant anna ved at ein òg må inkludere meir av den samiske erfaringskunnskapen om dette temaet.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing