Mattilsynet vil ha uttak av reinen i Nordfjella i løpet av eitt år


Fyrste simla som fekk påvist skrantesjuke. Foto: Lars Nesse

Fyrste simla som fekk påvist skrantesjuke. Foto: Lars Nesse

Mattilsynet skriv i eit svarbrev om skrantesjuke til Landbruks- og matdepartementet av 20.4 at ein vil fylgje tilrådinga frå VKM-rapporten om å fjerne heile reinstamma frå sone 1 i Nordfjella i løpet av eitt år.

Det skal utarbeidast ein saneringsplan og Mattilsynet ønskjer i samband med denne planen bistand frå ei lokal tiltaksgruppe, under leiing av Miljødirektoratet og med representantar frå blant andre NINA, Veterinærinstituttet, Mattilsynet, tamreinnæring, villreinnemnd og grunneigarar.

Mattilsynet har diskutert VKM-rapportens tilrådingar med Veterinærinstituttet, og skriv at heile sone 1 må fjernast dersom ein skal ha eit håp om å utrydde skrantesjuke. Dei gjev ingen garantiar for at ein vil lykkast, men alternativet er at om ein ikkje gjer dette raskt, så vil sjukdommen med sikkerheit spreie seg. Vidare seier VKM-rapporten at om det skulle dukke opp skrantesjuke i andre område, sone 2 i Nordfjella eller Hardangervidda, så vil ei fjerning av sone 1 ikkje vera feil sidan dette er einaste måten å få tilbake ein frisk populasjon i Nordfjella på. Likevel meiner Mattilsynet at tiltak heile vegen må  reviderast i takt med ny kunnskap som kjem til, som t.d. funn av fleire tilfelle av skrantesjuke.

Saneringsplan
Målet er at uttaket skal skje i løpet av eitt år, ein ser òg for seg å få inn mest mogleg prøver i løpet av 2017, ikkje minst med tanke på å sjå om det kjem inn nye opplysningar som vil påverke strategien. Mattilsynet understrekar at bak dette tiltaket er ei samla forståing frå dei involverte etatane Veterinærinstituttet, Mattilsynet, Miljødirektoratet, SNO og NINA. Den lokale tiltaksgruppa under leiing av Miljødirektoratet skal utarbeide saneringsplanen, medan Mattilsynet skal stå for korleis planen skal setjast ut i livet. Ein ser for seg at det kan bli aktuelt å ta ut dyr òg i sommarhalvåret. Arbeidet skal avsluttast innan 1.5.2018. Mattilsynet legg vekt på at gjennomføringa skal skje på ein akseptabel måte i høve til dyrevelferd, og at val av avlivingsmetodemå sjåast i lys av dette. Ein seier også at alle dyr skal testast for skrantesjuke, og at ”negative” dyr skal kunne brukast som mat. I høve til avlivingsmetode og tidsforløp meiner Mattilsynet at å ta ut dyra som ved tamreinslakting har mange fordelar, blant anna med tanke på å ha god kontroll på skrottane og slakteavfallet. Dei ynskjer difor at tiltaksgruppa primært skal utgreie uttaket med tanke på å gjennomføre det som slakting, men ein meiner at andre avlivingsmetodar òg må vurderast. I alle høve vil ordinær jakt ikkje vera tilstrekkeleg for å få gjennomført uttaket innanfor tidsfristen som er sett opp.

Les heile brevet her.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing