Kalveteljing på Hardangervidda


Ein av dei to store flokkane fotografert under kalveteljinga i juni. Foto: Olav Strand

Ein av dei to store flokkane fotografert under kalveteljinga i juni. Foto: Olav Strand

I juni månad blei det gjennomført kalveteljing i området mellom Songavatn, Kvenna og Kvennsjøen på Hardangervidda. Dette er over ein månad før ein til vanleg gjennomfører slik kalveteljing. Til saman fann ein 1732 kalv, summen av alle dyr som blei talt opp var 5580. Av desse var 428 bukk. Dette betyr 50,6 kalvar per 100 simler/ungdyr.

Hardangervidda er eit av områda som fylgjast opp i Overvåkingsprogrammet for hjortevilt. Les også saka “Årets kalvetellinger” (villrein.no).

I alt blei 25 flokkar funne, to av dei var svært store. Dei andre var mindre flokkar. Teljinga blei gjennomført med helikopter og villreinforskar Olav Strand var med og fotograferte. Sjå bilet i galleriet under og videosnutt mot slutten av saka (alle foto/video: Olav Strand).

Sjølve teljinga er gjort med utgangspunkt i fotografi. For dei store flokkane sin del er dette gjort ved å setje saman fleire utsnittsbilete. Ni radiomerka simler var i dette området og åtte av dei blei fotografert då teljinga gjekk føre seg. Ei simle blei ikkje funne, men ved hjelp av GPS-signal fann ein i etterkant ut at denne var i nærleiken av der alle bukkeflokkane gjekk.

Last ned notatet frå teljinga, for meir informasjon og detaljar.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing