Hjorten frå Møre og Romsdal hadde “atypisk CWD” som er mindre smittsam

Veterinærinstituttet har funne ut at hjorten frå Møre og Romsdal som nyleg fekk påvist skrantesjuke, hadde ein type CWD som er mindre smittsam, meir lik den typen som er funne på dei tre elgane i Trøndelag.

Seniorforskarane Sylvie Benestad og Petter Hopp ved Veterinærinstituttet har i ein artikkel publisert 3. november forklart forskjellane på dei to typane av skrantesjuke som me så langt har fått påvist her i landet. Hjorten frå Gjemnes i Møre og Romsdal som nyleg fekk påvist skrantesjuke, visar seg å ha ein type CWD som liknar den ein har funne hjå dei to elgane i Selbu og elgen i Lierne.
 

To typar skrantesjuke

I fylgje Benestad og Hopp kan CWD-typen som er funne på dei sju villreinane i Nordfjella ikkje skiljast frå den smittsame typen som over tiår har spreidd seg i USA og Canada. Denne blir gjerne kalla klassisk CWD. Av 8700 undersøkte elg – 3800 av desse i Trøndelag – og 4500 hjort som er undersøkte så langt i Noreg, er det påvist tre elgar og éin hjort med diagnosen atypisk CWD. Denne typen manglar ein enno mykje kunnskap om, men prøvene viser at denne typen er forskjellig frå CWD som er funne på villrein i Nordfjella.


Snitt av hjerne fra rein med klassisk CWD til venstre, og snitt av hjerne fra elg med CWD til høyre. Foto Sylvie Benestad/Veterinærinstituttet.

Snitt av hjerne fra rein med klassisk CWD til venstre, og snitt av hjerne fra elg med CWD til høyre. Foto Sylvie Benestad/Veterinærinstituttet.

Det mest karakteristiske er at medan ein hjå villreinane har gjort funn både i hjernen og i lymfeknutane, er det berre i hjernen til elgane og hjorten at ein har påvist CWD. Professor Atle Mysterud ved Institutt for biovitenskap ved Universitetet i Oslo understrekar at påvising i lymfeknutane gjev ein indikasjon på at typen er smittsam, medan den andre atypiske varianten kan være ein sporadisk form av prionsykdom og kan ha oppstått utan ytre påverknad, altså ikkje nødvendigvis at individet har blitt smitta utanfrå.
 

Rammar ulikt

Dei tre elgane og hjorten var alle dyr over 13 år, medan den yngste av dei smitta villreinane var tre år. Mysterud fortel at atypiske prionsjukdommar førekjem både hjå menneske og husdyr som sau og storfe med ein låg frekvens.  Så langt ein kjenner til kan dyr som blir ramma, daude utan at smitten blir overført til andre dyr. Viss atypisk CWD er sporadisk, venter ein at det er tilfeldig fordeling av tilfelle i tid og rom. Det var difor ein blei skeptisk i 2016 med to tilfelle hjå elg i Selbu. No har det med eit nytt tilfelle hjå elg i Lierne og hjort i Gjemnes, blitt langt meir spreiing geografisk. Dette er kva ein kan vente seg viss det er sporadisk sjukdom, men det er framleis for tidleg å konkludere sikkert med så få tilfelle, meiner Mysterud. Er det sporadisk sjukdom, burde ein finne tilfelle tilfeldig i heile landet. Ein føresetnad her er likevel at andre forhold som genetikk og aldersfordeling blant dyra er likt, og dette er ikkje kartlagt.
 

Mange hjortedyr blir testa

Klassisk prionsjukdom rammar som oftast yngre individ, heilt ned til eitt år. Men sjukdomen er vanlegast hjå dyr som er to år og eldre og smittar mellom dyr gjennom spytt, urin, avføring og etterbyrd. Sjukdomen spreier seg seint, men sikkert, dersom ein ikkje gjer noko for å stoppe utbreiinga, ifylgje Benestad og Hopp. Dei to forskarane understrekar at mange hjortedyr blir testa no. Og så lenge ein berre finn atypisk CWD på elg og hjort, er det enno framleis håp om å kunne ta vare på friske bestandar av villrein og anna hjortevilt, dersom ein lykkast i å reinske ut det ein veit er klassisk, smittsam CWD. Og håpet er sjølvsagt hjå alle at denne smittsame CWD-typen ikkje er å finne i andre område enn Nordfjella sone 1.
 

Les artikkelen til Benestad og Hopp her.

 

villrein.no – Kjell Bitustøyl


Illustrasjonsbilde. Foto: Peter G. W. Jones.

Illustrasjonsbilde. Foto: Peter G. W. Jones.