Ingen ekstrajakt i statleg regi


Mattilsynet har snudd i saka om statleg felling av bukk i Nordfjella og på Hardangervidda. Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Mattilsynet har snudd i saka om statleg felling av bukk i Nordfjella og på Hardangervidda. Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

I fylgje avisa Hallingdølen har Mattilsynet snudd i saka om felling av 107 bukkar i Nordfjella sone 2, slik at no skal denne fellinga spreiast over to år og med det ingen ekstrajakt i statleg regi i år i sone 2.

Dette kom fram på det årlege informasjonsmøtet før jaktstarten på Geilo og i Aurland førre veka. Bakgrunnen for Mattilsynets opphavlege plan om ekstra felling var at ein ynskte å felle minst 107 bukkar ekstra i Nordfjella sone 2 og 750 ekstra bukkar på Hardangervidda etter ordinær jakt, for å få mest mogleg sikre svar på om skantesjuken har spreidd seg til sørsida av fv 50. Og grunnen til at ekstrajakta var retta mot bukk, er at det er funne flest positive prøver på bukkar.

Mattilsynet snudde
Desse planane fekk kraftig motbør lokalt, frå både villreinnemnder og villreinutval. Ein var i fylgje Hallingdølen blant anna redd for at dette ville utrydde bukken i Nordfjella sone 2. Det kom òg kritiske røyster til at statleg felling blei bestemt lenge etter at fellingskvotane under den ordinære jakta var fastsett. Leiar i Nordfjella villreinutval, Sigmund Tveitehagen, seier til avisa at det er positivt at Mattilsynet har lytta til lokal forvaltning og snudd i saka. 

Med det blir det berre ordinær jakt frå 20. august til 20. september i Nordfjella i år. Kor stor bukkekvoten blir til neste år er då avhengig av kor mange bukkar som blir felt i år. Vinterstamma i Nordfjella er i fylgje siste teljing på ca. 500 dyr.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing