Informasjonsmøte om villrein i Bykle


Foto: Kjell Bitustøyl

Foto: Kjell Bitustøyl

Lokalet på Bykle hotell var stappfullt då villreinforskar Olav Strand frå Norsk institutt for naturforskning og Norsk villreinsenter heldt foredrag om villreinen i Setesdalsheiane. Foredraget er eitt av fleire i samband med det landsdekkande verdiskapingsprogrammet ”Villreinfjellet som verdiskaper”. Den lokale nemninga i Agder er ”Kunnskapsformidling om villrein og villreinfjell”.

Jørn Haug, områdeforvaltar i Setesdals Vesthei, Ryfylke- og Frafjordheiane (SVR), orienterte heilt i starten om det fireårige verdiskapingsprosjektet ein er i gang med i SVR.

Reinen – tilpasningsdyktig, men sårbar

Olav Strand sitt bidrag denne kvelden dreia seg rundt villrein og ferdsel, bestandsutvikling og overvaking. Få kjenner villreinens vandringar så godt som Strand, han har vore sentral i GPS-merkinga som har gått føre seg sidan 2001. Han sit òg på eit stort og interessant biletmateriale frå Hardangervidda der fleire simler hadde påmontert kamera eit heilt år. Strand legg ikkje skul på at dette er noko av det som rører han aller mest; reinens utrulege evne til å overleve i dei strengaste omgjevnader, vinter, snø og kulde. Ikkje minst gjeld dette simlene som gjennom ein vinter med berre vedlikehaldsføde – lav, greier å produsere eit foster, ein reinkalv som til blir født rundt midten mai. Men dette er òg den mest sårbare tida for reinen, det nye livet skal få føde og vekse til. Om simla er i for dårleg kondisjon på grunn av til dømes dårleg beite eller mykje uro, forstyrring, i den mest kritiske perioden, kan dette føre til kalvedød eller svake kalvar. Mistar ein reinkalv mor si på eit tidleg stadium er det òg svært kritisk.

Pilene peikar oppover i Setesdal

Strand legg òg vekt på at reinen er eit sosialt dyr, og ikkje minst eit dyr som er svært tilpassa ulike årstider. Strand gjekk vidare meir spesifikt inn på reinen lokalt og framheva at ein gjennom streng regulering av bestanden i Setesdal Ryfylke har fått til betre kondisjon hjå reinen, pilene peikar oppover i motsetnad til andre område, til dømes Hardangervidda. Målet for denne delen av forvaltninga har vore å få opp bukkeprosenten i stamma, 10-20 % bukk etter jakt, ifylgje Strand.

Teljing ei formidabel utfordring

Han var elles innom tema som miljøkvalitetsnormen for villrein, der det ikkje minst handlar om lokal tilpassing. Elles brukte han òg tid på dette med fragmentert forvaltning, der er mange ulike vald i Setesdalsheiane som kan vera svært krevjande. Han informerte òg om utfordringar i samband med teljingar, teljingar som er sjølve grunnlaget for fastsetjing av kvotane. Her meinte han at område som Forollhogna og Hardangervidda har ein fordel med det opne og flate viddelandskapet, medan Setesdalsområda med djupe dalar særleg i ytterkantane har ei formidabel utfordring i høve til teljing.

Det viktigaste – arealene

Strand kom elles med ei oppfordring. Ikkje bruk for mykje tid på jaktforvaltning, ein må kanskje finne seg i eit fredingsår inniblant, sjølv om jaktkortsal er viktig for økonomien. Men det er viktigare med ivaretaking av areal, her er lokalt engasjement det som må til!

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing