Info- og dialogmøter om ”Villreinfjellet som verdiskaper”


Ellen Korvald til høyre i bildet er prosjektansvarlig fra Buskerud fylkeskommune, mens Torill Olsson fra MIMIR er prosjektleder. Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Ellen Korvald til høyre i bildet er prosjektansvarlig fra Buskerud fylkeskommune, mens Torill Olsson fra MIMIR er prosjektleder. Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Fire opne møte om forprosjektet ”Velkommen til villreinfjellet” har blitt halde i bygdene rundt Hardangervidda og Nordfjella: Tinn, Geilo, Ullensvang og Lærdal i perioden 11. april til 2. mai. Frammøtet har variert noko, frå 10 til 25 deltakarar. Innspela har vore mange, nokon er felles, andre er spesifikke.

Dei som har reist rundt for å informere, lytte til og notere seg publikums tilbakemeldingar, har vore prosjektansvarleg Ellen Korvald frå Buskerud fylkeskommune, prosjektleiar Torill Olsson frå Mimir AS og Kjetil Heitmann som arbeider med besøksstrategi for Hardangervidda nasjonalpark og dei andre verneområda rundt Hardangervidda. Norsk villreinsenter Sør ved leiar Marianne Singsaas skal ha ein koordinerande rolle. Prosjektet kjem elles midt oppi rulleringa av regionale planar for både Hardangervidda og Nordfjella, dette er i fylgje Ellen Korvald planar som skal bidra med rammer for verdiskaping. Stikkord er bruk og vern og handlar om bruk av villreinens leveområde i eit langsiktig perspektiv.

”Ein god ide?”
Det viktigaste spørsmålet ein stilte seg var naturleg nok: ”Er dette med villrein som utgangspunkt for reiselivsattraksjon/verdiskaping noko å satse på?” Det blei i denne samanheng frå innleiarane lagt vekt på at forprosjektet er av undersøkjande karakter. ”Kan ein gjennomføre eit slikt prosjekt utan å skade villreinen?” var eit sentralt spørsmål i så måte.

Byggje bru
Prosjektleiar Torill Olsson frå Mimir har arbeidd med rådgjeving for reiselivet med fokus på berekraft. Ho tok utgangspunkt i at villreinen er lite kjent utover i landet, og jobben hennes blant anna går ut på å finne fram til aktørar som kan sjå moglegheiter i eit slikt prosjekt. Med utgangspunkt i det me veit om villrein og ferdsel, meinte ho at det kan vera mogleg å byggje ei bru mellom det ho kalla ”menigheten” og reiselivet. Ho la vekt på at villreinen høyrer til i historia om Noreg, og at verdiskapinga i form av utmarksnæring og jakt kan vidareutviklast gjennom eit slikt prosjekt. Som eit døme nemnte ho kulturminne, som ikkje minst handlar om at folk ynskjer å lære. 

Olsson opererte med to nivå: 

  1. Det å gjera fjellet meir spennande – ’der finst villrein der inne’
  2. Dette handlar om å ta betre vare på natur og kultur

Som døme nemnde ho at folk slik betre kan akseptere løypestenging pga. villreinen. Å fortelje ei ”ekte” historie om villreinen er sentralt. Men Olsson var òg innom at dette handlar om økonomi – at dei som legg ned ein innsats skal kunne tene pengar i høve til denne innsatsen.


Fjellet kan kanskje gjerast endå meir spennande; ’der finst villrein der inne’. Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Fjellet kan kanskje gjerast endå meir spennande; ’der finst villrein der inne’. Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Besøksstrategi/besøksforvaltning
Kjetil Heitman representerer Fylkesmannen i Hordland i verdiskapingsprosjektet, som er ansvarleg for gjennomføring av besøksstrategien. Heitman arbeider med besøksstrategi for verneområda på Hardangervidda: Hardangervidda nasjonalpark, landskapsvernområda Skaupsjøen/Hardangerjøkulen og Møsvatn Austfjell med Hondle fuglefredingsområde, og Bjoreidalen naturreservat. Heitman viste til at nasjonalparkar er turistmagnetar i mange land, og at Stortinget har gjort vedtak om auka bruk av verneområde til turisme. Vern blir slik sett på som eit kvalitetsstempel på eit naturområde.

”Kva er ein besøksstrategi?” spurde Heitman og skisserte opp tre hovudmål for besøksforvaltning, som han kalla det:

  1. Fyrst av alt handlar det om å ta vare på verneverdiane
  2. Så handlar det om å gje dei besøkande god opplevingar
  3. Og sist skal ein bidra til størst mogleg verdiskaping

Heitmann presiserte at blir det konfliktar i høve til denne besøksforvaltninga, skal omsynet til verneverdiane vega tyngst.

Heitman orienterte om merkevarestrategi for nasjonalparkane der Miljødirektoratet utarbeider ein felles grafisk profil. Her nemnde han at besøksstrategien må sjåast i samanheng med randområda der ferdsla inn til verneområda startar, med blant anna skilting, informasjon og annan tilrettelegging.

Tiltaksplan
Sjølve besøksstrategien skal handle om sårbare verneverdiar, besøkjande og grunneigarar/andre som har rettar, og reiselivet/lokal verdiskaping. Moglege konfliktar m.m. skal kartleggast, og det heile skal munne ut i ein tiltaksplan. Ein slik plan skal syte for at verneverdiane ikkje blir skadelidande samtidig som ein skal leggje til rette for besøk og verdiskaping. Innhaldet skal baserast på vitskapleg kunnskap.

Det er fylkesmennene og tilsynsutvala i dei tre fylka som er prosjektleiarar og utgjer styringsgruppa. Planen er at besøksstrategien skal koma som eit utkast og sendast ut på høyring hausten 2018. 

I samband med rullering av forvaltningsplanen kan det i fylgje Heitmann opnast for å leggje om eller leggje ned stigar/løyper. Her vil Norsk institutt for naturforskning (NINA) koma med sine tilrådingar basert på tilgjengeleg kunnskap. Eit konkret døme: Dersom ein stig har fleire passerande enn 30 personar døgnet i eit utsett område for villreinen, kan denne ferdsla påverke villreinen negativt. Slike utsette område har fått namnet fokusområde. På Hardangervidda, som i mange andre villreinområde, treng ein meir kunnskap om ferdsla i desse områda før ein gjer alvor av strategiske grep. Slike grep kan i fylgje Heitmann vera å styre ”massetursimen” til randsonene, medan ”nisjeprodukta” kan vera lenger inne på vidda.

Eit av fleire konkrete punkt i besøksstrategien er å opprette ei eiga nettside. Andre moglege tiltak som er skissert opp, er t.d. opparbeiding av stigar og stadar å opphalde seg, guiding, oppretting av besøkssentra m.m. 

Innspel frå dei opne møta
Dei som møtte fram representerte i store trekk ei blanding av forvaltning/det offentlege, grunneigarar/rettshavarar og reiseliv/næringsliv.  

Generelt
Generelt blei det uttrykt bekymring over at næringsutviklinga skal føre til auka uro for reinen. Samtidig ser aktørar innafor næringslivet for seg moglege måtar å utvikle/styrke næringa på. Og mange meiner det er historia og kulturen som skal formidlast. Ynskjet om meir kunnskap er sterkt, kunnskap som aktørane kan møte gjestene med. Eit sentralt omgrep er informasjon, både i form av god og ”rett” skilting, samt at dei besøkande må lære seg ”skikk og bruk” i fjellet”. Eit meir generelt trekk var òg at ein må byggje på eksisterande bedrifter og aktivitetar og forsterke dei tilboda som finst, altså styrke eksisterande kassaapparat som er bygdenære. 

Dei ulike stadane
Det kom ulike framlegg frå dei fire stadane. Frå Skinnarbu blei det lagt vekt på at prosjektet bør ende opp som ein tiltaksplan. Her etterløyste ein òg ein felles infrastruktur for å knyte saman og marknadsføre allereie eksisterande tilbod, ein felles informasjonsstrategi for Hardangervidda og eit samarbeid på tvers av forvaltningsgrensene.

På Geilo var ein positive til å utvikle berekraftige opplevingar og formidlingssopplegg rundt villreinen. Her ville ein gjerne få meir informasjon om kva som var greitt og kva som ikkje var greitt. Ein la òg vekt på at temaet stemmer bra med ”utviklinga” og ynsket om autentiske opplevingar.

Frå Eidfjord kom det signal om at mange besøkjande, særleg utlendingar, ynskjer å koma inn på vidda og sjå villrein, eit ynskje som er urealistisk, men som kan møtast med bruk av bilete, bruk av råvarer m.m. I høve til turisthyttene ynskjer ein betre dialog mellom forvaltning og dei som driv turisme i fjellet, ettersom mykje er uklart og lite formålsteneleg. Å drøfte moglegheiter og avgrensingar i høve til allemannsretten var eit innspel som kom frå Eidfjord. Drøfting av marknadsføring ved bruk av sosiale media, jf. Trolltunga, var òg eit tema.

I Lærdal kom det opp framlegg om å bruke eksisterande fangstanlegg som utgangspunkt for formidling/historieforteljing. Mat og kultur rundt villrein var òg oppe. Frå Lærdal, som er i den spesielle situasjonen med skrantesjuke, blei det uttrykt at den største uroa knyter seg til at kunnskapen og kulturen rundt villreinen skal forsvinne når reinen er borte. Dette utifrå ei erfaring med villaksen som var borte over ein lang periode. Også her var sosiale media eit tema, korleis ein skal takle dette fenomenet, som kan brukast positivt, men som òg kan spreie informasjon ein ikkje ynskjer, til dømes om sårbare område.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing