Nordfjellla


Merking

Då merkeprosjektet på villrein i Nordfjella kom i gang i 2006, var det mellom anna med bakgrunn i at ein ynskte å sjå nærare på villreinens bruk av desse leveområda, og samanhengen mot Hardangervidda. Nordfjella er eit område med mykje tung infrastruktur som vegar, jernbane og kraftutbygging, og reinens forhold til desse inngrepa er av særleg interesse.

NordfjellaMerking.jpg

Gjennom styringsgruppemøta er det kome innspel til meir konkrete fokusområde i Nordfjella for inneverande prosjektperiode. Dette er mellom anna kryssinga av Bergensbanen over Finsetunnellen, reinens bruk av områda rundt Geiterygghytta, bruken av områda sør for Hardangerjøkulen, kryssinga av Rv 50, forholdet til dei store vassdragsreguleringane med opne elver m.m.. I tillegg blei villreinens biologiske leveområde kartlagt og utgitt i ein rapport i 2010, i samband med oppstart av regionalplanarbeidet for området. Denne rapporten kan lastast ned her:

NINA Rapport 634: Villreinen i Nordfjella
 

I arbeidet med Regional plan for Nordfjella er det også gjennomført andre forskingsprosjekt med stor nytte for villreininteressene. Rapportane frå desse prosjekta finn du under fana "Regionale planer" og "Nordfjella". 

 

For meir informasjon frå GPS-merkeprosjektet i Nordfjella, sjå (pdf):

NVS Rapport 4-2010: Årsmelding 2009_GPS-merkeprosjektet på Hardangervidda og i Nordfjella

NVS Rapport 8-2011: Årsmelding 2010_ GPS-merkeprosjektet på Hardangervidda og i Nordfjella

NVS Rapport 10-2012: Årsmelding 2011_GPS-merkeprosjektet på Hardangervidda og i Nordfjella

NVS Rapport 11-2013: Årsmelding 2012_GPS-merkeprosjektet på Hardangervidda og i Nordfjella

NVS Rapport 12-2014: Årsmelding 2013_GPS-merkeprosjektet på Hardangervidda og i Nordfjella

NVS Rapport 15-2015: Årsmelding 2014 GPS-merkeprosjektet på Hardangervidda og i Nordfjella

Kart som viser fokusområdene i Nordfjella:

1)  Fjellvegen Aurland – Lærdal (Rv 243)

2)  Utveksling Nordfjella – Hardangervidda, samt Raudafjellområdet. Bergensbanen, Rallarvegen, Finseområdet og Uppsete

3) Geiteryggen, Rv 50

4)  Rv 52, Filefjell. Grense til tamreinområde

5) Austlege vinterbeite

6) Gravdalsområdet

7)  Kongsheller

8)  Viddals dammen. Utveksling til vinterbeite på Tarven.