Kvifor har villrein så mykje sterkare vern enn tamrein?


Ellinor Marita Jåma, leiar i NRL, stiller spørsmål om kvifor villrein har så mykje sterkare vern enn tamrein. 

Ellinor Marita Jåma, leiar i NRL, stiller spørsmål om kvifor villrein har så mykje sterkare vern enn tamrein. 

I etterkant av Olje- og energidepartementets (OED) avslag om vindkraftutbygging i Setesdal Austhei, har det kome reaksjonar frå tamreinhald om kvifor ikkje tamreinen kan få eit liknande vern som villreinen, for eksempel i høve til vindkraftutbygging. Ellinor Marita Jåma, leiar av  Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL), seier i eit intervju at dei opplever forskjellsbehandling frå staten.

I samband med at OED sette foten ned for vindkraftutbygging ved Hovatn i Setesdal Austhei, var det naturleg nok mange i villreinmiljøet som uttrykte glede, dette var ein seier. Samtidig kom det tilbakemeldingar frå folk i tamreinmiljøet om kvifor ikkje også tamreinen skal kunne få eit slikt vern, villrein og tamrein har langt på veg dei same utfordringane i høve til trugsmåla mot beiteareala og arealfragmenteringa som ei slik vindkraftutbygging fører med seg. Som kjent er det sett i gang utbygging av vindkraft på Sør-Fosen, midt i eit samisk reinbeitedistrikt, ei utbygging som har ført til sterke protestar frå tamreinnæringa og samiske organisasjonar. Også i andre reinbeiteområde ligg det føre slike planar.

Ellinor Marita Jåma, leiar i NRL, stiller seg i eit intervju med villrein.no, positiv til eit tettare samarbeid mellom villrein- og tamreininteressene i høve til felles utfordringar. Eg spør henne om korleis ho opplever kontakten mellom villreinmiljøet og tamreinnæringa generelt.
– Der må eg vera ærleg og seie at det har vore lite og ingen kontakt. Eg har ikkje hatt noko samarbeid eller nokon samtalar med dei som jobbar med villrein. Korleis det har vore før mi tid det veit eg ikkje, seier ho.

Villreinen har sterkare vern
Ei nærliggjande forklaring er at villreinen ligg under Klima- og miljødepartementet (KLD), der står naturvernomsyn sentralt, medan tamreinen ligg under Landbruks- og matdepartementet (LMD), der handlar det fyrst og fremst om næring og landbruk. Trass i denne administrative oppdelinga, er villrein og tamrein langt på veg same dyret, som et same maten, og som brukar areal på ein nokså lik måte.
– Korleis opplever du denne manglande kontakten, kva er største hinderet for å få til ein slik kontakt, til dømes i høve til vindkraftproblematikk?
– Eg er veldig usikker på det, fordi eg veit heilt ikkje kva som er største hinderet. Villreinen blir forvalta av staten ved KLD, og det som eg ser og som overraskar meg veldig, er kor mykje sterkare vern villrein har enn tamrein, f. eks. i høve til stenging av vegar, og det at det til dømes ikkje skal vera rovdyr i dei her områda. Ein føler på eit vis at det er ein forskjell frå statens side i forhold til forvaltninga. At villrein slik skal ha eit mykje større vern enn tamrein er for meg uforståeleg, eigentleg.

Samisk tradisjonskunnskap
Frå tamreinhald høyrer ein ofte at samisk tradisjonskunnskap om reinen ikkje har blitt tatt inn i varmen i særleg grad i høve til villreinmiljøa og forskingsinstitusjonane. Ellinor Marita Jåma stadfester dette:
– Me jobbar for at kunnskapen vår skal bli anerkjent, for når det blir gjort forsking på rein, blir det ikkje tatt omsyn til den tradisjonelle kunnskapen. Me jobbar veldig for at kunnskapen vår skal vega like tungt som den akademiske kunnskapen. Dette er eit kjempeproblem, anten det handlar om rovdyr eller inngrep. Det at ein ikkje ser samanhengane i forhold til f. eks. arealinngrep med rovdyrproblematikken. Rovdyra lever på dei same areala som reinen gjer, og ei innskrenking av areala har ikkje berre konsekvensar for reinen, det har òg konsekvensar for rovdyra. At dette ikkje blir sett på i samanheng, ser eg òg på som ei stor utfordring. Det går ikkje å snakke om rovdyr utan å snakke om areal.
– Korleis kan de jobbe for å nå fram?
– Me har stilt krav gjennom LMD. Me prøvar no internt i NRL å inngå eit samarbeid med Samisk høgskole, dei har eit tradisjonskunnskapsprosjekt, for å få større gjennomslag for den type kunnskap. Me er i starten enno, for me har ikkje fått forankra dette på noko vis, korkje gjennom lov eller forskrift, f. eks. i forhold til konsekvensutgreiingar. Me krev at det òg skal vera ein samisk kompetanse og at denne skal leggjast vekt på. Viss reindrifta ikkje er fornøgde med dei personane utredarane utpeikar, så skal reindrifta kunne peike ut ein person som ein har tillit til. For det her handlar om tillit. Me opplever ofte i konsekvensutgreiingane at det manglar kunnskap i forhold til reindrifta, og at dette ofte slår veldig negativt ut for oss.

Sterkare saman?
– Manglar ein eit slags forum der villreinfolk og tamreinfolk kan møtast? Slik at ein f. eks. kunne stå sterkare mot vindkraftplanane? For mykje er vel felles?   
– Eg trur ikkje det er veldig store forskjellar, utan at eg veit dette sikkert. Når det gjeld samarbeid, er det einaste eg kjenner til at nestleiaren vår Inge Even Danielsen har hatt og har eit visst samarbeid med villreinforskar i Norsk institutt for naturforskning (NINA), Olav Strand.  Men per i dag er det ikkje nokon felles formell møtearena. Men eg ser ikkje på dette som umogleg, at ein kan greie å knytte større kontakt når det gjeld felles interesser og utfordringar. Det er slik me òg samarbeider med tett med Naturvernforbundet, sjølv om me er langt frå einige med dei når det gjeld rovdyr. Me må likevel alliere oss med dei som me ser kan tale vår sak. Det kan god vera at ein kan bli flinkare når ein ser dei utfordringane som er i forhold til areal, at ein kan ha ein større kontakt opp mot f. eks. Norsk villreinsenter, for å sjå på om ein har saker ein kan samarbeide om.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing