Kor lenge bør me drive på med GPS-merking av villrein?


Kor lenge skal vi merke rein? Det er eit av spørsmåla Olav Strand utfordrast på i dette intervjuet. Foto: Anders Mossing

Kor lenge skal vi merke rein? Det er eit av spørsmåla Olav Strand utfordrast på i dette intervjuet. Foto: Anders Mossing

Villreinforskar Olav Strand stiller nokre kritiske spørsmål når det gjeld bruken av GPS-merking i høve til både forsking og forvaltning. Han spør om kor lenge me bør drive på med GPS-merking av villrein på denne måten. Som forskar tenkjar han framover og ser for seg andre metodar, han meiner me ikkje kan gjera oss avhengige av GPS-data i den framtidige forvaltninga av villreinen.

Olav Strand i Norsk institutt for naturforskning (NINA) er den som kjenner GPS-merkinga av villrein aller best, han har vore med heilt frå starten i 2001 og har styrt alle prosjekta. Frå 2009 har Roy Andersen i NINA vore feltansvarleg. Strand meiner difor at det er han som er mest oppdatert i forhold til kva som skjer i felt, medan han sjølv meir driv med overbygninga, altså kvifor og på kva grunnlag slik merking skal setjast i gang. Strand ser for seg eit scenario der ein ved hjelp av GPS-overvaking kan koma i ein situasjon der det vert svært trongt i norske fjell. Han er bekymra dersom denne forskinga som han sjølv har stått i spissen for, skal kunne legitimere endå større inngrep, slik at ein til dømes innafor forvaltninga tillet seg å tenkje ”kor smal kan denne korridoren vera” i høve til reinstrekk.

Minimumsforvaltning
Strand snakkar då om ei minimumsforvaltning. At ein brukar GPS-merking ikkje berre til å kartlegge om ”er det ein barriere her?” – men at denne problemstillinga blir erstatta av ”kor smal kan korridoren væra”? Det fyrste spørsmålet er viktig og har gjeve viktig kunnskap, det andre representerer en langt meir tvilsam bruk av GPS-sendarane. Strand stiller spørsmålet:
 – Kor presise me kan bli? Eg ser for seg at ein må hente inn metodar og kunnskap på andre måtar òg. Ta til dømes dei komande diskusjonane om vindkraft. Der meiner eg ein må stille spørsmål ved om kven som skal ha bevisbyrden? Her er eg opptatt av å kunne hente inn kunnskap frå dei samiske aktørane som alt er godt kjende med denne problemstillinga.

Ikkje overdrive verdien av GPS
Strand meiner at kunnskapen som GPS-merkinga gjev oss, er forførande og kan vera med på å låse oss fast i ein bestemt tenkjemåte. Slik kan me koma til å gløyme dette med den eldre tradisjonskunnskapen som trass alt finst rundt omkring. GPS-forskinga står for ei spesiell forståing av røyndomen, meiner Strand og viser til eit elementet av tid som spelar inn. 
– Det lengre tidsperspektivet krev ein annan kunnskap, til dømes ein kunnskap som reinsdriftsutøvarar kan ha. Me ikkje må overvurdere den kunnskapen GPS-merkinga gjev oss. 
Han tek fram eit eksempel i samband med kryssingspunktet for villrein på Setesdal Austhei ved Bjørnevatn, der ein ikkje for all framtid kan bruke GPS-data for å overvake situasjonen. 
– Korleis ser du for deg at ein best bør bruke denne teknologien?
– Tida er mogen for å avslutte GPS-merkinga til dømes i Setesdal Vesthei. Her bør ein heller telje folk utifrå ferdselsrestriksjonane som er sett i verk på basis av den kunnskapen ein alt har samla inn. Så kan ein etter 5-10 år heller merke på nytt og sjå kva som har skjedd med reinen i tråd med dei måla ein hadde sett seg. Det same gjeld i Snøhettaområdet, der er no arealbruken godt dokumentert, og der er ikkje lenger slike behov. Både Roy Andersen og eg ser på GPS-merkinga som eit nødvendig onde. 

Ei anna side ved forskinga på rein har vore dette med felling av rein på vinterstid til forskingsformål. Her ser Olav Strand for seg at bruk av foto og betre kunnskap om kondisjonen til dyra er ein både billigare og meir formålstenleg metode. Han meiner som forskar at ein heile tida må søkje seg mot dei metodane som er mest hensiktsmessige.


Foto: Anders Mossing

Foto: Anders Mossing

Hardangervidda er spesiell
– Me ser at merkelysta er stor, då er det òg min jobb som forskar å seie frå, for eksempel om at her har me samla inn så mykje kunnskap at me lærer ikkje så mykje meir. Då handlar det meir om avbøtande tiltak til dømes i forhold til arealbruken. Men eitt område skil seg ut: Hardangervidda. Der vil det vera ynskjeleg å fortsetje med merkinga i åra framover.
– Kvifor er Hardangervidda så spesiell?
– 40 % av villreinen i Noreg lever på Hardangervidda, og det store arealet er spesielt. Som økolog meiner eg at me treng eit område der me kan studere villreinens bruk av areal i eit langt tidsperspektiv. Me har alt fylgd desse vandringane sidan 2001. Difor har me moglegheiter til å forske på dei langsiktige endringane. Eg meiner det er viktig at me har eitt område med ein superlang dataserie. Dette er alt no den mest langvarige studien i verda av hjortedyr på vandring registrert med GPS. Så er forvaltningsutfordringane formidable på vidda, debatten om bestandsutviklinga har til tider har teke svært stor plass. Ein er nok meir tent med å fokusere på andre forhold som til dømes effekten av ferdsle og store jegerkonsentrasjoner i enkelte område. 


På Hardangervidda har man merka dyr sidan 2001. Her bør ein antakeleg fortsette den lange dataserien. Foto: Anders Mossing

På Hardangervidda har man merka dyr sidan 2001. Her bør ein antakeleg fortsette den lange dataserien. Foto: Anders Mossing

Arbeidet i styringsgruppene
Ein ”sideeffekt” av GPS-merkinga er i fylgje Strand at arbeidet i styringsgruppene og diskusjonane rundt sjølve arealforvaltninga har vore fruktbare for den lokale forvaltninga. Desse prosjekta har skapt ein heilskap og har bidrege til større tillit og relevans.
– Spørsmålet blir korleis ein skal halde arenaen levande også etter at GPS-merkinga er avslutta. For GPS-merkinga i seg sjølv kan ikkje vera limet i dette arbeidet, meiner Strand.

Forskingsresultat og formidling
Olav Strand fortel elles at ein kongstanke han har tek utgangspunkt i arbeidet med å omsetje forskingsresultata til eit digitalt kart og interaktive forteljingar. 
– Dette kan bli ei arbeidsform der arbeidsgruppene som har vore involvert i dei ulike prosjekta, kan skape ein ny og samlande arena. Slik kan ein sjå heilskapen i utfordringane og finne fram til dei beste løysingane. På same måten som GPS-prosjekta har vore eit samlande tema, kan og bør også arbeidet med å nytte data og forskingsresultat bli noko som samlar dei ulike partane som kjem i berøring med forvaltninga av villreinareala. 

Strand kjenner på ansvaret han som forskar har. Avslutningsvis seier han:
– Eg ser for meg at det framtidige arbeidet med å bevare villreinareala bør bidra sterkt til formidlinga og dermed bruken av resultata.

Les også “GPS-merking av villrein – eit tilbakeblikk” (villrein.no) og “Ising på GPS-sendarar har fått konsekvensar” (villrein.no)

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing