GPS-merking av villrein – eit tilbakeblikk


385 klavar er påmontert villrein sida 2000. Kunnskapen dei har generera er unik. Foto: Anders Mossing

385 klavar er påmontert villrein sida 2000. Kunnskapen dei har generera er unik. Foto: Anders Mossing

Norsk villreinsenter ynskjer i ein tredelt artikkelserie å setje fokus på GPS-merking av villrein i Noreg. Her kjem fyrste del som blant anna omhandlar bakgrunn for merking, historikk i ulike område og tal på merka dyr.

Det er i år 17 år sidan dei fyrste villreinsimlene i Noreg fekk påsett GPS-klavar for å vera forsøksdyr i eit prosjekt som ein den gongen definitivt ikkje visste omfanget av. No mange år etter kan forskarane, og etter kvart også forvaltinga, sjå tilbake på ei datamengde og ein kunnskap om dyras vandringsmønster, trekkruter og arealbruk som ein aldri har vore i nærleiken av tidlegare. Denne kunnskapen har blitt svært viktig for forvaltninga av villreinens leveområde.

Hardangervidda fyrst ute
Det var i 2001 at det fyrste forskingsprosjektet med GPS-sendarar blei sett i gang på Hardangervidda. Roy Andersen i Norsk institutt for naturforskning (NINA) har sidan 2009 vore feltansvarleg for dei ulike GPS-prosjekta, medan forskar Olav Strand har styrt prosjekta sidan starten i 2000. Det fyrste prosjektet på Hardangervidda var eit reint NINA-prosjekt, seinare ble dette utvida slik at brukarane fekk større medverknad. Villreinutvalet for Hardangervidda hadde til å begynne med sekretariatet for styringsgruppa i prosjektet. Frå 2009 overtok Norsk villreinsenter Sør ved Anders Mossing og Lena Romtveit.


Foto: Kjell Bitustøyl

Foto: Kjell Bitustøyl

Det var konfliktane rundt riksveg 7 som utløyste merkeprosjektet på Hardangervidda. Vinteropen veg over Hardangervidda har vore eit konfliktfylt tema i fleire omgangar, og Direktoratet for Naturforvaltning (no Miljødirektoratetet) foreslo at vegen skulle stengast vinterstid etter at det ble bygd nytt hovudvegsamband mellom Aust- og Vestlandet gjennom Lærdal. Forslaget om stenge vegen vinterstid utløyste omfattande konfliktar. Blant anna resulterte det i at Stortinget bad dåværande Samferdselsdepartementet og Miljødepartementet om å skaffe meir kunnskap om konsekvensen av open riksveg 7 på villreinen. Dette prosjektet blei avslutta i 2005. I etterkant kom det eit politisk vedtak om å etablere ei overvakingsordning av reinens bruk av dette området, og at det skulle innførast ein prøveordning der vegen kunne stengast når det kom større reinflokkar i nærområda.

 

Prosjektet på Hardangervidda har difor blitt vidareført for å skaffe fram viktig kunnskap om villreinens arealbruk (sjå blant anna): http://villrein.maps.arcgis.com/apps/MapJournal/index.html?appid=0fd34670f09e40b182a33c25d5fcfea6)

GPS-data frå dette prosjektet har òg gjeve oss viktig kunnskap om andre delar av Hardangervidda, til dømes Imingfjell. Villreinutvalet har brukt desse data aktivt for å utforme fredingssoner i jakta. Desse sonene har til hensikt å syte for at reinen får ein meir naturleg arealbruk også i denne perioden av året.

Setesdal kjem med
Erfaringane med merkeprosjektet på Hardangervidda vekte interesse òg i andre villreinområde der ferdsel og inngrep er dei største utfordringane for forvaltninga. Frå og med 2006 kom ein t.d. i gang med eit slikt prosjekt i Setesdal Vesthei, som er rekna for å vera eit av Noregs mest marginale villreinområde. I dette området er det i løpet av dei siste 50 åra gjort svært omfattande inngrep i form av vasskraftutbygging, vegar i tilknyting til disse anlegga, hyttebygging i randsonene og auka ferdsel. Forvaltninga her har difor hatt store utfordringar både med bestandsforvaltninga og bevaringa av dei områda som er att av leveområdet for reinen. 

Året etter, 2007, kom òg Setesdal Austhei med. I dette området har det òg vore store konfliktar lokalt, blant anna i samband med planar om meir hyttebygging og utbygging av vindkraftverk i kalvingsområda.

Slike konfliktar utløyser oftast òg konfliktar om kunnskapsgrunnlaget. Ein hadde difor behov for å starte eit prosjekt som kunne avklare kunnskapsgrunnlaget for forvaltninga. Prosjekta i Setesdalsområda etablerte seg med breitt samansette styringsgrupper med representantar frå kommunane, fylkesmennene, vegvesen, kraftregulantane, turistforeningane, villreinutval og villreinnemnd. 


Foto: Anders Mossing

Foto: Anders Mossing

Rundt same bord
Desse prosjekta var unike; for fyrste gong sat eit fullstendig tverrsnitt av aktørane som brukar villreinfjellet rundt same bord. Her var blant anna tema som: Kva kunnskap treng me? Korleis skal me skaffe oss denne kunnskapen? No, meir enn 10 år seinare, har ein fått svar på dei aller fleste spørsmåla som ble stilt. Ein har òg dokumentert ei rad overordna utfordringar, blant anna at der er ein mykje brukt, men veldig sårbar trekkorridor ved Bjørnevatn. 

Vidare har ein dokumentert at trekkvegane på tvers av Setesdalen, mellom dei to villreinområda, stort sett har gått tapt, og at moglegheitene for reinstrekka nordover til Hardangervidda òg er sterkt redusert som fylgje av hyttebygging ved Vågsli. Ein fekk òg dokumentert at det framleis kan vera ein trekkorridor nordover ved Ulevå, men her er det ein føresetnad at nye tunellar på europaveg 134 blir bygde på riktig plass. Vidare at Setesdal Vesthei er delt i to på grunn av utbygginga av Blåsjø- og Svartevassmagasinet, og at det her kan vera riktig å flytte nokre turisthytter og leggje om nokre løyper. Ein fekk òg dokumentert at Brokke-Suleskardvegen ser ut til å vera i beskjeden konflikt med villrein, under føresetnad av at ein fører vidare ordninga der vegen blir vinterstengd frå 1. november.

Styringsgruppa for prosjektet på Vestheia har arbeidd vidare med basis i desse resultata og har kome opp med ei rad forslag til avbøtande tiltak som har som hovudmål å gjera det mogleg for villreinen å ha ein meir naturleg bruk av heile heiområdet. 


Vegproblematikk er sentralt i fleire av prosjekta. Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Vegproblematikk er sentralt i fleire av prosjekta. Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Nordfjella og Finsetunnelen
Nordfjella villreinområde kom òg med i 2007, også her blei finansieringa meir som eit spleiselag mellom ulike aktørar. Problemstillingane i dette området var å skaffe fram generell dokumentasjon på villreinens arealbruk og teste effektane av blant anna ferdsla. For Nordfjella blei kartlegging av trekket over Finsetunnelen viktig, og for fyrste gong fekk ein solid dokumentasjon på at tunnelar kan bli til viktige vandringsområde for villrein. Desse resultantane har òg hatt verknad på debatten kring riksveg 7 på Hardangervidda. NINA har konkludert med at ein eller fleire lengre tunnelar er den mest berekraftige løysninga her, når omsynet til både samferdsel og villrein skal takast vare på. 

Regulantane i Nordfjella er pålagt eit omfattande anleggsarbeid i samband med rehabilitering og forsterking av damanlegga i Nordfjella. Data frå dei GPS-merka dyra er brukt for å optimalisere dette arbeidet, slik at det kan gjennomførast mest mogleg rasjonelt og utan at det har negative skadeverknader på reinen.

Snøhetta, Rondane og Knutshø
Snøhetta villreinområde kom med i 2009. Bakgrunnen for dette prosjektet var tilbakeføringa av forsvarets skytefelt på Hjerkinn og konfliktane som oppstod i samband med Snøheim turisthytte og vegen inn til Snøheim. 13 dyr blei radiomerka fyrste året for å kartlegge beitetrekka og effektane av vegar og ferdsel i dette området. Også her blei det etablert ei breitt samansett styringsgruppe for prosjektet med representantar frå alle ulike brukargrupper. Styringsgruppa deltok aktivt i utforminga av problemstillingane i prosjektet og i gjennomføringa av eit stort tverrfagleg forskingsprosjekt som enda opp i rapporten «Horisont Snøhetta». Same året sette ein òg i gang i Rondane villreinområde, der seks simler blei merka fyrste året. Rondane er eit langt, smalt villreinområde med omfattande hyttebygging og svært mykje ferdsel. Resultatane frå prosjektet viser at dei gamle trekkrutene over Dovrefjell er fullstendig blokkert, og at Rondane i dag er delt opp i tre fragment som fylgje av ferdsel, blant anna inn til Rondvassbu. Resultata frå prosjektet blir i dag brukt i arbeidet med å finne fram til avbøtande tiltak. Ein har blant anna starta med å flytte turisthytta «Gråhøgdbu» og leggje om løypenettet i tilknyting til denne hytta.

Det blei og merka nokre dyr to sesongar i Knutshø-området. Desse radiosendarane fungerte i perioden 2010 til 2017. I både Snøhetta og Rondane har GPS-merkinga halde fram i fleire år. I Snøhetta fram til 2015, med fungerande radiosendarar i perioden 2009 til 2017. I Rondane held ein på framleis og seinast i 2017 blei det merka fire nye dyr.

Villreinprosjekt Langfjella
Status for GPS-merkinga i områda i sør er at einskilde prosjekt har blitt avslutta, medan andre er sett i gang att eller vidareført. I skrivande stund blir det arbeidd med å få i gang eit nytt prosjekt i Setesdal Austhei og i Brattefjell-Vindeggen. GPS-merkinga har i mange tilfelle hatt mykje å seie for forvaltninga, både som verktøy i samband med generell bestandsovervaking og i meir konkrete enkeltsaker. I tillegg til dei konkrete forskingsresultata og dei omfattande datasetta har GPS-merkeprosjekta òg samla mange ulike aktørar med dels ulike målsetjingar rundt same bord. Dette har ført med seg konstruktive diskusjonar om kunnskapsbehov og løysningar som tek omsyn til folk, samfunn og villrein.


Skrantesjuka hadde ikkje blitt oppdaga så raskt utan merkeprosjektet. Foto: Lars Nesse

Skrantesjuka hadde ikkje blitt oppdaga så raskt utan merkeprosjektet. Foto: Lars Nesse

Våren 2016 oppdaga ein skrantesjuke i Nordfjella som fylgje av radiomerking. Sjukdommen hadde ikkje blitt oppdage så raskt utan merking, og ein har i dag stor nytte av dei merka dyra i samband med nedkjempinga av denne sjukdomen.

Totalt tal på merka dyr
Roy Andersen kan opplyse om at det per dags dato er sett på til saman 385 klavar på villrein sidan 2000, dette inkluderer også ein del VHF-sendarar. Dette talet er ikkje identisk med talet på dyr, då det har hendt at ein har sett på ein ny radiosendar på same dyret viss sendaren har slutta å virke. Oversikten oppsummert for dei ulike områda ser slik ut:

  • Hardangervidda – 148 
  • Setesdal Vesthei – 65
  • Setesdal Austhei – 24
  • Nordfjella – 48
  • Vest-Jotunheimen – 2
  • Snøhetta – 46
  • Knutshø – 11
  • Rondane – 41

I andre del av denne artikkelserien vil me rette fokus på nokre av utfordringane ved merking av dyr, slikt som isingsproblematikk og andre moment knytt til dyrevelferd. Denne kjem på trykk i neste veke.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing