Setesdal Austhei


Setesdalsprosjektet

Frå 2006 til 2010 blei det gjennomført eit felles GPS-merkeprosjekt i Setesdalsheiane, som omfatta både Setesdal Austhei og Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane. Styringsgruppa i dette prosjektet var samansett av mange ulike brukarinteresser og dette spegla fokusområda som blei utpeika.

På Austheia har det i tillegg til utvekslinga mot Vestheia over Rv9, vore eit viktig fokus på kryssinga ved Bjørnevatn på veg til og frå kalvingsområde og sommarbeite i sør og vinterbeite i nord. Her er det òg gjort analyser på kva innverknad denne kryssinga har på dyra med omsyn til stress/aktivitetsnivå, forsinking til kalvingsområda m.m. NINA publiserte ein eigen artikkel på akkurat dette i 2013, og denne kan du lese her: 

A road in the middle of one of the last wild reindeer migration routes in Norway: crossing behaviour and threats to conservation (pdf)

NordfjellaMerking.jpg

I 2011 blei det merka 4 simler på Austheia. Dette er siste gong det det blei merka dyr her i denne omgang, men der er per 2014 framleis to av desse sendarane som er aktive.

Sluttrapporten for Setesdalsprosjektet kom i 2011, og fullstendig versjon kan du lese her:

"NINA Rapport 694: Villreinens bruk av Setesdalsheiene. Sluttrapport fra GPS-merkeprosjektet 2006–2010. Olav Strand, Manuela Panzacchi, Per Jordhøy, Bram Van Moorter, Roy Andersen og Lars A. Bay" (pdf)

Dersom du bare vil ha kortversjonen, kan du lese oppsummeringa her:

NINA: Villreinens bruk av Setesdalsheiene. Oppsummering av resultater fra GPS-merkeprosjektet 2006-2010 (pdf)

 

Kart som syner fokusområda i Setesdal Austhei og Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane. Last ned kartet i større utgåve (jpf)