Dei fyrste sportsjegerane


Lordehytta i Folarskardet. Unglordens mest trufaste ven og hjelpesmann Lars Lein sit framfor hytta han fekk bygt for Unglorden, Charles John S. G. Canning, i 1880. Foto: Børresen 1908, utlånt av Hol bygdearkiv

Lordehytta i Folarskardet. Unglordens mest trufaste ven og hjelpesmann Lars Lein sit framfor hytta han fekk bygt for Unglorden, Charles John S. G. Canning, i 1880. Foto: Børresen 1908, utlånt av Hol bygdearkiv

Dei fyrste sportsjegerane i Noreg kom frå Storbritania. Den aller fyrste som har skrive om sportsjakt på rein er engelskmannen William Bilton. På bakgrunn av to turar til Noreg på reinsjakt i Rondane, gav han i 1840-åra ut ei bok der han fortel om desse turane. Seinare skulle det bli mange fleire jegerar. Ein familie som har sett mange spor etter seg i så måte er Lordane Garvagh frå Nord-Irland, dei var òg mellom dei fyrste.

Ein av dei mest kjende minna om Garvagh-lordane er Lordehytta i Folarskardet i Hallingskarvet. Steinbua er frå 1880 og det var “Unglorden” Charles John S. G. Canning (f.1852) som fekk sett opp denne bua, byggmeister var fjellførar og jeger Lars Lein frå Hallingdal. Men dette var  slett ikkje den fyrste hytta desse lordane fekk bygd. Grunnen til denne hyttebygginga var enkel, hyttene blei sett opp nærast mogleg reinstrekka slik at det skulle bli enkelt å jakte. Det var “Gamlelorden”, Charles Henry S. G. Canning (1826-1871) som fekk sett opp den fyrste hytta i desse fjellområda, Flatnoshytta på Aurlandsida av det me i dag kallar Nordfjella. Her var det eit uvanleg godt reinstrekk.


Frå Folarskardet mot nord, Lordehytta ligg så vidt over kanten ca i midten av biletet. I bakgrunnen ser me inn i Nordfjella, blant anna Reineskarvet. Foto: Kjell Bitustøyl

Frå Folarskardet mot nord, Lordehytta ligg så vidt over kanten ca i midten av biletet. I bakgrunnen ser me inn i Nordfjella, blant anna Reineskarvet. Foto: Kjell Bitustøyl

Til Rondane fyrst
Før han kom Aurlandsfjella og det som no blir kalla Skarvheimen, jakta Gamlelorden i Rondane, dette var så tidleg som i 1850-åra. Dei engelske lordane som etter kvart kom til Rondane for å jakte rein, blir rekna som dei fyrste turistane i dette området. Og som vanleg var på denne tida, hadde dei med seg lokale jaktfølgje og kjentmenn. Paul og Tor Rommundgård heitte dei som var med Gamlelorden. Lorden fekk bygd seg tre steinbuer i området, i 1859-60, Tor Øygarden frå Sel sette opp desse buene, det var Høgeloftbua, Ljosåbua og Garvaghbua/Gråhøbua.  

Øydela jakta
Men mange var skeptiske til måten engelskmennene dreiv jakt på. Dette var ei tid då jakta ikkje var regulert og ein kunne jakte til alle årstider, og hyttene gjorde det mogleg å jakte midt i reinstrekket. Forfattar J. A. Friis meiner at ein på denne måten øydela jakta.  Engelskmennene hadde skote ein heil del dyr dei fyrste åra, “saa ledes at det nu er en sjeldenhet å finne reinsdyr der”, skriv Friis i 1876. Og etter at det hadde minka med rein i Rondane, flytte lordane seg til “Hardangerfjellene og begynte med hyttebyggeri der”, skriv Friis. Han kritiserer sterkt denne forma for jakt: “Å skjule sig i en hytte like ved reinens vei og skyte fra denne eller ved bare å gå noen skritt fra den, er en ugentlemansmessig måte å komme reinen til livs på, som ikke fortener navn av sport eller jakt.”

Sankt Pål
Gamlelorden fekk bygd 5-6 hytter i  Skarvheimen, alle svært godt plasserte i høve til reinstrekka. Og trass i at denne sportsjakta blei kritisert av fleire, fekk Gamlelorden eit godt ord på seg, han var raus mot alle og einkvar han kom i kontakt med. Fjelltoppen Sankt Pål (Sankt Paul) ved Finse har namnet sitt frå Gamlelorden, etter at han hadde sett toppen i kveldssol, noko som minna han om kyrkja St. Paul katedralen i London.

Unglorden
Unglorden fortsette i fotefara til faren, men han skulle òg koma til å få andre interesser, han blei blant anna reineigar ein periode, i 1880 blir han medeigar med 100 dyr i flokken til “Raggsteindalen tamrenhjord” saman med blant andre Lars Lein. Elles handlar soga om Unglorden om mykje anna enn jakt, han heldt seg mykje i Lordehytta i Folarskardet, her blei det klyvja opp dyr vin, champagne og hermetikk. Og boksamlinga i bua skal ha vore omfattande.

Motstanden aukar
Det høyrer med til denne soga at sjølv om dei engelske jegerane på eit tidleg stadium blei eit førebilete for mange norske sportsjegerar, auka motstanden etter kvart mot eit stigande tal utanlandske jegerar, både engelske og tyske. Ein var redd for at utlendingane skulle overby dei norske i konkurransen om dei beste jaktterrenga. At det fleire stader blei jakta så hardt at villreinstammene nesten blei utrydda, er ein kjennsgjerning, og mange utlendingar fekk ord på seg for å ha ein svært låg jaktmoral. Når det er sagt kom sjølvsagt jakta utført av bygdefolks òg inn som ein faktor. For sjølv om dei norske jegerane kunne vera dyktige jegerar, kan ein vel heller ikkje sei at dei hadde ein plettfri vandel. Skilnaden gjekk meir på at bygdejegerane fyrst og fremst dreiv med matauk.

Alt stoff i denne artikkelen er henta frå Knut Medhus og Eivind Østbye si bok “Lordane Garvagh – pionerar i fjella våre.”

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing