Taksering av lavbeite – viktig del av kvalitetsnorma


Frå  lavbeitetaksering i Stigstuvdalen på Hardangervidda, Erik Skjoldal. Foto: Siri Wølneberg Bøthun

Frå lavbeitetaksering i Stigstuvdalen på Hardangervidda, Erik Skjoldal. Foto: Siri Wølneberg Bøthun

Som ein del av arbeidet med ei kvalitetsnorm for villrein, delnorm 2, er det i gang lavbeitetaksering i fleire område. Dette arbeidet har gått føre seg sidan 2016 og i sommar har Siri Wølneberg Bøthun frå Sogn Naturforvaltning på oppdrag av NINA blant anna drive beitetaksering av lavbeite på Hardangervidda, altså vinterbeite for villreinen. Men kartlegging av reinbeite på Hardangervidda har òg ei eldre historie. 


Siri Wølneberg Bøthun på feltarbeid

Siri Wølneberg Bøthun på feltarbeid

Siri Wølneberg Bøthun

Siri Wølneberg Bøthun har undersøkt lavbeite på Hardangervidda denne sommaren – eit typisk vinterbeite som ligg rundt Kalhovd og ved Sønstevatn på Aust-Vidda. Eit anna område er òg undersøkt, det ligg ved Skardbuåsen noko lenger vest. Og Bøthun, som er erfaren på dette området, har denne gongen hatt med seg to «lærlingar» frå Norsk Villreinsenter sør: fagkonsulent Lena Romtveit og naturrettleiar Tuva Flor Lien. Bøthun har òg hatt med seg Erik Skjoldal i ei prosjektstilling i sommar, han var òg med i fjor då dei arbeidde i Nordfjella, Vest-Jotunheimen og Fjellheimen, i dei to sistnemnde områda var òg Geir Rune Rauset frå NINA med.

Metoden ein nyttar har røter langt tilbake. I eit kapittel i boka «Reindriften og dens grunnlag» (Skjenneberg og Slagsvold 1968), under «praktisk beitegransking», snakkar ein om ei såkalla linjetaksering, der ein legg takseringsliner fleire stadar i terrenget, slik at ein skal passere mest mogleg representative område. Bøthun brukar omgrepet transekt som rett og slett tyder linje eller profil av vegetasjon ein ønskjer å undersøkje. Ved hjelp av analyse innanfor ruter på 50 x 50 cm som blir plassert slik at det ligg ei samling av fem ruter med om lag 500 meter mellom kvar lokalitet, skal ein måle tilstanden til lavet, tjukkleik, dekningsgrad osv. Området er identisk med eit område ein undersøkte i 2016, altså handlar det om å undersøkje endringar i løpet av fem år. Arbeidet er avslutta såpass nyleg at det enno tek litt tid før resultata av desse takseringane er klart.


“Lærlingane” Tuva Flor Lien og Lena Romtveit frå Norsk Villreinsenter på lavbeitetaksering. Foto: Siri Wølneberg Bøthun

“Lærlingane” Tuva Flor Lien og Lena Romtveit frå Norsk Villreinsenter på lavbeitetaksering. Foto: Siri Wølneberg Bøthun

Overvåkingsprogrammet for hjortevilt og kvalitetsnorma

Arbeidet med lavtaksering høyrer til innafor Overvåkingsprogrammet for hjortevilt, der reinsdyrforskar Olav Strand frå NINA representerer villreinen. Eit transekt blei lagt ut i regi av NINA i 2016 på Hardangervidda med tanke på overvåking av lavbeita, i 2017 og 2018 blei det same gjort i Nordfjella med tanke på den spesielle situasjonen der. Data frå overvåkingsprogrammet blir òg gjort tilgjengelege for utviklinga av metodar innafor satelittovervåkinga av lavbeite innafor kvalitetsnorma for villrein. Delnorm 2 i kvalitetsnorma handlar om tilstanden i lavbeita, det ein kallar lavbiomasse, altså vinterbeita. Her har NINA fått i oppdrag å utvikle ein ny metodikk som skal rekne ut lavmengde ved hjelp av satelittfoto der dei har teke i bruk kunstig intelligens i tolkinga av bileta, bakgrunnen er ei rivande teknisk utvikling innafor dette feltet.


Foto: Siri Wølneberg Bøthun

Foto: Siri Wølneberg Bøthun

Meir bakkedata må til

Ein konklusjon i samband med utviklinga av ny metodikk, noko som gjer ein i stand til å rekne ut lavbeite i heile villreinområdet, er at det må hentast inn meir bakkedata som skal nyttast i kombinasjon med datatolkinga av satelittbileta. Utfordringane er mange, blant anna det fenomen at lav ofte er dekt av anna vegetasjon. Forskarane vurderer ulike modellar og målet er at ein skal ha ein kvalitetssikra modell på plass innan hausten 2021 då dei 10 nasjonale villreinområda skal vurderast etter den nye kvalitetsnorma. Ein kan konkludere med at kvalitetsnorma slik er med på å gje arbeidet med ein ny lavmodell eit lyft som kan hjelpe forvaltninga med å betre vurdere tilstanden i lavbeita og med det fylgje utviklinga i framtida. (Viser her til ein artikkel i Villreinen 2021, forfattar Geir Rune Rauset m.fl.).


Gulskinn Foto: Kjell Bitustøyl

Gulskinn Foto: Kjell Bitustøyl


Kvitkrull Foto: Kjell Bitustøyl

Kvitkrull Foto: Kjell Bitustøyl

Litt historikk, Aksel Tveitnes – ein pioner

Tek me eit tilbakeblikk når det gjeld kartlegging av villreinens beite på Hardangervidda, har dette gått føre seg over lang tid. Ein pioner i så måte er Aksel Tveitnes, han var den fyrste som studerte samspelet mellom lavmattenes dekningsgrad og storleiken på villreinstamma over ein lengre tidsperiode. Sluttrapporten kom i 1980: «Lavgranskning på Hardangervidda 1951 – 1979, tilvekst og avbeiting i lavheisamfunnene, en granskning for praktisk-økonomiske forhold.» Utifrå undersøkingane han gjorde, kom han med eit overslag på ca 15 000 vinterdyr. På den tida prosjektet starta opp fanst det både tamrein og villrein på Vidda, og i fyrste perioden bruka han 60 analyseruter i villreinområda og 40 analyseruter i tamreinområda. For heile perioden 1951-1979 inspiserte han 495 ruter, men få av desse var på Austvidda. Det handla om vekst hjå lavartane gulskinn, reinlav og kvitkrull. Ved hjelp av sju ulike føresetnader, f.eks. det totale nyttbare arealet, vinterbeiteperioden osv., kom han altså fram til det omtrentlege talet 15 000 vinterdyr på Vidda, men ha tek atterhald om ein viss feilmargin. Det høyrer med til historia at villreinforskar Terje Skogland i si tid viste til rapporten til Tveitnes, då han publiserte NINA-rapporten «Villreinens bruk av Hardangervidda» frå 1993. (Desse opplysningane er henta frå Villreinen 2013, forfattar Dag K. Bjerketvedt).

Mange undersøkingar opp gjennom åra

Den same Bjerketvedt hadde saman med Arvid Odland og Jan Heggenes publisert ein artikkel i 2012 med tittelen «Hvor stort er vinterbeitearealet på Hardangervidda?». Her blir det referert til seinare målingar av areal, lavbiomasse og lavproduksjon, blant anna det internasjonale IBP-prosjektet som gjekk føre seg i åra 1968-1978. Og i 1979 kom ei anna analyse av samspelet mellom optimal reinsdyrproduksjon, tilgangen på lav og lavbiomasse. Bak denne analysen stod Eldar Gaare og Terje Skogland, modellen dei arbeidde utifrå bygde på data frå Hardangervidda og andre sørnorske område.

Somrane 1988 og 2004 var det Gaare, Tømmervik og Hoem som gjorde ei taksering av beita på Hardangervidda med vekt på vinterbeita. Etter dette kjem det blant anna ei vurdering av vinterbeita på Vidda i perioden etter 2004 ved hjelp av nye fjernmålingsteknikkar, resultata her er publisert i 2006 (Olav Strand m.fl.) Strand viser her bl.a. til at ein kan påvise betydelege endringar i lavbeita i ein del område frå 1951 og fram til våre dagar (2012). Nyare teknologi, bruk av satelittfoto og digitale kart, har ført diskusjonen inn på nye spor. Skal ein summere opp, viser dei ulike undersøkingane opp gjennom åra at resultata spriker såpass mykje at dette var krevjande for dei som forvalta villreinstamma. Og det blei stilt spørsmål ved om satelittbilete kunne gje eit anna resultat enn direkte feltanalysar. (Denne summariske gjennomgangen er henta frå ein artikkel i Villreinen 2012.) 

villrein.no – Kjell Bitustøyl