Alpinutbygging i Sysendalen?


Villrein på nordvestvidda, i bakgrunnen Lægreidsoksla og Lægreidsnutane. Foto: Kjell Bitustøyl

Villrein på nordvestvidda, i bakgrunnen Lægreidsoksla og Lægreidsnutane. Foto: Kjell Bitustøyl

I april kom beskjeden frå kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland om eit ja til eit moderne alpinsenter med alpinlandsby og nye fritidsbustadar i Sysendalen i Eidfjord. Vedtaket kan føre til ein reduksjon av nasjonalt villreinområde på Hardangervidda.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har landa på eit ja til denne utbygginga i Sysendalen, trass i at bl.a. tidlegare Fylkesmannen i Hordaland, no Fylkesmannen i Vestland, kom med motsegner grunngjeve i omsyn til villrein, viktige område for friluftsliv, og at utbygginga er i konflikt med regional plan for Hardangervidda, ein plan som i desse dagar er under revidering.


Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) har sagt ja til utbygging i Sysendalen. Foto: Torbjørn Tandberg

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) har sagt ja til utbygging i Sysendalen. Foto: Torbjørn Tandberg

Departementet har med dette vedtaket hatt siste avgjerande ord i denne saka. I eit brev frå KMD adressert til Fylkesmannen i Vestland datert 8. april 2019 finn me ein gjennomgang av saka. Det fylgjande er henta frå dette dokumentet. Bakgrunnen for det heile er at Eidfjord kommune ynskjer å byggje eit attraktivt tilbod i form av eit moderne alpinsenter. Føremålet er å utvikle alpindestinasjonen Eidfjord Resort, å formalisere ein tidlegare sti- og løypeplan for Sysendalen og å utgreie moglegheiter og konsekvensar ved bruksendring av fritidsbustadar til bustadar. I framlegg til detaljregulering for Eidfjord Resort Vest, er det planlagt 500 ferieleiligheiter og omlag 100 tomter for fritidsbustadar.

Eidfjord kommune

Eidfjord kommune hevdar at ein må kunne justere grensene i den regionale planen i ein konkret kommunedelplan. Kommunen meiner at det ikkje er sett noko særleg med villrein i området, og at området difor er meir marginalt når det gjeld villreininteressene. Det er opplyst frå Eidfjord kommune at ein forventar 75 årsverk når anlegget står ferdig og er i drift og om lag 40-60 årsverk i ringverknader.

Fylkesmannen

Tidlegare Fylkesmannen i Hordaland, no Fylkesmannen i Vestland, har kome med motsegner til desse planane, fyrst og fremst av omsynet til villreinen, men òg av omsyn til naturmangfald og friluftsliv i området. Fylkesmannen viser òg til at utbyggingsplanen er i strid med regional plan for Hardangervidda. Det er berre sone G, dvs. det som omfattar reiseliv, som opnar for alpinanlegg o.l. I sone B, som er nasjonalt villreinområde, er det berre tillate med mindre klart definerte og avgrensa tiltak. I sone C, det som heiter fjell og anna utmark, skal det heller ikkje tillatast fritidsbusetnad eller tiltak som alpinanlegg. Fylkesmannen peikar på at den regionale planen er vedteken av fylkestinga i dei tre fylka.

Klima- og miljødepartementet

Klima- og miljødepartementet (KLD) meinte at motsegna frå Fylkesmannen måtte takast til følgje, med bakgrunn i at denne planen vil føre til ein ny reduksjon av villreinens viktigste hensynssone (nasjonalt villreinområde). KLD skriv at den viktigaste føresetnaden for å ta vare på villreinen er å sikre tilstrekkelege areal med god kvalitet, og at ei av dei største utfordringane for villreinen er bit for bit-utbygging, noko som fører til at den samla belastninga blir for stor. KLD understrekar at dei regionale planane skal sikre ei arealforvaltning som balanserer bruk og vern av dei aktuelle fjellområda. KLD sin konklusjon var difor å støtte Fylkesmannens motsegn i avveginga mellom arealbehovet til villreinen og behovet for utbygging. Ein viser òg til at leveområda for villreinen sør for riksveg 7 skal vektleggast tyngre enn nord for riksvegen.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet

KMD viser òg til at Noreg har eit særskild ansvar for å ta vare på leveområda til villreinen. Samtidig viser ein til at området for utbygging har blitt redusert med om lag 600 dekar i høve til den opphavlege planen, slik at om lag 450 dekar av alpinanlegget vil liggje innafor nasjonalt villreinområde, mens resten av alpinlegget og heile fjellandsbyen vil liggje utanfor. I tillegg er det oppretta ei omsynssone for bevaring av naturmiljø, som blant at fører med seg at den delen av alpinanlegget som ligg innafor denne sona ikkje skal vera i drift i kalvingsperioden, dvs. frå 1. mai til 15. juni.


Drift av anlegget skal tilpassast reinens kalvingsperiode. Foto: Anders Mossing

Drift av anlegget skal tilpassast reinens kalvingsperiode. Foto: Anders Mossing

Og trass i motargument frå fleire hald, har altså KMD ved å vise til Eidfjord kommunes behov for heilårsarbeidsplassar, godkjent utbygginga for Sysendalan i samsvar med Eidfjord kommune sitt vedtak av 18. desember 2017. I denne saka som handlar om konflikt mellom viktig lokal næringsutvikling og omsynet til nasjonale villreininteresser, har næringsinteressene vunne fram. For å bøte på dei negative konsekvensane skriv KMD at “det er gitt føresegner om vidare reguleringsplanlegging for å motvirke økt ferdsel inn i villreinens leveområde, og andre tiltak for å ta omsyn til landskap, naturmiljø og friluftsliv.” Vidare legg ein vekt på at det ved revisjon av den regionale planen for Hardangervidda skal vurderast å finne areal som kan kompenserast for dei areala som no blir utbygd.

Reaksjonar

I etterkant av dette vedtaket har det naturleg nok kome reaksjonar. Frå villreinhald er det til dømes eit legitimt spørsmål knytt til kvar ein skal finne “areal som kan kompenserast for areala som no blir utbygd”. Skal det til dømes vera eit krav at desse areala må finnast i same kommunen som utbygginga går føre seg? Eller er det andre kommunar rundt Hardangervidda som på denne måten må ta “belastninga” ved å “avstå” areal til nasjonalt villreinområde?

FNs naturpanel

Ei tydleg stemme inn i debatten i etterkant har vore Bredo Berntsen, statsvitar, naturvernforkjempar og forfattar. I eit innlegg i avisa Klassekampen går han hardt ut mot vedtaket, med referanse til at Noreg har forplikta seg til å ta vare på naturmangfaldet og sikre at dei mest verdifulle naturtypane overlever. Berntsen meiner at denne utbygginga representerer eit prosjekt som kolliderer med vernet av villreinens leveområde. Det som no skjer på Hardangervidda er ein naturskandale som òg rammar Noreg som kulturnasjon, meiner han. Han referer at det i seinare tid har blitt lettare å byggje ned areala fordi regjeringa har flytta arealansvaret over frå KLD til KMD. Berntsen meiner at vedtaket handlar om å byggje ned eit vitalt naturområde på tvers av det omfattande relevante lovverket og regionalrådets målsetjing om å bevare villreinens leveområde.

Han viser òg til at saka er særleg aktuell på bakgrunn av FNs naturpanels nye rapport som viser til at tap av natur og anna miljøøyding no er eit blitt eit like stort trugsmål som klimaendringane. Relevansen til det som skjer på Hardangervidda er, i fylgje Berntsen, det som ligg i åtvaringa om at nedgangen i talet på ville pattedyr er dramatisk, og at dette skjer blant anna ved minkande leveområde.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing