Bør ferdsla på Hardangervidda avgrensast meir?


Det var ei bredt samansett gruppe som møttes på Geilo for å diskutere villrein og ferdsel. Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Det var ei bredt samansett gruppe som møttes på Geilo for å diskutere villrein og ferdsel. Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Norsk villreinsenter Sør (NVS Sør) hadde invitert mange sentrale og viktige aktørar til eit seminar om ferdsel og villrein på Hardangervidda dagane 25.-26. oktober på Geilo. Fleire prosessar er i gang: rullering av regional plan, besøksstrategi for verneområda og «Villreinfjellet som verdiskapar». Med desse som bakteppe og villreinen i fokus fekk me ein presentasjon av ulike brukargrupper og deira aktivitet. Frammøtet var svært bra, og meiningane var mange, men ord som gjekk att var dialog og samarbeid.

EDIT: Oppdatert med foredrag juni 2019.

Endre Lægreid, leiar i for villreinnemnda for Hardangerviddaområdet, var møteleiar. Han sa at det, uansett bruk, handlar om å sikre villreinen. Sjølve seminaret var elles todelt: eine delen handla om oppdatering av kunnskapen, den andre om presentasjon av ulike brukargrupper.


Endre Lægreid (tv) og Vemund Jaren. Foto: Kjell Bitustøyl

Endre Lægreid (tv) og Vemund Jaren. Foto: Kjell Bitustøyl

Miljødirektoratet

Vemund Jaren frå Miljødirektoratet drog opp både historiske trådar og framtidige strategiar der sikring av villreins leveområde er det essensielle. Desse strategiane må basere seg på både erfaringskunnskap og resultat frå aktuell forsking, sa Jaren. Han informerte om den pågåande kartleggingsprosessen for utbygging av vindkraft i regi av Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), og han var innom “Villreinfjellet som verdiskapar” der ferdsel er og blir ei sentral problemstilling. Her er det bygdenære område som skal ha det primære fokus, for slik å skjerme dei sentrale områda i nasjonalparken for auka ferdsel. Jaren var òg innom arbeidet med miljøkvalitetsnorm for villrein. Og han la på ein måte malen for dette seminaret ved å leggje vekt på dialogen som metode, ikkje minst dialog med nye brukargrupper.

Presentasjon “Bakgrunn og forventningar til seminaret”, Vemund Jaren, Miljødirektoratet.


Øistein Aasland. Foto: Kjell Bitustøyl

Øistein Aasland. Foto: Kjell Bitustøyl

Forvaltning av verneområda

Forvaltning av verneområda på Hardangervidda var temaet for Øistein Aasland frå Fylkesmannen i Hordaland. Han var innom aktuelle tema som besøksstrategi som del av forvaltingsplanen, ein plan som skal ut på høyring. Denne strategien handlar om korleis ein skal møte dei besøkande i eit verneområde. Me fekk òg vita at ein kulturminneplan for nasjonalparken lenge har vore på gang, men at det ser ut til at meir “mas” må til for å få fortgang i denne prosessen. Adressa her er Hordaland fylkeskommune. Aasland oppsummerte med at det finst seks ulike forvaltningsorgan for Hardangervidda: tre tilsynsutval og tre fylkesmenn. Dette var eit tema som dukka opp seinare, då fekk seminardeltakarane presentert ein modell for ei framtidig forvaltinga av nasjonalparken, basert på modellen frå andre nasjonalparkar.

Presentasjon: “Forvaltning av verneområda på Hardangervidda”, Øistein Aasland, Fylkesmannen i Vestland.

Forvaltningsplan for Hardangervidda nasjonalpark kan lastast ned her.


Ellen Korvald. Foto: Kjell Bitustøyl

Ellen Korvald. Foto: Kjell Bitustøyl

Regionplan – rullering

Ellen Korvald frå Buskerud fylkeskommune er kjent frå arbeidet med regionalplan for Hardangervidda, ein plan som no er inne i ein rulleringsfase. Korvald presiserte at dette er ein plan som mest handlar om områda utanfor nasjonalparken, men at tiltaka i planen naturleg nok får konsekvensar for villreinen både utanfor og i nasjonalparken. I handlingsprogrammet til den regionale planen ventar ein enno på analyseresultata frå ferdsleprosjektet før til dømes prosjektet «Friluftsliv og villrein» kan sluttførast. «Villreinen som reiselivsattraksjon» er derimot gjennomført som forprosjekt. Dette er svært aktuelle tema også framover sidan nye problemstillingar har kome til; altså “tilpasse kartet til landskapet”. Konkret nemnde ho Imingfjell og Lufsjåtangen, ei eventuell omdefinering av villreinareal til stølsareal i Valldalen og i samband med turismeutbygging i Sysendalen. Ho stilte òg, som mange andre på seminaret, spørsmål om me ikkje no er komne dit at ein må avgrense ferdsla i dei mest sårbare områda. Tidsramma for rulleringa av den regionale planen er at ein tek sikte på å koma i mål innan dei nye fylkeskommunane ser dagens ljos.

Presentasjon: “Regionalplan for Hardangervidda”, Ellen Korvald, Buskerud fylkeskommune.


Torill Olsson. Foto: Kjell Bitustøyl

Torill Olsson. Foto: Kjell Bitustøyl

“Villreinfjellet som verdiskapar”

Mykje av kunnskapen som blei presentert på seminaret var kjent frå før, det nye var meir at ein no ser dei ulike ideane, planane og prosessane meir i samanheng med kvarandre. Dette gjeld òg verdiskapingsprosjektet “Velkommen til villreinfjellet” der Torill Olsson frå MIMIR står sentralt. Ho snakka om synergien mellom villreinhistoria og næringsutviklinga, og viste til at ein av dei store historiene om Norge bør vera om villreinen. Det er i fylgje Olsson ein utruleg fascinerande historie som er viktig for den norske identiteten. Poenget ho held fram er at villreinen får fleire venner gjennom auka kunnskap, altså utvide “menigheten”. Ho ser det som vesentleg at “hennar” prosjekt blir koordinert med dei andre prosjekta som er på gang, t.d. besøksstrategien og ferdsleprosjektet, sjølv om ho innrømte at alt ikkje er optimalt koordinert.

Presentasjon: “Verdiskapingsprosjektet Velkommen til villreinfjellet”, Torill Olsson, MIMIR.


Olav Strand. Foto: Kjell Bitustøyl

Olav Strand. Foto: Kjell Bitustøyl

Villrein og ferdsel

Villreinforskar Olav Strand frå Norsk institutt for naturforskning (NINA) og Norsk villreinsenter (NVS) auste av sin store kunnskap om hovudpersonen i dette seminaret, villreinen på Hardangervidda. Leveområda, reinen som årstidsdyr, kva som særmerkjer reinen her, kalvingsområde, problematikken rundt riksveg 7 og GPS-merking, ikkje minst. Her gjer Strand seg til talsmann for at GPS-merkinga fyrst og fremst er til for forsking og kunnskapsproduksjon og ikkje eit eigna verktøy for god forvaltning. Strand var òg innom jakt og bruk av fredingssoner, som ser ut til å vera eit vellykka tiltak, særleg i vest.

Det blei livleg debatt og velkjende tema og posisjonar dukka opp, med særleg fokus på kva menneskeleg ferdsel har å seie for villreinens bruk av vidda. Eit stridsspørsmål dreiar seg rundt kva det er som gjer at reinen no over ein lengre periode for det meste nyttar områda sør for Kvenna til sommarbeite. Er det ferdsel på turiststigane, er det snøskutertrafikk på Vestvidda om våren eller er det andre faktorar? Kva med kalvingsområda i Telemark, kva betyr dei? Nokre svar fekk me i løpet av seminaret blant anna i form av ein førebels rapport, men endelege tal og analysar frå ferdselsprosjektet ligg ikkje føre før i 2019. Det er elles inga overdriving å konkludere med at dette var hovudproblemstillinga i dette seminaret.

Presentasjon: “Villreinen og leveområdet på Hardangervidda”, Olav Strand, Norsk villreinsenter/NINA.


Vegard Gundersen. Foto: Kjell Bitustøyl

Vegard Gundersen. Foto: Kjell Bitustøyl

Ferdselprosjektet

Forskar Vegard Gundersen frå NINA presenterte metodane og resultata førebels frå ferdselsprosjektet på Hardangervidda, men var forsiktig med å konkludere. Ein er enno ikkje ferdig med systematisering og etterarbeid i høve til materialet som er samla inn, dette inkluderer målingane frå teljeapparat som har vore plasserte ut på mange ulike stigar. Han meinte elles at det endelege materialet han skal leggje fram skal vera grunnlaget for vidare diskusjon og ei prioritering basert på best mogleg faktagrunnlag.

Han var innom både vanleg fotturisme og dei “nye” brukarane av vidda: kitarar, syklistar, hundespann m.m., altså det han kalla spesialisering. Her brukte han eit fyndord som gjekk att i mange innlegg: kanalisering av trafikken for å skjerme villreinen. Av konkrete døme som var framme er særtilfellet Trolltunga med ein enorm trafikkauke, problemstillinga omkring turistvegen Haukeliseter-Hellevassbu, vegen mellom Tinnhølen og Sandhaug, altså nokre av dei såkalla fokusområda. I høve til kva eller kven som er moglege å “styre” for å få til ei kanalisering, meinte Gundersen at fyrstegongsbrukarane var den viktigaste gruppa, ei gruppe som mellom anna består av mange utanlandske turistar. Bruken til lokale og andre folk som har ei meir stadbunden næring i nasjonalparken er derimot ei anna side ved kanaliseringa det er meir krevjande å handtere.

Presentasjon: “Ferdsel på Hardangervidda”, Vegard Gundersen, NINA.


Vebjørn Håvardsrud. Foto: Kjell Bitustøyl

Vebjørn Håvardsrud. Foto: Kjell Bitustøyl

Brukargruppene – fjellstyra

Vebjørn Håvardsrud representerte Fjellstyra på Hardangervidda. Han var bl.a. innom at for mange fjellstyre handlar dette òg om økonomi. Kven skal betale for at område kanskje blir skjerma for ymis bruk? Her foreslo han at staten som grunneigar burde sikre ei grunninntekt for å få til ei meir stabil drift. Elles nemnde Håvardsrud at deira eigen aktivitet på vidda naturleg nok òg skaper trafikk, og at også denne trafikken kan måtta tilpassast.

Presentasjon: “Fjellstyra”, Vebjørn Håvardsrud, Fjellstyra på Hardangervidda.


Per Helge Sekse. Foto: Kjell Bitustøyl

Per Helge Sekse. Foto: Kjell Bitustøyl

Nye rute på vestvidda?

Per Helge Sekse, leiar i Hardangervidda grunneigarsamskipnad (HG), kom kanskje med seminarets mest dramatiske og minst kjende framlegg frå før. Legg ned DNT-hytta Torehytta og opprett i staden ein turiststig langsmed Eggi over Sørfjorden, altså ei kanalisering av trafikken. Dette av di HG meiner at platået rundt Hårteigen er ekstra viktig for villreinen. Fleire meinte at dette var eit bra forslag, utan at det blei opna for vidare debatt om så konkrete forslag på dette stadiet i prosessen. Sekse gjorde seg elles, som mange andre, til talsmann for dialog og samarbeid, men understreka respekten for grunneigarretten. Kvar tilrettelegging for ferdsle skal gå føre seg, var altså eit tema for HG. Sekse meinte at grunneigarar bør stille opp i høve til kanalisering av trafikken meir mot ytterkantane av vidda. Her blei det meir snakk om fredingssoner, og Håvardsrud la fram ynskje frå fjellstyra om at ein må prøve å få meir rein på nordsida av Bjornesfjorden. Fredingssonene i aust har så langt ikkje fungert særleg godt.

Presentasjon: “Hardangervidda Grunneigarsamskipnad”, Per Helge Sekse, HG.


Siri Hafnor. Foto: Kjell Bitustøyl

Siri Hafnor. Foto: Kjell Bitustøyl

Stisykling

Siri Hafnor frå stedsutviklingsfirmaet Sa-Ho AS representerte brukargruppe stisykling. Ho sa rett ut at ho ynskte seg morosame sykkelopplevingar, og at stisykling er ein megatrend. Så er spørsmålet: tilrettelagte stigar eller bruke naturlege stigar? Hafnor kunne vise til Trysil der meir tilrettelegging for sykkel er på full fart inn, dette gjeld òg på Geilo og i Nesbyen. Det handlar om organisert og uorganisert aktivitet og at sosiale medium er sterkt inne i biletet. Folk legg ut sine eigne forslag til spennande stigar for sykkel. Det gjekk eit slags ”lettelsens sukk” gjennom forsamlinga då ho fortalde at Hardangervidda enno ikkje har vore særleg attraktiv i slike prosjekt. Men på spørsmål svara ho at det kan koma, aktiviteten er brukarstyrt langt på veg. Allemannsretten blei elles trekt fram, denne gjeld òg for syklistar, men ikkje organiserte turar. Frå somme kom det fram synspunkt på at terrengsykling bør samanliknast med snøskuter, men samtidig ynskjer styresmaktene meir tilrettelegging for sykling i verneområde. Hafnor understreka at syklistar sjølvsagt ikkje ynskjer å øydeleggje i verna område, men at ein er avhengig av god informasjon.

Presentasjon: “Stisykling”, Siri Hafnor, Sa-Ho AS.


Bjørn Kaupang. Foto: Kjell Bitustøyl

Bjørn Kaupang. Foto: Kjell Bitustøyl

Kiting

Bjørn Kaupang, drivar av Haugastøl turisthytte, tok for seg temaet kiting, eitt tema som mange villreinforkjemparar ser med ein viss skepsis på. Kaupang fortalde at mesteparten av det dei driv med vinterstid er kiting, ein relativt ny sport som har funne seg svært godt til rette langsmed riksveg 7 mellom Haugstøl og Dyranut. Dette er eit svært så vindsikkert område, faktisk eitt av dei beste for kiting i heile verda, i fylgje Kaupang. Som tilfellet er for sykling, er heller ikkje kitarane særleg godt organisert. Kaupang slo fast at kiting ikkje berre veks og veks som mange trur, men faktisk er veksten på veg ned, då det er ein dyr sport, for dyr for mange folk. Han la elles vekt på at kitinga fangar opp mange unge som fell utanfor den vanleg idretten. I høve til villreinen var Kaupang klar på at om det er villrein i området, skal det ikkje gå føre seg kiting. Kitarane har i så måte eit godt samarbeid med Statens naturoppsyn (SNO). Kaupang la vekt på dette gode samarbeidet og meinte at såkalla turkiting/ekspedisjonskiting innover vidda går føre seg i svært liten målstokk, og at om kitarane innom eit visst areal til dømes kunne disponere eit område 950 m breitt på båe sider av riksveg 7, kunne det vera ein idé.

Det kom fram litt anna syn på omfanget av turkiting/ekspedisjonskiting i debatten, fleire meinte det var på veg opp. Det blei òg hevda at kiting i andre område, til dømes rundt Haukeliseter, i mindre grad er underlagt den type sjølvjustis som kitarane langs riksveg 7 ser ut til å ha. Til dømes blei det nemnt at fleire kitekurs blir haldne utan at det blir informert om desse. Det blei teke til orde før at det bør koma eit regelverk også for kiting, gjerne i samband med forvaltningsplanen for Hardangervidda nasjonalpark.

Presentasjon: “Kiting”, Bjørn Kaupang, Haugastøl turisthytte.


Ralph Johannesen. Foto: Kjell Bitustøyl

Ralph Johannesen. Foto: Kjell Bitustøyl

Hundekøyring

Ralph Johannesen representerte hundekøyrarane på vidda, som er ein rein vinteraktivitet. Også han kunne forsikre om at deira aktivitet er gjort i samarbeid med SNO, og at dei ynskjer seg eit endå tettare samarbeid. Han kunne referere til at det i så måte ikkje har vore konfliktsaker. Han meinte at det òg for det meste er lokalkjende folk som driv med dette, og som ikkje publiserer til fleire om turane sine. Dei er ikkje interesserte i at det blir fleire folk, sa Johannesen. Som òg hadde erfart at reinen i liten grad er redd for hundespanna. Me fekk òg vita at hundespanna i stor grad fylgjer kvistaløypene til DNT. Her meinte Johannesen at DNT bør fjerne stikkene langs sine løyper på vestvidda meir aktivt etter påske, for nettopp å hindre trafikk i dei meir sårbare områda for reinen. Det kom elles fram av fleire DNT-hytter ynskjer seg hundespann nettopp i perioden etter påsketrafikken, av økonomiske omsyn, og at denne trafikken kan bera preg av organiserte turar.

Brukargruppene fekk honnør for at dei ynskjer å ta omsyn til reinen. Men etter denne brukarsekvensen blei det debatt omkring varsling på bakgrunn av radiomerka dyr. Her blei det hevda at ein òg må ha eit system når ein ikkje veit kvar dyra er. Eit opplegg med meir bygdenære merka løyper blei òg lufta, blant anna med erfaring frå Folldal. Men som for dei to andre gruppene blei allemannsretten også her henta fram som argument frå brukarane.

Presentasjon: “Hundekjøring”, Ralph Johannesen, Team Dagali.


Anne Marie Aamelflot-Hjelle. Foto: Kjell Bitustøyl

Anne Marie Aamelflot-Hjelle. Foto: Kjell Bitustøyl

DNT

Anne Marie Aamelflot-Hjelle, fagsjef naturforvaltning i DNT, tok fatt i nettopp dette med allemannsretten og meinte at dette òg handlar om allemannsplikten. Ho var òg ein av mange på dette seminaret som tok til orde for dialog og samarbeid, i staden for å skyte på kvarandre, som ho sa det. Ho la vekt på at DNT ynskjer å vera ein ansvarleg samfunnsaktør og at ein tek på alvor til dømes at ein ikkje skal auke trafikken i sårbare område for villreinen. DNT har ein eigen strategi med dette formålet: ”bidra til vern av villrein”. Konkret kan dette, og har dette, ført til omlegging av ruter og flytting av hytter. Eit anna felt ho meinte at dei kan bidra med, er betre informasjon på hyttene om at ein skal ta ekstra omsyn til villreinen. Det er snakk om ein ny villreinplakat. Ho var og innom informasjon på nett, t.d. ut.no, der ein må få med flest mogleg aktørar.

I høve til GPS-merking og informasjon om kvar dyra er til ein kvar tid, blei det frå villreinforskar Olav Strand framheva at me må vekk frå denne praksisen og heller operere med det han kallar sonering, altså kvar det er greitt å ferdast og når det er greitt i høve til villreinen.

I kjølvatnet av DNT’s fokus på informasjon tok leiar av NVS Sør, Marianne Singsaas, ordet og meinte at om du søkjer på ordet Hardangervidda på nett, kjem det opp aktørar som anten er brukarstyrte eller kommersielle. Ho etterlyste ”forvaltningsstemma” i det digitale landskapet, altså ei type nettside som er meir underlagt kvalitetskontroll.

Aamelfot-Hjelle la avslutningsvis vekt på at det ikkje berre er DNT som skaper trafikk, men at ein må sjå på summen av all aktiviteten, all ferdsla. Men sjølvsagt skal DNT vera med, kanskje redusere på etablerte tiltak og utfordre allemannsretten i einskilde område med bakgrunn i naturmangfaldsloven, sa ho.

Presentasjon: “DNT”, Anne Marie Aamelflot-Hjelle, DNT Oslo og omegn.

Fokusområde

Olav Strand presenterte fokusområda for villrein på Hardangervidda ved hjelp av eit interaktivt kart utarbeidd av NVS, og korleis ein har kome fram til desse. Desse ligg for ein stor del utanfor sjølve nasjonalparken. Det er forvaltninga på Hardangervidda som har bede NVS om å leggje fram ei slik prioriteringsliste med basis i den kunnskapen ein så langt har henta inn om ferdsle, konfliktområde osv. Men som det blei sagt i debatten etterpå: Desse fokusområda kan endrast og nye kan koma til, ikkje minst med tanke på at det òg skal gjerast analysar i løpet av vinteren 2019. Strand presiserte at ein må skape robuste system for framtida i høve til ferdsel og komande utfordringar, klima m.m.

I dette perspektivet kom det òg opp ei bekymring frå fleire for komande sti- og løypeplanar i kommunane, kva kan ein gjera for å legge til rette for at desse ikkje blir reine utbyggingsplanar der villreinen i liten grad er med? Medan det ein treng er meir planar om kanalsering, omlegging og kanskje nedlegging av løyper. Og i høve til den regionale planen blei det sagt at all ferdsel byrjar utanfor nasjonalparken, noko som sjølvsagt er eit viktig moment å ha med seg i høve til villrein og ferdsel.

Presentasjon: “Hva er et fokusområde?”, Olav Strand, Norsk villreinsenter/NINA.


Kjetil Heitmann. Foto: Kjell Bitustøyl

Kjetil Heitmann. Foto: Kjell Bitustøyl

Besøksstrategi

Under temaet besøksstrategi kom naturforvaltar Kjetil Heitmann innom kva for innfallsportar til vidda som skal prioriterast som ein lekk i kanalisering av ferdsla. Det blei òg tydleg korleis fleire av dei prosjekta som blei presenterte: ferdsle, regionalplan, verdiskapingsprosjektet og besøksstrategi heng saman og til dels er avhengige av kvarandre. Når det gjeld besøksstrategien har ein kome eit stykke på veg i høve til å konkretisere moglege tiltak. Eit eksempel på kanalisering Heitmann la fram var t.d. å opprette eit utkikkspunkt langs med riksveg 7.

Mange av innlegga i debatten konkluderte med at ein må vente endå litt til før ein kan koma vidare i denne prosessen. Den som alle peika på var Vegard Gundersen i NINA som skal koma med sine analysar om ferdsel på Hardangervidda i løpet av 2019.

Presentasjon: “Besøksstrategi”, utkast til høring”, Kjetil Heitmann, Naturforvalter AS.


Stein Byrkjeland. Foto: Kjell Bitustøyl

Stein Byrkjeland. Foto: Kjell Bitustøyl

Ny forvaltningsmodell?

Endå eit stort tema stod på dagorden på dette seminaret. Stein Byrkjeland frå Fylkesmannen i Hordaland presenterte eit utkast til ein ny og etterlengta forvaltningsmodell for Hardangervidda nasjonalpark. Her var seminardeltakarane delt i minst to grupper, dei som kjenner denne årelange debatten frå før, og dei som ikkje hadde innsikt i dette temaet og som hadde mindre føresetnader for å forstå kor komplisert denne prosessen er og har vore. Stutt oppsummert handlar dette om ein skal gå inn på ein forvaltningsmodell som alle andre nasjonalparkar i Noreg med eitt nasjonalparkstyre og for Hardangervidda sin del – tre nasjonalparkforvaltarar. Alternativet er å fortsetje med dagens ordning med seks aktørar. At ”gulrota” er av økonomisk art fekk me klar beskjed om frå Byrkjeland, i tillegg gav fleire i debatten uttrykk for at det vil vera ein stor fordel for fleire av dei andre prosessane som er på gang at ein ny modell kjem på plass.

Ein var så vidt innom samansetjinga av eit eventuelt nasjonalparkstyre, men me såg nok her berre ein svak kontur av den debatten som må koma rundt om Hardangervidda der tunge aktørar skal på banen for å lose denne prosessen i hamn. Det er nok definitivt ikkje siste gong villrein.no skriv om denne saka.

Presentasjon: kommer.


Marianne Singsaas. Foto: Kjell Bitustøyl

Marianne Singsaas. Foto: Kjell Bitustøyl

Drastiske tiltak kan koma

Avslutningsvis oppsummerte Marianne Singsaas frå NVS Sør at den fasen ein no gjeng inn i handlar om å setje konkrete tiltak ut i livet, om desse verkar 100 % kan ein derimot ikkje vera sikker på. Ordstyrar Endre Lægreid takka for eit godt seminar og minna oss på at det handlar om å få med seg ei verktøykasse som gjer oss i stand til å møte nye ”trendar”, slik at ein ikkje kjem på hælane i høve til framtida for villreinen. Han la heller ikkje skjul på at dette kan føre med seg drastiske tiltak. Det er lov å tenkje slik som fleire gjorde: kanskje innføre ei prøveordning med å stengje turisthytter og leggje om stigar? Eller kanskje innføre strengare reglar for bruk av snøskuter i vårmånadane på vestvidda for å få fostringsflokkane til å nytte sommarbeita i vest?

Program for dagen.

Andre presentasjonar:

“Hva sier ferdselsprosjektet om konflikter villrein og ferdsel?”, Vegard Gundersen, NINA.

“Fokusområder i regional plan og handlingsprogrammet”, Ellen Korvald, Buskerud fylkeskommune.

Norsk villreinsenter vil etter kvart koma med ein utfyllande seminarrapport.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing/Lena Romtveit