Kontorutsikt mot Snøhetta


Connie Malen Moen driv naturrettleiing ved viewpoint SNØHETTA i sommar. Foto: Kjell Bitustøyl

Connie Malen Moen driv naturrettleiing ved viewpoint SNØHETTA i sommar. Foto: Kjell Bitustøyl

Connie Malen Moen er i sommar naturrettleiar ved viewpoint SNØHETTA på Dovrefjell. Kvar dag gjeng ho til “kontoret” på Tverrfjellet 1220 moh for å fortelje om naturen i området og vera naturguide for alle dei tilreisande som tek den 1,5 km lange turen etter den tilrettelagte stien frå parkeringsplassen. Dette skal ho fortsetje med til 1. oktober.

Allsidig bakgrunn
Connie Malen Moen kjem frå Alta og har vakse opp med natur og fjell. Ho er i sommar engasjert av Norsk villreinsenter på Hjerkinn for å drive med naturrettleiing ved viewpoint SNØHETTA. Bakgrunnen hennar er blant ann at ho i mange sesongar har hatt liknande jobbar, ho har blant annan arbeidd eit heilt år ved Tromsø Museum, vore knytta til “Polarstjerna”, ei selfangstskute i Tromsø, arbeidd eit halvt år i Alaska og vore tilsett ved Klimaparken ved Juvasshytta i Jotunheimen. Ho har òg vore guide i heimbygda Alta på Hjemmeluft/Jiepaluokta, som er Nord-Europas største samling av helleristningar, laga av jeger- og fangstfolk og innskrive på UNESCO’s Verdensarvliste. Ho har òg arbeidd med samisk kultur og tradisjon.    

Connie er òg utdanna psykolog og har praktisert innafor dette yrket. Ho seier at denne utdanninga er absolutt noko ho får bruk for i guidinga og formidlinga på viewpoint SNØHETTA. Det kan til dømes vera det å snakke med folk som kjem til utsiktspunktet i korte skjørt og høghæla sko! «Og det kan handle om både fysisk og psykisk helse inn i ein slik samanheng», fortel Connie.

Mange besøkande
Arbeidsoppgåvene hennar er å rettleie om natur, plante og dyreliv, og forvalting avnatur. Villreinen og moskusen står sjølvsagt sentralt i formidlinga. Ho har storslått “kontorutsikt” mot Snøhetta-området og vide omkring og er her 5 dagar i veka, uansett vêr. Så langt i sommar har det ikkje vore ein einaste dag anna det har vore folk som har teke turen opp hit. I fjor kom det 27 000 besøkjande hit, i år reknar ein kanskje med 30 000.

Villrein og moskus
Connie har med seg diverse “effektar” som ho brukar i formidlinga; ulike gevir av reinsdyr, horn av moskus, reinskinn og moskusskinn, og klauver av ulike hjortedyr. Alt dette får folk kjenne på og koma nært inntil, og slik lære om skilnaden på dei ulike dyra, og til dømes lære forskjellen på horn og gevir. Connie har òg eit teleskop på stativ der publikum kan få sjå dyra. Ofte er det moskus som er i kikkerten, men av og til kan det vera ein reinsflokk som trekkjer inn på ei snøfonn i fjella omkring.


Litt av "effektane" Connie har med seg i naturrettleiinga: klauver av ulike hjortedyr, horn av moskus, reinsdyrgevir, reinskinn og moskusskinn. Foto: Kjell Bitustøyl

Litt av “effektane” Connie har med seg i naturrettleiinga: klauver av ulike hjortedyr, horn av moskus, reinsdyrgevir, reinskinn og moskusskinn. Foto: Kjell Bitustøyl

Skape engasjement
Connie er oppteken av å setje naturrettleiinga inn i ein større samanheng der forvalting av naturressurssar og naturverdiar er viktig. «Å knyte kulturarven til dette er også ein del av dette», fortel Connie, som meiner at det handlar ikkje berre om å informere, men òg om å få folk til å bli glade i naturen. Då vil dei òg bli engasjerte i, og opptekne av å ta vare på naturen.

Menneskeleg ressurs den viktigaste
Raymond Sørensen, nytilsett leiar ved Norsk villreinsenter på Hjerkinn, legg vekt på dei menneskelege ressursane i formidlinga ved Norsk villreinsenter. Og i så måte er naturrettleiinga ved viewpoint SNØHETTA svært viktig. Etter fleire år med slik sesongprega formidling konkluderer han med at dette har vore svært vellykka. Bygget viewpoint SNØHETTA er ein attraksjon i seg sjølv og folk kjem òg for å sjå det spektakulære bygget. «For Norsk villreinsenter er det difor svært viktig å vera til stades her med god formidling om villreinen og naturen elles i området», seier han. Han meiner det er fornuftig bruk av ressursar å få til ei slik levande formidling, ein når lengre ut med dette enn berre plakatar og liknande type informasjon. «Når det gjeld sjølve fangstminneparken ved villreinsenteret, hender det at naturrettleiaren òg opererer her, men dette er eit anna produkt, og det viktigaste er å vera der folk er», seier Raymond Sørensen.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing