Mattilsynet med info om skrantesjuken


Saltslikkesteinar som tiltrekkjer seg hjortedyr i utmark er forbode i Nordfjella sone 1. Illustrasjonsfoto: Roy Andersen/NINA

Saltslikkesteinar som tiltrekkjer seg hjortedyr i utmark er forbode i Nordfjella sone 1. Illustrasjonsfoto: Roy Andersen/NINA

Mattilsynet har sendt ut eit brev der dei refererer til det som tidlegare er sendt ut av informasjon om fjerning av skrantesjuken frå Nordfjellas sone 1. I dette brevet tek dei opp att dei vedtaka som er gjort ihøve til saneringsplanen, og kva som konkret er planlagt gjennomført. At ny kunnskap undervegs kan føre til endring av planane står òg ved lag. Samtidig omtalar dei òg kva konsekvensar desse tiltaka vil få for jegerar og grunneigarar.

Mattilsynet presiserer at ein førebels fylgjer saneringsplanen med uttak av dyr på tre måtar: ordinær jakt, statleg felling og inndriving i gjerde. Her seier ein at om det totale jaktuttaket viser seg å vera lågt, kan statleg felling ta til tidlegare. Medan den planlagte inndrivinga for avliving primært vil skje på vinterføre med bruk av snøskuter. Her vil vêr og føre vere viktige faktorar. Området som skal nyttast for inndriving er Kjøledalen. Stoplar skal setjast opp no i haust, medan resten av gjerdet skal setjast opp i forkant av sjølve inndrivinga.

Les heile brevet her.

“Adaptiv tilnærming”
Mattilsynet viser til heimelen i lova som seier at “Mattilsynet kan gi påbud om avlivning for å hindre spredning av skrantesjuke med hjemmel i bekjempelsesforskriften“. Samtidig tek ein opp at det som tidlegare er sagt: at saneringsplanen skal revurderast løpande etter kvart som ny kunnskap kjem inn. Brevet frå Mattilsynet er såleis òg eit svar på ein førespurnad frå villreinnemnda for Nordfjella og Fjellheimen om adaptiv tilnærming til det planlagte uttaket. Mattilsynet skriv: “Vi vil hele veien vurdere ny informasjon eller kunnskap som tilsier at saneringen bør stanses eller utføres på en annen måte.”

Sagt med andre ord: Mattilsynet kan stoppe eller avgrense uttaket dersom “nye forhold” tilseier det. “Nye forhold” kan vera; ny vitskapleg kunnskap, nye testmetodar på levande hjortedyr eller miljøet, resultat frå kartlegging av hjortedyr generelt og erfaring frå jakt.

Rett strategi
To positive dyr i Nordfjella sone 1 er resultatet så langt i jakta i haust, altså seks dyr i alt som er smitta. Mattilsynet ventar at fleire vil bli påvist som positive og meiner at ein enno er tidleg i sjukdomsutviklinga, og at eit raskt uttak som saneringsplanen legg opp til er rett strategi.

Konsekvensar for jegerar og grunneigarar
Avliving av villreinen i Nordfjella sone 1 vil ikkje føre at jaktretten blir borte, men konsekvensen for utøvinga av denne jaktretten er sjølvsagt opplagt. Gjennom årets utvida jakt vil grunneigarane få moglegheiter til noko auka inntekter i haust, skriv Mattilsynet, som samtidig presiserer at i perioden området ligg brakk vil dette føre til bortfall av inntekter frå jakt. Ein har i utgangspunktet sett denne brakkleggingsperioden til fem år, men også her vil ein vurdere tiltaka undervegs. Konklusjon: konsekvensane av uttaket vil difor gjelde for ein avgrensa periode.

Alternativet slik Mattilsynet ser det dersom ein ikkje gjennomfører dei planlagde tiltaka, er at skrantesjuken vil kunne forsette å få fotfeste i Nordfjella, med den konsekvens at ein redusert bestand på sikt vil redusere inntektene frå jakt, ein reduksjon som vil vare ved.

Saltslikkesteinar
Styremaktene har frå i sommar innført at saltslikkesteinar og andre typar utlegging av fór som tiltrekkjer seg hjortedyr i utmark skal vera forbode. Grindar skal vera sette opp rundt slikkesteinar i sone 1. Mattilsynet dekkjer utgifter til grindar og transport av desse, medan det er næringa som utfører sjølve arbeidet.

Avslutningsvis oppmodar Mattilsynet folk om å ta inn over seg alvoret i situasjonen og vera lojale overfor dei vedtekne tiltaka som skal syte for at ein får bukt med skrantesjuken.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing