Kven dreiv fangstanlegget på Verket? – Del 1


Frå utgravingane på Verket sommaren 2018, arkeologar saman med Rolf Sørumgård (oransje jakke) som var koordinator for dei friviljuge. Foto: Brit Solli

Frå utgravingane på Verket sommaren 2018, arkeologar saman med Rolf Sørumgård (oransje jakke) som var koordinator for dei friviljuge. Foto: Brit Solli

Fleire artiklar har blitt publisert i det seinare om utgravingane ved Verket i Slådalen i Lesja, det best bevarte reinfangstanlegget i verda som ein kallar det. Det store spørsmålet er: Kven var det som dreiv denne fangsten?

Professor i arkeologi Brit Solli var den som sette i gang utgravingar ved det kjende massefangstanlegget ved Verket i Lesja sommaren 2018. Solli er knytt til Kulturhistorisk museum i Oslo og fatta interesse for dette etter å sett denne spanande lokaliteten og prata med lokalkjende folk i 2017. Før det hadde ho vitja det ruseforma anlegget ved Slådalsvegen i 2011.

Prøvestikk 2017

Solli tok kontakt med Per Jordhøy som hadde greie på slike massefangstanlegg, og slik rulla ballen vidare. Det viste seg å vera stor interesse for å få i stand ei undersøking. Solli var på synfaring på Verket saman med Rolf Sørumsgård og Runar Hole i 2017. Og saman med arkeolog Nina Hilde frå Oppland Fylkeskommune og animal-osteolog Anne Karin Hufthammer gjorde Solli prøvestikk og tok ut dateringsmateriale sommaren 2017. I 2006 hadde det òg blitt grave ei sjakt i beinmottingen mellom nokre av tuftene. Professor Knut Røed, ekspert på DNA frå rein, tok prøver og fann mellom anna ut at reinen som var slakta på Verket var genetisk i slekt dagens villrein i Rondane.

Mange deltok i 2018

Kort fortalt fekk ein inn støtte frå mange hald til å setje i gang med ei meir grundig utgraving i 2018. Dei som gav støtte til prosjektet var desse: Villreinløypa / Gudbrandsdalsmusea, Nasjonalparkstyret for Reinheimen, Lesja kommune, Lesja fjellstyre, Nansenfondet, Nils Øveraas og Kulturhistorisk museum. Oppland fylkeskommune var òg positive og deltok med sine arkeologar. Også frå Bergen deltok arkeologar, desse var spesialistar på beinmateriale. Likevel var ein avhengig av friviljuge, og både lokale folk frå Lesja og andre interesserte deltok.

Problemstillinga var samansett, blant anna kva som var den kulturhistorisk konteksten til massefangstanlegget. Eitt av spørsmåla arkeologane stilte seg var: kven var fangstfolka?

Brit Solli har publisert i alle fall to artiklar om temaet, den eine er ein kortare versjon som stod på trykk i Lesja historielag si årbok 2018. Den andre og meir omfattande artikkelen er på engelsk og er mindre tilgjengeleg: Reindeer Hunting, Materiality, Entanglement and Society in Norway (september 2018). Denne artikkelen er forfatta før utgravingane i 2018, men diskuterer etnisitet på meir generelt grunnlag om villreinfangst.

Det fylgjande er for det meste henta frå denne artikkelen. I tillegg har arkeolog og fangstekspert Runar Hole saman med professor Brit Solli nyleg publisert ein artikkel i årets utgåve av årboka Villreinen. Meir bakgrunnsstoff for denne utgravinga er òg å finne i artikkelen “Spennende funn i det best bevarte reinfangstanlegget i verden” (villrein.no).

Kven meiner Brit Solli var fangstfolka på Verket?

Mykje av diskusjonen rundt desse massefangstanlegga som for ein stor del skal ha gått føre seg på 1200-talet, har gått på kven som kontrollerte denne nesten industrialiserte massefangsten. Var dei spesialistar som budde nær fangstanlegget, eller var dei lokale bønder? Ein tidlegare teori om at spesialiserte jegerar levde permanent ved anlegget har i seinare tid blitt forkasta av dei fleste forskarane. Var dei så lokale bønder som dreiv med dette som ei “attåtnæring” både på austsida og vestsida av fjella?

Solli lyfter fram ein pågåande diskusjon om kva for etnisitet jegerar og fangstfolk i vikingtid og mellomalder hadde. Var dei norske, samar eller ein blanding av folkegruppene der ein hadde ulike roller og spesialkunnskap i å fange og jakte rein? Ho meiner at dette spørsmålet framleis er ope, sjølv om einskilde har kome med konkrete framlegg. Ho trekkjer fram tilsvarande fangstanlegg i Finnmark som var organisert av den samiske befolkninga og stiller spørsmål ved om anlegga i Sør-Noreg kan vera bygde av samar og nordmenn i fellesskap. I alle høve meiner ho at lokale folk har vore involvert. Samtidig viser ho til at sannsynlege samiske tufter er funne så langt sør som Hallingskarvet og at etnisiteten til fangstfolka både kan ha vore av norsk og samisk opphav.


Sannsynleg samisk tuft i Byrkjedalen nord for Hallingskarvet i Hallingdal. Kan samar ha vore med som ekspertar i samband med massefangstanlegg for rein? Foto: Kjell Bitustøyl

Sannsynleg samisk tuft i Byrkjedalen nord for Hallingskarvet i Hallingdal. Kan samar ha vore med som ekspertar i samband med massefangstanlegg for rein? Foto: Kjell Bitustøyl

Solli viser til andre massefangstanlegg for rein, til dømes Sumtangen på Hardangervidda. Her har arkeolog Svein Indrelid og osteolog Anne Karin Hufthammer kome til den slutninga at lokale folk åleine ikkje kan ha stått for dette, til det har oppgåvene vore for omfattande. Solli er av ei anna oppfatning og argumenterer med at 1200-talets mellomaldersamfunn var svært hierarkisk oppbygd med mektige landeigarar som kunne kontrollere mange gardar i ein region. Desse lokale landeigarane kunne greie å samle ei tilstrekkeleg mengde folk, dvs. undersåttar, for å organisere eit slikt massefangstanlegg. Dei lokale, enten dei var samiske eller norske, hadde den beste kunnskapen om vandringsvegane til reinsdyra og visste godt korleis ein kunne finne fram til dei moglegheitene landskapet baud på. Difor var den lokale landeigaren i fylgje Solli ikkje direkte avhengige av utanforståande i høve til sjølve fangsten, men meir i neste led, altså nettverket for sal av produkta. Slik ser Solli for seg at Kongen eller Kyrkja kunne bli involvert eit steg lenger ute i prosessen, då kunne dei krevje inn skatt, og “mellommennene” kunne erverve sin forteneste gjennom vidaresal av produkta frå reinsdyrfangsten til marknaden der ute. Etterspørselen var der, både kjøt (tørka og røykt), skinn, gevir og bein. Ikkje minst er det godt dokumentert at etterspørselen etter råvare, dvs. gevir, for kamproduksjon har vore stor i ein periode.

Neste del av artikkelen kjem i neste veke.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing