Dyregraver – sikraste minnet om gammal fangstkultur


Teikning av dyregrav med elg og rein, frå helleristnningsfeltet ved Sporanes i Rauland. Illustrasjon: Kjell Bitustøyl

Teikning av dyregrav med elg og rein, frå helleristnningsfeltet ved Sporanes i Rauland. Illustrasjon: Kjell Bitustøyl

Alle fjellområde som har hatt villrein gjennom lange tider, kan vise til dei sikraste og mest synlege kulturminna om tidlege tiders fangst av rein: dyregravene. Dei er mange og dei finst i mange område, alt etter kor dei beste jakt- og fangstmarkene har vore. Sogeskrivar og folklorist Rikard Berge (1881-1969) skriv i bokverket om Vinje og Rauland utførleg om ”dyrestupune”, som han kallar dei.

Det er sjølvsagt Hardangervidda det er snakk om, og Rikard Berge skriv at av det matnyttige viltet i fjellbygdene, er det villreinen som er den gjævaste. I kjent dialektstil ordlegg han seg slik om villreinen (språket er modernisert litt) : ”Villreinen hev frå utgamal tid haldi til på Viddi, og der han hev havt støde i nyare tid, der heldt han nok til i fyrndetidi.  Gamle veidarar kann peike på vissaste veidestróki. På Ugleflott og der i kring kunde ein mest alltid vente å finne dyr.” Vidare skriv Berge om området mellom Hardangervidda og Setesdal: ”Med Storenut såg Sveinung Sørensson ei mura dyrestupe so skir; han grov i botntufti og då låg der liksom grindspolar. I Vinje-heidane er ævur etter stupur, radt vestimot byte med Setesdal”

Heldt seg like eins i tusen år
Berge skildrar ulike funnstadar, men skriv òg meir generelt: ” Veidemåten med dyrestupur er nok ’gamal som alle haugar’. På Sporanes er stupur millom helleristningane, med dyri jamsides. På sume bilæte er det tverrit (tverrstrekar) yvi figuren, det er for stokkane som låg til åsar i tekkjjingi; slike var det Sveinung Sørensen fann i botnen på grefti. Det var soleis ei primitiv tilstelling, som heldt seg like eins i tusundvis år. Veidemåten med stupur er omtala i dei gamle norske lovene og gjeng att i Christian V’s norske lov”.

Naturherlegdom
Så fortel Berge den kjende soga om ein syskenflokk der eigedomen skulle delast, og der den som fekk fyrstevalet, valde dyregravene og fisket i fjellet. ”Desse fråsegnine lærar oss koss livekåri var, lat oss segja for tusund år sidan, koss folk såg på naturherlegdomane då, og kva som gav vissaste livemåten. Det tyder oss au kvi busetjingi den tid gjekk hågare til fjølls.”

Om korleis ei slik dyregrav fungerte ordlegg Berge seg slik: ”Dyrestupa var ei greft yvi 3 alner lang og halvonnor aln brei, gravi ned i jordi. Ho var som sagt tekt med strangar, pådytt torv og stein og tildekka so taket såg ut som hitt lendet. Når dyret kom fljugande, rende det beint åt grefti og vart sitjande fast mellom strangane, til veidaren kom og avliva.”

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing