Med Terje Skogland på vestvidda i kalvinga


Johan Brun tok bilete og laga reportasjar til Dagbladet, også i samband med kalvinga på vidda. Foto: Kjell Bitustøyl

Johan Brun tok bilete og laga reportasjar til Dagbladet, også i samband med kalvinga på vidda. Foto: Kjell Bitustøyl

Det er kalvingstid og relativt lite aktivitet elles i fjellet. Men i periodar forskas det på reinen òg i kalvingstida. Ein pioner på dette område var i så måte villreinforskar Terje Skogland (1942-1994). Fotografen Johan Brun hadde det privilegium å få vera med mange turar til vestre delen av Hardangervidda saman med Skogland. I eit lydopptak som blei gjort for nokre år sidan, fortel han levande om dette, særleg hugsar han godt siste turen.

Forskingsarbeidet til Terje Skogland på reinkalvane starta opp på Hardangervidda på 1970-talet og varte fram til han døydde i 1994. Det vekte i si tid oppsikt og mange var skeptiske til å begynne med, men litt etter litt oppnådde han stor respekt også blant bygdefolket. Dette er noko uvdølen Johan Brun hugsar godt. Han var med Terje Skogland mange turar under kalvinga og ser tilbake på denne tida med stor glede. Dei kjente ikkje kvarandre så lenge, men utvikla i løpet av desse vårturane på vestvidda eit sterkt venskap med gjensidig respekt for den andre sin profesjon i fylgje Johan Brun; “du veit du kom nokså nær einannan når du låg i ei bu slik inni fjellet.”

Kalvingsområdet flytta seg
“Me var som regel tre stykke”, seier Johan. Han minnest spesielt godt siste turen, då var oppsynsmann Magne Hallanger frå Hardanger òg med. Det var i mai 1994, utpå hausten same året døydde Terje Skogland av kreft. “Me blei frakta inn med helikopter, til Oposjå, med flott utsikt til Folgefonna, alt var kvitt.” Johan tenkjer tilbake og det er spesielt éin ting han har merka seg, som òg Terje Skogland var oppteken av; det verka som om kalvingsområdet flytte seg litt år for år, mot sola i ei slags dreiing. Det starta i Veigdalen, drog seg litt sørvestover mot Hårteigen og vidare utover mot Sørfjorden og altså Oposjå, ikkje langt frå Lofthus.  


Terje Skogland fotograferer ein reinskalv under feltarbeid. Foto: Johan Brun

Terje Skogland fotograferer ein reinskalv under feltarbeid. Foto: Johan Brun

Med kalven i armane
Johan Brun har teke ein masse bilete frå desse turane, han fekk faktisk “fri” frå det vanlege arbeidet som fotograf i Dagbladet for å vera med Terje Skogland til fjells i mai. Så laga han reportasjar til avisa frå desse turane. “Terje var ein omsorgsfull ven og ein mild mann, du skulle sett andletsuttrykket hans når han sto der med reinkalven i armane. Det var som han heldt i ein baby, heilt merkeleg og særleg på slutten. Då var det så vidt han greidde å lyfte kalven opp, du ser tydleg at han ikkje greidde å samle føtene til kalven, slik han vanlegvis gjorde og liksom forma ei krybbe. Men han heldt rundt kalven og så hekk føtene rett ned.” Johan meiner det var fint for Terje Skogland at han fekk denne siste turen. “Han var svært oppteken av Hardangervidda, og det var der han fekk utfalde seg mest med forskinga som ei heilårsgreie, trur eg”, seier han ettertenksamt.

Sylfestnuten
Siste dagen står for Johan som eit heilt spesielt minne. Dette var siste dagen han var i lag med Terje Skogland, og dette var dagen han skulle koma til å ta sitt kanskje mest berømte reinsdyrbilete; reinsdyrkalven i Sylfestnuten. Berre namnet på nuten synest Johan i seg sjølv er vakkert. “Då var reinen rundt oss på alle kantar, og det var is på Oposjå, dyra trekte herifrå og opp, og så kom dei tilbake. Så sat eg oppå ein haug og flokken trekte retning fjorden. Men det var éi simle som blei att, ho blei åleine her fordi ho hadde ein nyfødt kalv, ho hadde sleikt han tørr. Og så hadde ho med seg fjorårskalven som for rundt og lurte på kvifor mor ikkje hadde var så hyggeleg som ho pla vera. Kalven låg så fint, så tenkte eg at no må eg prøve å koma innpå, fordi eg hadde aldri sett ein så nyfødt kalv som dette her slik, som låg heilt i ro. Eg gjekk heilt bort til han. Mora sirkla rundt og fjorårskalven hadde trekt seg unna. Eg fekk tatt bilete av han frå alle kantar, med Folgefonna på andre sida av Sørfjorden i bakgrunnen òg.”


Johan Bruns kanskje mest kjende reinsdyrbilete; "reinsdyrkalven i Sylfestnuten". Foto: Johan Brun

Johan Bruns kanskje mest kjende reinsdyrbilete; “reinsdyrkalven i Sylfestnuten”. Foto: Johan Brun

Ville gå på ski
Dei gjorde seg klare til avreise, helikopteret var bestilt, for Terje var ferdig med sitt han òg, fortel Johan. Han minnest kor spente dei hadde vore då dei drog til fjells og Terje insisterte på å gå på ski, han fekk på seg skiene, men då han datt måtte dei hjelpe han opp att. “Det var vondt å oppleva det, han blei i grunnen sinna på seg sjølv”, seier Johan og avsluttar med å fortelje om bilturen over Valdresflya tilbake til Trondheim. “Me stoppa oppe på Flya, eg skulle ta nokre fuglebilete. Då sette han seg ned i ein solbakke og sat roleg mens egprøvde å få ta nokre bilete. Sidan såg eg han ikkje, då me skildest var det slutt.”

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing