Setesdal Ryfylke


Setesdalsprosjektet

Frå 2006 til 2010 blei det gjennomført eit felles GPS-merkeprosjekt i Setesdalsheiane, som omfatta både Setesdal Austhei og Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane. Styringsgruppa i dette prosjektet var samansett av mange ulike brukarinteresser og dette spegla fokusområda som blei utpeika. I SVR har eitt av dei viktigaste fokusområda vore kryssinga i Steinsbuskaret og bruken av areala nord og sud for Blåsjømagasinet. Med bakgrunn i dette var det òg fokus på om denne barriereeffekten er med på å dele denne stamma i to nord-sør. Vidare var viktige fokusområde utvekslinga mot Austheia over Rv9, utvekslinga til Hardangervidda over E-134, lokalisering av kalvingsområde, vinterbeite og randområdebruken, særleg vestover og sørover. Det siste blei nærare undersøkt mellom anna ved å merke bukk, som generelt var etterspurt i dette prosjektet. Det blei endeleg gjennomført våren 2010, men det blei bare ein bukk som leverte data til prosjektet i denne perioden (den eine døde like etter merking). Men ved merkinga vinteren 2011, blei det merka 4 bukkar på vestheia, i tillegg til 6 simler.

NordfjellaMerking.jpg
10 dyr ble merket i løpet av to dager den 11. og 12. mars 2014; fire bukker og seks simler. Her en av bukkene. Foto: Roy Andersen, NINA

10 dyr ble merket i løpet av to dager den 11. og 12. mars 2014; fire bukker og seks simler. Her en av bukkene. Foto: Roy Andersen, NINA

 I 2013 blei det etablert eit nytt prosjekt med GPS-merka villrein i Setesdalsheiane, men denne gongen bare i Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane. Dette prosjektet bygger vidare på ein del av problemstillingane og fokusområda som blei utpeika gjennom det førre prosjektet, som blei avslutta i 2010.

Hovudmålet for det nye prosjektet er å auke reinens arealbruk i sørområdet. Dette målet arbeider ein for å nå gjennom testing av fleire tiltak. For å klare dette er det etablert tre arbeidsgrupper i prosjektet, som har kvar sine fokusområder:

  •  Nordområdet med fokus på områda rundt Blåsjømagasinet, Store Urevatn m.m.
  • Bestandsforvaltninga; å auke bestanden av rein i sørområdet i samarbeid med bestandsforvaltninga.
  • Sørområdet med fokus på mellom anna vegen frå Brokke til Suleskard.

 

Her kan du lese meir om det nye villreinprosjektet i Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane:

NVS Rapport 14/2014 (pdf)

"Full rulle i villreinprosjektet" (Villreinen 2014 - pdf)