13 villrein felt i Sogn og Fjordane


Arkivbilder fra Svartebotn i Sogn og Fjordane. Foto: Fredrik Stige

Arkivbilder fra Svartebotn i Sogn og Fjordane. Foto: Fredrik Stige

13 dyr ble felt under årets villreinjakt i Sogn og Fjordane, 10 dyr i Førdefjella og 3 dyr i Sunnfjord. I Lærdal-Årdal, Svartebotn og Vest-Jotunheimen var det ikke jakt i høst.

Sir Wølneberg Bøthun, sekretær i Villreinnemnda for Sogn og Fjordane påpeker følgende i sin oppsummering etter årets jaktsesong:

“Kommentarar:
Det er ikkje jakta i Lærdal-Årdal. Tildelte løyve var med tanke på å kunne justere ei registrert sterk skeivfordeling mellom kjønn i attverande stamme, der stamma var vesentleg redusert gjennom haust/vinter. Observasjonar ila sommaren tilsa at dette likevel ikkje vart naudsynt, villreinutvalet valde difor å halde att løyva for å få maksimal tilvekst dette året.

Det er ikkje jakta i Vest-Jotunheimen. Tildelte løyve var med tanke på å kunne ta ut skrantande dyr som ikkje var så svekka/skadd at dei kunne fellast som human avliving av lidande dyr. Dette med tanke på undersøking for sjukdom/parasittbelastning då stamma har hatt sterk nedgong siste haust/vinter. Det er misstanke om at sjukdom kan være medverkande, då det siste året er gjort fleire funn av dyr som har dauda på uforklarleg måte. Det vart ikkje observert svekka eller skrantande dyr under jakta der felling var tilrådeleg, løyva er difor ikkje nytta.

Svartebotnen var ikkje tildelt løyver for 2016. Det var ynskje om å sleppe stamma opp då ein har hatt ein reduksjon, høgst truleg grunna migrasjon. Dyra er i god kondisjon. Kalveproduksjonen var god også i 2015, noko som er merknadsverdig samanlikna med andre villreinområde i fylket.

Fresvik, den 28.10.2017
Siri Wølneberg Bøthun, sekr. villreinnemnda”

 

Last ned rapporten fra villreinnemnda (pdf)

 

villrein.no – Arne Nyaas